Her er nokre av dei viktigaste sakene frå veka som gjekk.
Her er nokre av dei viktigaste sakene frå veka som gjekk.
Birgitte Vågnes Bakken, Åshild Slåen, Marie Knutsen Bruntveit
Publisert
Minst 84 personar er døde etter at Japan første nyttårsdag vart råka av eit kraftig jordskjelv.
Det skriv nyheitsbyrået Reuters. Noto-halvøya skal vere området som vart råka hardast.
I dagane etter skjelvet har redningsarbeidet vore ein kamp mot klokka, i kuldegradar og kraftig regn. Det har vore vanskeleg å kome fram med naudhjelp, og fleire stader er framleis avskorne frå omverda.
Ifølgje styresmaktene var det torsdag minst 79 personar det framleis ikkje var gjort greie for.
– Vi må halde fram å legge all innsatsen vår i å redde folk, sjølv etter det er gått 72 timar frå katastrofen, uttalar statsminister Fumio Kishida på ein pressekonferanse.
Fem personar er òg døde etter at eit passasjerfly frå Japan Airlines kolliderte med eit fly frå den japanske kystvakta på rullebana.
Flyet til kystvakta skal ha vore på veg til vestkysten av Japan med naudhjelp til dei jordskjelvramma. Dei 379 passasjerane og mannskapet på passasjerflyet vart trygt evakuerte, skriv NRK.
Nyåret har starta med fleire drapssaker. På årets tre første dagar var det tre drapshendingar, i Sørfold i Nordland, Elverum i Innlandet og Stavern i Vestfold.
Drapa føyer seg til ein dyster statistikk.
I 2023 vart 36 personar drepne i Noreg. Det er det høgste talet på ti år.
Ifølgje NTB starta politiet i 2023 etterforsking av 33 drapssaker med 36 offer. Ikkje sidan 2013 har talet på drepne vore over 30 personar.
Statistikken til Kripos syner at det i snitt har vore 27 drapsoffer i Noreg årleg sidan 2012.
Tysdag skal Hamas sin politiske nestleiar og to andre Hamas-toppar ha blitt drepne i eit droneåtak i Beirut i Libanon. Det melder fleire internasjonale medium.
Hamas har stadfesta på Telegram at toppleiaren Saleh al-Arouri vart drepen i åtaket, ifølgje NRK.
Ifølgje kanalen har Israel blitt skulda for å stå bak åtaket, men dei har ikkje tatt på seg ansvaret.
Den libanesiske militærgruppa Hizbollah er ein alliert av Hamas, og seier at dei vil straffe Israel.
– Hittil har krigen vore ein relativt avgrensa konflikt i Libanon. Det er overhengande fare for at den skal spinne ut av kontroll, seier Jørgen Jensehaugen, seniorforskar ved Fredsforskningsinstituttet PRIO til VG.
Den første veka etter nyttår har vore prega av snø og kulde, spesielt på Sør- og Austlandet. I Agder har det kome så store mengder med snø at brøytemannskapet har jobba på spreng, og Vegvesenet har tilrådd å unngå E18.
Skular har vore stengde, og fleire opplevde straumbrot i fylket, blant anna 700 personar torsdag morgon.
I tillegg er det venta ei kuldebølgje no i helga. Det kjem av kalde luftstraumar frå Sibir og Nordpolen som kjem sørvestover. Dette har allereie ført til kulderekordar i både Nord-Noreg og Nord-Sverige.
Natt til torsdag vart det offentleggjort ei liste med personar knytt til Jeffrey Epstein, skriv BBC. Milliardæren hadde frå før sona for hallikverksemd, og var i 2019 sikta for overgrep mot fleire mindreårige. Han tok livet sitt i fengsel i 2019 medan han venta på rettssaka.
Epstein hadde ein stor omgangskrins av kjende og viktige personar. Den tidlegare kjærasten hans Ghislaine Maxwell vart i 2022 dømd til 20 år i fengsel for menneskehandel.
Dokumenta som no er offentleggjorde, er frå eit søksmål frå 2015 der ei av kvinnene skulda paret for å ha utnytta ho. Søksmålet enda i forlik.
BBC skriv at det førebels ikkje er store overraskingar blant namna i dokumenta. Prins Andrew, Bill Clinton og Donald Trump er blant personane som dukkar opp. Ikkje alle som er nemnde i dokumenta, er skulda for kriminelle handlingar.
I ein video lagt ut 2. januar er Willis Gibson (13) sjokkert over sigeren sin i spelet tetris. Gibson samla inn 999 999 poeng, før spelet stoppa opp.
Aldri før har eit menneske kome så langt i spelet, at det ikkje var meir igjen å spele. Spelet vart først lansert i 1989 av Nintendo.
I motsetnad til andre spel, har ikkje Tetris ein slutt. Det er ingen finale, ingen siste boss å slå ut.