Gaming er storindustri i Sør-Korea: – Nesten umenneskeleg gode

– Det er ikkje sikkert e-sport slik vi kjenner den i dag hadde eksistert utan Sør-Korea, meiner speljournalist Øystein Furevik.

Synne Ulltang
Publisert

Denne saka er ein del av artikkelserien «Den sørkoreanske identiteten – mellom det tradisjonelle og det moderne», der vi undersøker korleis det er å vere ung i Sør-Korea. Prosjektet er gjennomført med støtte frå Fritt Ord.

Det kan sjå ut som ei grotte, der kappekledde menneske vaktar inngangen. Ungdommar med goodiebags med skrifta «Life is game», har stilt seg i kø for å teste ut det nye mobilspelet Dark and darker. Når ventetida er over, får dei stige opp på eit steinlagt podium der faklar blafrar frå grotteveggane. Lydtette øyreklokker sikrar at dei ikkje blir distrahert når spelet startar på mobilskjermen.

Kampen om kundane er stor i messehallen BEXCO i Busan denne fredagskvelden. Svære robotar og baseballstjerner skal lokke folk til å prøve nye spel. Spelmessa er ein viktig arena for å skaffe kundar.

Sør-Korea var i 2021 den fjerde største eksportøren av spel i verda, ifølge KOCCA. KOCCA (Korea Creative Content Agency) er knytt til Ministry of Culture, Sports and Tourism i Sør-Korea og gir ut rapportar om den sørkoreanske spelmarknaden.

I 2021 hadde Sør-Korea 1 170 gamingselskap, og gamingindustrien sysselsette 81 856 menneske. Det meste av eksporten går til Kina, følgt av Søraust-Asia, Nord-Amerika og Europa.

 

Sør-Korea

  • Innbyggartal: 51,7 millionar
  • Styreform: Republikk
  • Språket koreansk blir skrive med alfabetet hangeul.
  • Koreahalvøya blei delt i to etter andre verdskrig.
  • Koreakrigen (1950–53) enda med våpenkvile mellom Nord- og Sør-Korea. Ingen fredsavtale er signert.
  • Sør-Korea var eit av dei fattigaste landa i verda etter Koreakrigen, men er no verdas 13. største økonomi og medlem av G20. Den raske økonomiske utviklinga blir kalla «Mirakelet ved Han-elva».
  • Noregs nest største handelspartnar i Asia.
  • Populariteten til koreansk populærkultur utanfor Sør-Korea blir kalla «den koreanske bølga» (hallyu).

Kjelde: snl.no

Utvidar horisonten på spelmesse

G-star er ei viktig spelmesse som blir arrangert årleg i millionbyen Busan. På denne messa viser sørkoreanske spelselskap fram det siste nye innan teknologi og spel. Den årlege messa er den største i Sør-Korea og blir arrangert av Korea Association of Game Industry (K-games), med støtte frå Ministry of Culture, Sports and Tourism.

Årets messe, som blei arrangert frå 16. til 19. november, hadde 3 250 stands. Det er det høgste talet sidan messa første gong blei arrangert i 2005.

– Ein knallhard sport

Speljournalist Øystein Furevik i Gamer.no fortel at gaming er massivt i Sør-Korea.

– Det er ein stor konkurransesport der ungdom trener frå ung alder, samanlikna med vårt fokus på fotball og skisport. Dei beste blir superstjerner og får svært lukrative sponsoravtaler. Det er ein knallhard sport, og om ein fell av, kan ein lett bli bytt ut, fortel han.

Sørkoreanske spelarar har lenge vore berykta internasjonalt.

– Dei er kjende som nesten umenneskeleg gode. Dette er eit rykte dei har hatt på seg heilt sidan slutten av 90-talet. Det er ikkje sikkert e-sport slik vi kjenner den i dag hadde eksistert utan Sør-Korea. Der har e-sport-stjerner status på nivå med verdas største idrettsstjerner, og dei tener store beløp.

Industrien i Sør-Korea påverkar ikkje marknaden i Noreg i stor grad, meiner Furevik.

– Det er to veldig forskjellige marknader. Sørkoreanske spelarar speler mange vestleg utvikla spel, men flyten motsett veg har ikkje vore like god. Strategispelet Starcraft blei til dømes utvikla av amerikanske Blizzard, men er eit av spela som fekk e-sport til å blomstre i Sør-Korea, fortel Furevik.

Mann ser inn i kamera.
SPELJOURNALIST: Øystein Furevik meiner mobilspel har gjort avstanden mellom spelkulturen i Noreg og Sør-Korea mindre. | Foto: Privat

Speler på mobilen og på datakaféar

Nesten 75 prosent av befolkninga i alderen 10 til 65 år speler digitale spel, ifølge KOCCA sine tal frå 2021. Dei fleste speler på mobilen, men også dataspel er populære. Viss ein ønsker å spele dataspel, kan ein besøke ein datakafé.

I 2021 hadde Sør-Korea over 9000 datakaféar, eller «PC bang», som betyr «PC-rom». I Sør-Korea bur mange trongt. Dei døgnopne datakaféane tilbyr ein stad å leige ei topp datamaskin til ein billeg penge. Du treng heller ikkje forlate kafeen om du er svolten eller tørst. Via nokre tastetrykk på maskina kan du bestille matrettar som kimchibokkeumbap, steikt ris med kimchi, eller donkatsu, fritert svinekotelett.

Øystein Furevik nemner desse kaféane som ein av dei største forskjellane mellom gamingkulturen i Sør-Korea og Noreg.

– I Sør-Korea etablerte internettkaféar seg på slutten av 1998 som ein billeg måte å spele på, og dette har nok vore med på å nære opp om både eit sosialt, men òg kompetitivt, miljø. I Noreg sit folk gjerne heime på sine eigne maskiner og speler med kvarandre over nett, sjølv om ein bur side om side, og internettkaféane her til lands døydde vel eigentleg ut tidleg på 2000-talet, seier han.

Ein mogleg karriere

Mange av dei som bruker mykje tid på datakaféane, drøymer kanskje om ein karriere innan gaming. Fleire av dei beste utøvarane innan e-sport i dag, er sørkoreanske, som for eksempel 27 år gamle Lee Sang-hyeok, også kjent som «Faker». Han er leiaren på det offisielle e-sportlaget til Sør-Korea.

Under Asialeikane i Hangzhou i Kina i september vann det sørkoreanske laget gull i League of Legends. Det er det første året e-sport har vore ein del av leikane. I tillegg til å vinne ein gullmedalje, slepp dei seks sørkoreanske spelarane på laget å gjennomføre militærtenesta som dei fleste menn må gjennom i tjueåra. Å sleppe militærtenesta er ein premie som blir gitt til mellom andre sportsutøvarar og klassiske musikarar som har gjort ei stor bragd.

Framtidas speldesignarar

KOCCA spår at den sørkoreanske spelindustrien vil vekse seg større. Likevel meiner dei unge gamarane Framtida.no møter at spelindustrien ikkje kan ligge på latsida.

– Vi må heile tida tenke nytt, meiner Park Jin-woo (24).

Saman med Woo Seung-jin (24) og Joe Young-jae (24) går han siste semester på universitetet.

– Eg drøymer om å bli ingeniør og designe eigne spel, så kanskje eg er ein av dei som står på stand og presenterer nye spel i framtida, seier Park.

Dei speler dagleg mellom ein til tre timar.

– Kvifor liker de å spele?

– Eg liker å spele fordi det er gøy. I spelet kan du gjere ting du ikkje kan gjere i verkelegheita, mellom anna utforske andre verder, seier Park.

– I spelet kan du gjennomføre eit oppdrag, og det gir ei god kjensle. Du kjenner deg tilfreds når du for eksempel samlar på noko i spelet, seier Joe.