Pårørande, helsepersonell og politikarar har alle noko lærdom å ta frå Marie Næss sitt unike innblikk i kva som skjer bak gittera på psykiatrisk avdeling, meiner bokmeldar Heidi Berakvam.

Heidi Berakvam
Publisert

I ungdommen kjenner Marie at noko er feil. Ho kjenner seg udugeleg og omringa av eit mørke. På kveldane kryp insekta på veggane og over ho. Det er lite hjelp hjå helsesøster som meiner ho har ein «psykisk forkjølelse». Men i realiteten blir Marie slukt opp av Destruktiviteten og Max, stemma. « … i hodet mitt klamret vintermørket seg fast som en natt som nektet å bli morgen».

Personleg debut

Er jeg på jorden som de sier? er debutboka til Marie Næss. Det er ei personleg skildring av mange, lange år i psykiatrien. Om sviktande omsorg frå eit sviktande system og trauma som kjem frå dette.

Episodisk fortel Næss om sin harde kamp. Ho er open om sjukdomen, sjølvskadinga og sjølvmordsforsøk, men skriv òg om dei få, gode stundene. Resultatet er ei vond og sår bok, som mot slutten lir av eigen tyngde.

Gjennom lengre og kortare episodar følgjer me Marie gjennom innleggingar, rusing, sjølvskading og innleggingar igjen. Ho har ei kjensle av at ho kastar bort livet og berre eksisterer. Brutalt og ærleg skildrar ho blodige sår, tvangsbruk og ikkje minst redsla ho sjølv kjenner på. Syklusen vert gjenteke igjen og igjen. Når det ser ut til at det skal bli litt betre snur det og blir verre enn nokon gong. Denne gjentakinga understrekar ei makteslause utan like, særleg når ho blir møtt med skepsis og motvilje når alt ho ønskjer er omsorg.

Repetisjon

Etter kvart byrjar alle gjentakingane å verka mot si hensikt. Det er vanskeleg å skilja dei mange episodane fordi det er så mange likskapar og det blir keisamt.

Det som i byrjinga er sterkt og rått blir etter kvart døyvande og mindre verknadsfullt. Språket blir til tider nærmast monotont og ein snublar litt i nokre klønete setningar. Andre gonger briljerer Næss i sine skildringar, som korleis språket kjennest ut som ein spurt i dei maniske episodane.

Næss har brukt store delar av sitt vaksne liv innestengt på psykiatrisk avdeling og har eit særeige innblikk i systemet. Dessverre er det lite omsorg å henta hjå enkelte av dei tilsette. Ho siterer taktlause og irettesettande kommentarar frå personalet og tilsette som ikkje ser ut til å bry seg om pasientane. Ho skildrar tvang så brutal at ho ikkje får pusta og beltelegging som kan føregå i timar og dagar. «Det som var hverdagslig for dem, ble et traume for meg».

Lærerik innsikt

Særleg den frustrerte legen på legevakta, som syr stinga hennar utan bedøving sidan ho absolutt vil ha det så vondt, fortener filleristing og får blodet til å koka. Og ekstra klønete blir det når brannalarmen på lukka psykiatrisk avdeling går, midt på sommaren, og det heile resulterer i eit tragikomisk kaos.

Det finst nokre menneske på vegen som heldigvis er god hjelp for Marie. Venninna Marte, familien, psykologen Christine og tilsette som «tar med seg hjertet sitt på jobb» og spreier latter på avdelinga.

Stundene med mor, far eller Marte er rørande lesing. Ho lovprisar dei gode hjelparane sine i boka, men dei skulle gjerne fått meir plass. Det er nemleg dette som treffer, og som gir håp.

Pårørande, helsepersonell og politikarar har alle noko lærdom å ta frå Marie Næss sitt unike innblikk i kva som skjer bak gittera på psykiatrisk avdeling. Ho deler opent av sine erfaringar og seier tydeleg kva som sviktar.