Det er ein hard overgang frå indiespelsuksess til storfilm når Freddy og gjengen tek over kinolerretet.

Jenny Lund
Publisert

Då den ganske ukjende indie-spelutviklaren Scott Cawthon gav ut eit strategibasert skrekkspel med namnet Five Nights at Freddy’s i 2014, hadde nok ingen venta suksessen det skulle føre til.

Eg var då 13 år og i perfekt alder til å la meg skremme og fascinere. Eg må ærleg innrømme at eg rett og slett har ein del nostalgi for dette spelet.

Five Nights at Freddy's

Nasjonalitet/språk: USA, engelsk

Regi: Emma Tammi

Noregspremiere: 27.10.2023

Aldersgrense: 15 år

Sjanger: Skrekk

Speletid: 1t 54m

 

Sidan den tid har Freddy’s vakse til eit heilt imperium, med fleire spel, bøker og tallause mengder merchandise.

Filmen basert på spelet vart annonsert i 2015, men i mellomtida har andre latt seg inspirere: I The Banana Splits Movie (2019) går karakterane frå barneprogrammet med same namn bananas etter at programmet deira vert kansellert, mens ein kan sjå Nicolas Cage kjempe mot gjensøkte maskotfigurar i eit leikeland i Willy’s Wonderland (2021).

No kjem endeleg originalen, men har ventetida vore verd det?

Då Mike (Josh Hutcherson) var barn vart veslebroren kidnappa, og verken han eller gjerningspersonen vert nokosinne funne. No er han arbeidslaus eineforsørgjar for veslesystera Abby (Piper Rubio), i ferd med å miste huset, og kanskje også foreldreretten.

I desperasjon tek han ein jobb som nattevakt ved Freddy Fazbear’s Pizzaria, ein nedlagt restaurant som pleidde å vere favorittstaden til mangt eit barn på 80-talet. Etter kvart som han tilbringer meir tid på den nye jobben blir det klart at noko ikkje stemmer.

Kva er det med desse draumane? Og bevegde ikkje den maskotroboten seg?

Five Nights at Freddy’s er eit hyggeleg gjensyn for fansen, men ein svært slapp skrekkfilm.

Å lage ein film er ikkje enkelt, så eg prøver alltid å være positiv. Eg kan likevel ikkje lyge: Etter åtte år med produksjon, kjennest dette likevel som eit prosjekt som trengte nokre fleire rundar med finpuss.

Skodespelet og dei tekniske elementa er ikkje dårlege, men både regien og manuset gir skodespelarane lite å jobbe med.

Dialogen er verken særleg djup eller underhaldande. Eg blir aldri kjent med karakterane. Mike som hovudkarakter har ein klart definert motivasjon og sine utfordringar, men han manglar ein solid personlegdom utanom livssituasjonen.

Det er nokre fine augeblikk mellom han og Abby, men alt for ofte er ho berre der for å drive plottet framover og oppfylle eit sett klisjear om «skumle» born i skrekkfilmar.

Ingenting av dette følast nytt, og tidlegare filmar har arbeidd med den same tematikken på mykje betre måtar.

Five Nights at Freddy’s forsøkjer presse den allereie forvirrande forteljinga til ein heil spelserie på rett under to timar. Med det utgangspunktet er det så klart nødvendig med ein del filmatisk scrapbooking for å få ei samanhengande historie. Problemet er berre at det ikkje heilt funkar.

Å lage et spel om til ein film er kanskje spesielt utfordrande, fordi det interaktive vert statisk. Det er nesten som ei slags nedgradering. I staden for å sjølv finne ut av mysteria gjennom å spele, fortel filmen dei direkte til sjåaren, som vert eit antiklimaks.

Som skrekkfilm klarer filmen heller ikkje å halde på ei uroleg stemning gjennom alle klisjeane, sjølv om han tar seg sjølv ganske seriøst. Det kan også vere eit resultat av overgangen frå spel til film: Mens spelet får ein til å skvette fordi ein konsentrerer seg for å få det til, og bruker såkalla ‘jumpscares’ som straff, er det heilt enkelt ikkje like skummelt når ein ikkje sjølv har kontroll.

Med ein meir overdriven og humoristisk vri kunne skrekkelementa i det minste vore underhaldande, men slik det står no var opplevinga veldig underveldande.

Det som reddar Five Nights at Freddy’s frå å vere ei under middels god smørje av ein skrekkfilm er Freddy’s og maskotane der. Pizzarestauranten frå det første spelet er brakt til live med ein fantastisk sans for 80-talsestetikk, og forståing for korleis ein kan lokke små barn til å bruke alle pengane sine på eit arkadespel for å vinne billettar ein kan løyse inn mot ein masseprodusert nøkkelring som vert gløymd neste veke.

Maskotane, som er designa og bygd av meisterane på Jim Henson’s Creature Shop, er heilt nydelege, i den grad ein kan bruke det ordet om småskumle, animatroniske dyr.

Som ei som framleis har mykje varme i hjartet for Freddy og gjengen er det rett og slett herleg å sjå dei på skjermen.

Er du ein fan av spelserien eller berre like nostalgisk av deg som eg er, vil du nok finne noko å gle deg over i Five Nights at Freddy’s, men eg slit med å førestille meg at andre vil ha så mykje å hente herifrå. Ser du etter ein god, original skrekkfilm, vil du ikkje finne han her.


Meldarsatsinga er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.