Disney feirar 100 år med utstilling i London

Teikningar av Mikke Mus og glasskoen til Askepott er med i ei utstilling i London som markerer at det er 100 år sidan The Walt Disney Company vart grunnlagd.

NPK-NTB-Ritzau
Publisert

Over 250 gjenstandar er plukka ut frå Disney-arkivet til utstillinga. Både klassiske animasjonsfilmar som «Snøkvit og dei sju dvergane» og «Jungelboka» og nyare filmar som «Cruella» og «Skjønnheten og udyret» er representerte på jubileumsutstillinga i London.

– For dei fleste menneske er den første kinoopplevinga ofte knytt til ein Disney-film, og det skaper i aller høgaste grad eit band mellom oss, sa animatør og regissør Eric Goldberg på ein pressekonferanse då utstillinga opna.

Dei besøkjande blir først introduserte for Walt Disney og figuren Osvald Den heldige kaninen, som blir rekna for å vere ein forløpar for Mikke Mus. Sistnemnde debuterte i filmen «Steamboat Willie» i 1928.

Ni år seinare kom «Snøkvit og dei sju dvergane», den første teiknefilmen i langformat i verda. I 1939 fekk Walt Disney ein Æres-Oscar for filmen. I tillegg til den vanlege statuetten vart filmen heidra med sju mindre statuettar den gongen.

Mikke kom til Noreg som fast innslag i Donald Duck & Co, teikneseriebladet som har vore utgitt sidan 1948. I 1980 fekk Mikke Mus sitt eige blad her heime.

Disney er i dag eitt av dei største medieselskapa i verda og hadde i fjor eit overskot på 3,2 milliardar dollar, som i dag svarer til nesten 35 milliardar kroner.