Demonstrerer mot høge leigeprisar i Italia: – Regjeringa ignorerer situasjonen

Emilie Hansen
Publisert

– Vi protesterer i heile Italia, fordi fenomenet med stadig aukande leige går hardt utover studentar, men også arbeidarklasse-familiar som blir kasta ut av leilegheitene sine.

Leili Hizam (19) er ein del av den kommunistiske ungdomsorganisasjonen «Cambiare Rotta» («Skift Rute»).

Aktivistsamling

Den historiske gata Via Zamboni i Bologna er full av plakatar og tagging på veggane, der det står når og kvar neste demonstrasjon finn stad.

Utanfor Universitetet i Bologna er der fleire telt, og ei gruppe studentar har samla seg i ein sirkel. Dei deler erfaringar og meiningar med kvarandre om den vanskelege situasjonen dei står i.

Leili Hizam har funne seg eit rom i ei leilegheit utanfor bymuren. Ho seier dette er tungvint ettersom universitetet ligg i sentrum, men kjenner seg likevel heldig.

Gentrifisering, Airbnb og turisme

– Realiteten er den at fleire og fleire studentar blir pressa ut av universitetsområdet og nærliggande område, på grunn av gentrifisering, Airbnb og turisme, seier Hizam.

Protestane starta tidlegare i år av ingeniørstudenten Ilaria Lamera i Milano. Dette spreidde seg raskt til andre store byar i landet, blant anna Roma, Bologna, Firenze, Padua og Cagliari.

I dag er det ulike grupper og organisasjonar som har blitt med i telt-protestane. Alle kjempar for lågare leige og fleire studentbustadar, men korleis og i kva grad kan variere.

Prisen for eit rom i dei store byane i Italia er i dag lik dei norske prisane. I Roma ligg mange av romma ute for 550–800 euro i månaden. Nokre rom kostar meir enn 1000 euro per månad. Samstundes er timelønna på ein deltidsjobb ofte mellom 5–15 euro, og studiestipend er ikkje tilgjengeleg for alle.

Krev endring

– I hovudsak krev vi i «Cambiare Rotta» å få fjerna lov nr. 431 frå 1998, som totalt liberaliserte eigedomsmarknaden. Slik det er i dag, finst det ikkje ei øvre grense for kva ein huseigar kan ta i leige, seier Hizam.

Vidare kjempar dei for fleire statlege studentbustadar, og at regjeringa skal slutte å gi økonomisk støtte til private studentbustadar.

I tillegg krev studentane økonomisk støtte, og at denne støtta ikkje blir tatt vekk frå dei om dei ikkje består nok eksamenar, slik stipenda deira fungerer no.

Kor mykje ein student må betale i studieavgift varierer ved dei ulike universiteta og studieretningane. Per i dag er ikkje studiestipend tilgjengeleg for alle. Det finst ulike typar stipend og lettar, men mange av desse er for elevar som har utmerkt seg akademisk eller sportsleg. Elevar som kjem frå familiar med ein formue på mindre enn 24 000 euro kan få ein lette i studieavgifta.

– Det er mange som klagar på dette systemet. Om ein kjem frå ein familie som tener under grensa, men som kanskje har arva eit hus frå besteforeldre, så er ISEE-en for høg til å kunne få økonomisk lette, forklarar Hizam.

Hizam ønskjer at alle studentar skal få økonomisk støtte, i alle fall dei som kjem frå arbeidarklasse-familiar.

Regjeringa lovar 660 000 euro

– Regjeringa leia av Giorgia Meloni ignorerer totalt situasjonen, seier Hizam.

Som svar på protestane i vår, sa Meloni si regjering at 660 000 euro skulle investerast i nye studentbustadar.

Fleire månadar seinare har det framleis ikkje skjedd noko, og studentane fortel at deira økonomiske situasjon ikkje har betra seg, men blitt verre.

Vanskeleg å finne ein stad å bu

I Roma er telta slått opp utanfor universitetet Sapienza. Her er det blant anna «Sinistra Universitaria» som arrangerer protesten. Innimellom telta er det ei bu der ein kan kjøpe drikke, og bord der nokre sit og målar, og andre spelar sjakk.

Ei av dei som no bur i telt utanfor universitetet, er polske Zuzu Michalska. 23-åringen studerte animasjon ved University of Arts i byen Poznan i Polen. No er ho i Roma for å utføre praksis knytt til studiet i heimlandet.

– Akkurat no har eg ingen stad å bu, og det er vanskeleg å finne noko, skriv Michalska til Framtida i ei tekstmelding.

Polske Zuzu Michalska studerer animasjon i Italia.

Eit godt eksempel

Ho visste ikkje om protestane frå før av, eller om situasjonen i Italia, ettersom ho nettopp har kome til Roma. Men slik ho ser det, er situasjonen hennar eit godt eksempel på det som no skjer i landet.

– Eg vart med her i hovudsak fordi eg ikkje har nokon stad å bu. Eg er ikkje her ifrå, og kom nyleg, så å bli med i protesten verka ut som noko eg kunne gjere, forklarar Michalska.