Vil heidre Jon Fosse med namnet på ny vidaregåande skule

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland støttar entusiastisk forslaget frå ein BT-lesar om å kalle opp ein ny vidaregåande skule etter Jon Fosse.

NPK-NTB
Publisert

– For ein fantastisk idé!

Det var reaksjonen til fylkesordføraren etter at Bergens Tidende fortalde om forslaget frå lesaren Randi Hjemlestad.

Etter at Jon Fosse, som fjerde nordmann gjennom historia, er tildelt Nobelprisen i litteratur, tok Hjemlestad opp ideen ho har tenkt på tidlegare.

Kva med å kalle opp den nye skulen som er under bygging i Norheimsund for Jon Fosse vidaregåande skule?

– Det finst Nordahl Grieg og Amalie Skram i byen. Er vi klare for namnebyte frå Kvam vidaregåande skule, eller? skreiv ho i ein e-post til BT.

Fylkesordføraren tende på ideen, men han kan ikkje avgjere dette åleine, han må få fylkestinget med seg i vedtaks form.