Filmmelding:

Ikke en sånn fyr – eit innblikk i ei side me ikkje høyrer mykje frå

Eg tilrår filmen til alle som vil ha eit balansert perspektiv på festvaldtektstematikken, skriv filmmeldar Ola Birgitsønn Vik.

Ola Birgitsønn Vik
Publisert

Regissør Signe Rosenlund-Hauglid seier i filmen at målet hennar er å gjere tematikken litt enklare å snakka om. Filmen er ein samtalestartar, om tema som blir meir og meir relevant og viktig, særleg med tanke på debatten rundt samtykkelova.

Filmen følgjer tre menn, alle dømde for festrelatert valdtekt, frå melding til politiet og dom, heilt til soning og lauslating. Filmen stiller spørsmål om skuld, dom og perspektiv, og er meir interessert i debatten rundt ein sjølve svara.

Ikke en sånn fyr

Nasjonalitet/språk: Noreg/norsk 

Regissør: Signe Rosenlund-Hauglid 

Speletid: 40 min 

Sjanger: Dokumentar 

Plattform: Aftenposten.no

 

 

 

 

Personleg erfaring

Rosenlund-Hauglid har sjølv meldt festrelatert valdtekt. Ho seier at dette ikkje er eit hemnprosjekt, men eit forsøk på å få fram begge sidene i saka.

Regissøren er ein viktig karakter i filmen. Me kjem nært innpå korleis valdtektane har påverka henne, og dei dømde, både emosjonelt og psykologisk.

 

Filmen vekslar mellom intervju og filmatiseringar. Intervjua er nakne, meir samtalar enn noko anna.

I lange scener med tunge samtaletema blir berre ansiktet til Rosenlund-Hauglid blir vist. Det nedstrippa uttrykket tvingar ein til å høyre på det som blir sagt.

Filmatisering

Namna og fjesa til mennene er skjult av anonymitetsomsyn.

Skodespelarane i filmatiseringane gjer ein overbevisande jobb. Det er lett å gløyma at me ikkje ser på dei faktiske gjerningsmennene.

Me får sjå korleis dei reagerte på dommen, livet i fengselet og andre viktige hendingar. Desse scenene er verknadsfulle, utan å vera forstyrrande.

Ubehageleg stemning

Lydbiletet er godt produsert. Det er alltid noko i bakgrunnen, ei vifte, mumling, eller liknande.

Ein får aldri pusta heilt ut. Alltid er det noko som forstyrrar og ber om merksemd. Denne kvelande kjensla speler godt med den håplause situasjonen folka i dokumentaren er i.

Musikken, komponert av Bendik Giske, består for det meste av eit solostykke for saksofon. Stykket er kaldt, rått og industrielt. Saman med den hurtige og hypnotiserande melodien blir musikken uroleg og ubehageleg, som passar temaet og stemninga i filmen.

Balansert perspektiv

Eit av dei tydelegaste bileta på korleis valdtektsmennene blir behandla kjem i ei scene der me følgjer ein av dei dømde inn i fengselet. Ein overbetjent spør kva han sat inne for. Då han får høyre at det er sovevaldtekt, rår betjenten han til å finna på ei anna historie; ei som er litt mindre ille i deira augne, til dømes narkotikasmugling eller aktlaust drap.

Filmenblir avslutta med ein monolog frå ein av dei dømde. Han ber om tilgjeving, og håpar det ikkje er for seint. Etter siste ordet er sagt, saksofonen spelar for fyrste gong i filmen ein lang tone, ikkje som eit punktum, meir som eit komma.

Filmen lukkast i prosjektet sitt; eit innblikk i ei side av saka me ikkje høyrer så mykje frå.

Eg tilrår filmen til alle som vil ha eit balansert perspektiv på festvaldtektstematikken.


Meldarsatsinga er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.