Regjeringa i statsbudsjett-skvis
Fredag 6. oktober legg regjeringa fram forslaget sitt til statsbudsjett for 2024. Regjeringa kan komme til å vere «kjipe» med midlane – for så å bruke meir og bli populære igjen før neste valkamp, trur økonomiprofessor.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det blir eit spennande budsjettframlegg, og det er vanskeleg å seie kva som kjem til å skje. Eg tenker at regjeringa no er litt i skvis. På den eine sida har inflasjonen vore høg og dei bør avgrense pengebruken. På den andre sida har mange det vanskeleg økonomisk og fleire forventar nok at det skal bli gjort noko med, seier professor i politisk økonomi Jo Thori Lind ved Universitetet i Oslo til Nynorsk pressekontor.
Kjeft uansett
Lind meiner regjeringa må rekne med å få kjeft uansett korleis budsjettet blir.
– Anten vil dei få kritikk for ikkje å gjere nok for dei som treng det, eller så vil dei få kritikk for å vere for ekspansive.
Han meiner valresultatet ikkje gjer situasjonen noko betre.
– Det er mange veljarar som tenker at dei no må få ut fingeren og gjere noko for akkurat deira gruppe.
Han trur òg at mange har blitt litt bortskjemde og har forventningar til at staten skal ordne opp – uansett.
– Under koronaen blei det gjengs at det skulle dryssast ut midlar på alle som trong det. Så det blei kutyme at når ting går dårleg – så skal staten komme og rydde. Vi har vore rike ganske lenge og staten har berre vakse. Eg trur vi nærmar oss eit punkt der det må snu. Vi må innsjå at skal ein gjere meir av noko, så må ein gjere mindre av noko anna. Det er nok ei sjokkarta oppleving både for veljarar og politikarar, har eg kjensla av.
Kan bli eit «kjipt» budsjett
Økonomiprofessoren ser ikkje bort frå at regjeringa kjem til å bruke budsjettet strategisk for å tenkje framover mot stortingsvalet om to år.
– Det kan vere smart å vente til neste år med å verkeleg sukre ting. For då kan dei fylle på og seie at no gir vi så mykje meir enn i fjor. Då ser det ut som dei er kjempeflinke. Difor kan det lønne seg å vere strategisk kjipe i år – for lettare å virke kule i 2024. Og då har dei òg meir å bringe til torgs inn i valkampen.
Usikre forhandlingar
Professoren er òg spent på korleis regjeringa har tenkt å få budsjettet i hamn. Han trur dei kjem til å forhandle med den føretrekte budsjettpartnaren SV, men ser ikkje bort frå at dei kjem til å sjå i andre retningar om ting skjer seg.
– I enkeltsaker har dei vist at dei kan snu seg til andre parti for forhandlingar. Det indikerer at viss SV er for vrang, så snur kanskje regjeringa seg mot til dømes Venstre. Det er ei moglegheit, men eg trur det vil sitje langt inne, både for Venstre å støtte eit slikt budsjett, men særleg for Ap å gå i den retninga.
Han peikar på at regjeringspartia truleg kjem til å fjerne støtta til nokre av SVs hjartesaker i budsjettforslaget for så å ta dei inn igjen i forhandlingar.
– Det er klassisk at ein kappar nokre hjartesaker for den kommande budsjettpartnaren, som ein reknar med vil komme inn igjen i forhandlingane. SV prøvde jo litt å unngå dette ved forhandlingsrunden ved førre statsbudsjett, ved å seie at dei tinga Ap eigentleg var for skulle ikkje dei måtte jobbe for å få inn.
Etter kommunevalet i år gjekk fleire politikarar ut og snakka om at tida var moden for å få SV inn i regjering. Lind meiner at spriket mellom SV og Sp no er større enn då dei sat i regjeringsforhandlingar i 2021.
– Difor trur eg det kan bli tøffe forhandlingar, avsluttar Jo Thori Lind.