Stavås skulle gjerne hatt The Simpsons-skaparen på middag.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg les mykje nyheiter på nett, papiraviser i helgene og daglege teikneseriestriper på Instagram.

Teikneserieskapar Trond Johan Stavås (29) synest han les «pinleg lite», men det blir rundt 10–12 bøker/teikneseriebøker i året.

Illustrerer kommentarfelt

Nyleg fekk illustratøren eit utviklingsstipend frå Fritt Ord som satireteiknar, eit stipend han skal bruka til å vidareutvikla serien «Illustrert Kommentarfelt».

– Det er ein surrealistisk teikneserie kor alle replikkar er henta ordrett frå kommentarfelt på nett, forklarar Stavås på e-post til Framtida.no.

Serien har vore på trykk i LUNCH sidan 2020, og i haust kjem han ut som samlebok på forlaget Überpress.

– Kva meiner du kjenneteiknar ei god satireteikning?

– Den bør være aktuell og ha ein god porsjon brodd. Den må klare å treffa ein følelse på ein måte som ord ikkje klarer.

Me har teke ein kikk i bokhylla til den engasjerte teikneserieskaparen:

– Kor les du?

– På sofaen eller i senga.

– Kva bok/teikneserie ligg på nattbordet ditt?

– Carl Barks’ beste. Den er stor og tung, og inneheld dei ypparste Donald Duck-historiene.

Norske favorittar

– Kva bøker/teikneseriar les du helst?

– Eg les for det meste norske teikneseriar, eigentleg, og då er det kva som helst sjanger. Det lagast så utruleg mykje kult og forskjellig i Noreg akkurat no! Elles les eg ein del populærvitskap. Når eg jobbar med research til teikneseriebøker, går det som regel i biografiar og historiebøker.

– Kva bok/teikneserie gjorde inntrykk i tenåra?

– «Fallteknikk» av Inga Sætre.

– Kva teikneserieskapar meiner du er undervurdert?

– Vanskeleg spørsmål … Alle norske, kanskje? Nivået har blitt skyhøgt i Noreg, og fleire teikneserieskaparar har fått bøkene sine seld til utlandet, og det skulle berre mangla.

Harry Potter og Hakkebakkeskogen

– Kva vart lesen til deg som liten?

– Eg hugsar at pappa las Hakkebakkeskogen for meg. Ein periode delte eg rom med mi syster, og då las ho høgt frå Harry Potter, (men eg sovna alltid så fort, så ho måtte gje eit samandrag morgonen etter). Men då eg lærte å lesa sjølv, så var det teikneseriar eg slukte.

 

Bobleslurp i hengekøya

– Kva teikneserie skulle du ynskja du hadde laga?

– Carl Barks’ Donald! Men – eg lagar trass alt seriar som eg sjølv ønskjer å laga no òg, så eg er ganske nøgd, sånn sett.

– Kva teikneseriekarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Det må vel bli Donald, då? Hehe! Det fine med Donald er at alle kan kjenna seg igjen i ein bit av han. Eg kjenner meg igjen i at han er klumsete og uheldig, og at han er ein slitar som aldri gjev seg. Og han veit å nyta dei små gode i livet. Livet er herleg så lenge ein har ei hengekøye og ei flaske Bobleslurp.

Middag med Matt Groening

– Om du berre skulle lese teikneseriar frå ein skapar heile livet ditt – kva teikneserieskapar?

– Det må nesten bli Carl Barks, ass! For ein fantasi, for ein teiknar! Barks’ Donald har hatt, og vil alltid ha, stor betydning for meg!

– Kva teikneserieskapar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Då ville eg vald Matt Groening, som har laga The Simpsons og Futurama. Sjølv om han er mest kjent for å vera TV-produsent, så er han først og fremst ein undergrunnsteikneserieskapar, og står bak serien «Life in Hell». Sjølv om han er ein skikkeleg dårleg teiknar, så har han eit interessant, satirisk syn på samfunnet som eg beundrar.

Aslak Maurstad som Gjest Baardsen

– Kva av seriane dine ville du sett filmatisert – og kven speler hovudrolla?

– Det har eg faktisk tenkt ganske mykje på, haha. Eg jobbar no med ei teikneseriebok om Gjest Baardsen, som var ein meistertyv og utbrytarkonge som levde i Noreg for 200 år sidan. Det blei laga ein spelefilm om Gjest Baardsen i 1939, kor Alfred Maurstad spelte hovudrolla. Så om mi teikneserie skulle bli adaptert til spelefilm eller teiknefilm, så hadde det vore moro å castet Aslak Maurstad i rolla som Gjest. Han er jo trass alt barnebarnet til Alfred Maurstad! Og så er han ein artig skodespelar og ein jovial kar som kunne passet rolla godt!