Filmmelding:

The Creator – manglar nokre nyansar

Likevel er det vanskeleg å ikkje lika ein slik film, skriv Rakeb Berhanu Erana, som har late seg fengja av utruleg kinematografi, lydbilete og interessant handling.

Rakeb Berhanu Erana
Publisert
Oppdatert 04.10.2023 13:10

I eit Hollywood-landskap der dei fleste filmar er basert på allereie eksisterande verk, er det forfriskande å sjå filmar med originale filmmanuskript.

The Creator er ein slik film og tek føre seg det dagsaktuelle temaet KI (kunstig intelligens).

The Creator

  • Nasjonalitet/språk: USA, engelsk
  • Regissør: Gareth Edwards
  • Noregspremiere: 28. september 2023
  • Aldersgrense: 13 år
  • Sjanger: Science fiction, thriller
  • Lengd: 133 minuttar

Talentfull 9-åring

Regissør Gareth Edwards har skrive manus til The Creator saman med Chris Weitz. Forfattarane tek inspirasjon frå blant anna Akira (1988), Blade Runner (1982) og E.T. the Extra-Terrestrial (1982).

John David Washington har hovudrolla, og saman med Gemma Chan, Ken Watanabe, Allison Janney og Madeleine Yuna Voyles, er det ei fantastisk rollebesetning.

Skodespelaren som skil seg ut blant stjernene er ni år gamle Madeleine Yuna Voyles, med hennar emosjonelle og truverdige framstilling av karakteren Alphie.

USA vs. New-Asia

The Creator er sett i ei nær framtid der USA har blitt ramma av konflikt mellom kunstig intelligens-robotar og menneska. Når KI-robotar droppar ei atombombe på Los Angeles, bryt det ut krig. Denne krigen er mellom USA og New-Asia som framleis nyttar KI-robotar. I tillegg blir nyare og forbetra KI-robotar stadig produsert av Skaparen.

Me følgjer den tidlegare soldaten Joshua (Washington) som er i sorg etter å ha mista kona (Gemma Chan) i krigen. Han blir overtalt av det amerikanske militæret til å vera med på eit militæroppdrag med mål om å øydeleggja det nye destruktive våpenet Skaparen har laga.

KI med autonomi

Frå og med den første sena, er atmosfæren i filmen allereie etablert. Denne melankolske, lengtande atmosfæren blir spegla i forteljinga, kinematografien og lydbiletet.

Handlinga i The Creator er interessant og gripande, men nokre delar av filmen er treige og mister flyten.

Sener som er meint for å overraska sjåaren, endar opp flate.

I tillegg manglar filmen ei nyansert framstilling av KI. KI-karakterane er lette å lika, og for det meste, godt integrerte i handlinga. Sjølv om KI-robotane skal vera skapningar med autonomi, får dei altfor lite tid til å fortelja si eiga historie. Det verkar som manusforfattarane ville laga ein kul, episk science fiction-thriller, og valde KI berre for science fiction-elementet.

Futuristisk retro

Kinematografien og lydbiletet i The Creator er utruleg. Ein kan tydeleg sjå 70-talsfilminspirasjonen i fargane.

Det er sener som minner om Vietnam-krigsfilmar frå 80-talet. Dette gav filmen ein stilig, vintage atmosfære som kontrast til dei futuristiske elementa i filmen.

Mykje av filminga er gjort i spektakulære, utanomjordiske landskap rundt om i verda. Desse senene er ikkje berre vakre, dei får verda i filmen til å verka levande. Kostymedesignarane skal også få ros for å laga stilige kostyme som gjer The Creator-verda enda meir ekte.

Ikoniske Hans Zimmer står bak lydbiletet. Endå ein gong, klarar Zimmer å sette saman eit lydbilete som byggjer spenning, underbyggjer emosjonelle sener og gjer filmen levande. På grunn av dette, er lydbiletet eit av dei beste aspekta ved filmen.

Tilbakeblikk blir nytta på ein smart og kreativ måte. Tilbakeblikka byggjer opp forholda mellom karakterane og gir riktig mengd historie for å forstå handlinga. Det er ein klar skilnad mellom tilbakeblikka og sjølve handlinga – noko som gjer filmen strukturert og dynamisk.

Tonedøvt

Noko som øydelegg for The Creator universet, er konseptet New-Asia. Vietnamkrig-referansane og kostymedesigna til dei ulike asiatiske kulturane er stilige, men det kjennest kunstig å slå saman det største kontinentet til berre eitt land, spesielt sidan The Creator-universet skal etterlikna røyndommen.

Det er nesten som om manusforfattarane valde det dei synest er kult frå forskjellige asiatiske kulturar som ikkje har noko med kvarandre å gjera, og laga eit fantasiland ut av det. Ein kan nesten seia at dette er tonedøvt, spesielt sidan manusforfattarane valde å framstilla USA på ein meir realistisk måte.

Manglar nokre nyansar

The Creator er ein film med utruleg kinematografi, lydbilete og interessant handling. Dessverre, er ikkje handlinga like solid som desse aspekta av filmen.

Sjølv om filmen er litt rotete og manglar nokre nyansar, er filmen ei miskunnsam forteljing om kjærleik, håp og rettferd – det er vanskeleg å ikkje lika ein slik film.


Meldarsatsinga er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.