Hipp hurra! Treng du underhaldning til champagnefrukosten? Her er ei samling spørsmål til gjestane – med alt frå 17. mai-tema til godt og blanda.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil du heller skrive ut quizen, finn du spørsmålsark her og fasiten her!

Lukke til! 🇳🇴

Quiz: 17. mai-quiz

  1. Spørsmål 1 av 14

    1.


    Kor gamal er kong Harald?

    • Kong Harald sender deg eit kongeleg vink for dette svaret. Det er nemleg heilt rett.

      Kongen er 86 år gamal. Han vart fødd den 21. februar i 1937.

    • Her bomma du.

      Kongen er 86 år gamal. Han vart fødd den 21. februar i 1937.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  2. Spørsmål 2 av 14

    2.


    Kva plass kom Noreg og Alessandra på i Eurovision Song Contest 2023?

    • 12 poeng til deg! Eller, du får faktisk berre 1 poeng her, men i ESC hadde du fått toppscore!

      Alessandra kom nemleg på 5.-plass i årets Eurovision Song Contest med låten «Queen of Kings». Hadde det derimot berre vore opp til publikum, og ikkje juryane, hadde ho henta heim 3.-plassen.

    • Null poeng til deg!

      Alessandra kom nemleg på 5.-plass i årets Eurovision Song Contest med låten «Queen of Kings». Hadde det derimot berre vore opp til publikum, og ikkje juryane, hadde ho henta heim 3.-plassen.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  3. Spørsmål 3 av 14

    3.

    Kva bunad har kronprinsesse Mette-Marit på her?

    (Foto: Stian Lysberg Solum / NTB)

    • Heilt rett! 

      Mette-Marit har alle desse bunadane, men på biletet har ho på seg Rogalandsbunaden. Han skal visstnok vere favoritten hennar, og ho fekk han til konfirmasjonen sin. Det var mormora hennar som broderte bunaden. 

    • Feil svar.

      Mette-Marit har alle desse bunadane, men på biletet har ho på seg Rogalandsbunaden. Han skal visstnok vere favoritten hennar, og ho fekk han til konfirmasjonen sin. Det var mormora hennar som broderte bunaden. 

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  4. Spørsmål 4 av 14

    4.

    Kva serie har vore på noregsbesøk?

    • Riktig!

      Noreg fekk skine i ein heil episode av HBO-suksessen Succession. Stjernene var mellom anna på opptak i Valldalen og Åndalsnes.

    • Feil!

      Noreg fekk skine i ein heil episode av HBO-suksessen Succession. Stjernene var mellom anna på opptak i Valldalen og Åndalsnes.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  5. Spørsmål 5 av 14

    5.

    Kva år fekk Noreg Grunnlova på nynorsk?

    • Riktig!

      I 2014 kom Grunnlova i nynorsk språkdrakt.

    • Her var du på bærtur!

      I 2014 kom Grunnlova i nynorsk språkdrakt.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  6. Spørsmål 6 av 14

    6.


    Prinsesse Ingrid Alexandra er russ i år – kven laga russelåten til bussen hennar?

    • Du er ingen fallen engel, for du svarar heilt rett.

      Du visste sjølvsagt at det er kongen av russelåtar, TIX, eller Andreas Haukland, som har laga låt til prinsesse Ingrid Alexandra og gjengen i russebussen «studio 23».


    • Feil!

      Det er kongen av russelåtar, TIX, eller Andreas Haukland, som har laga låt til prinsesse Ingrid Alexandra og gjengen i russebussen «studio 23».


    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  7. Spørsmål 7 av 14

    7.


    Kva påverkar inviterer til open 17. mai-feiring i Frognerparken?

    • Riktig!

      Martine Halvorsen har invitert til 17. mai-feiring i Frognerparken for andre år på rad. Ho har sjølv følt på utanforskap på nasjonaldagen. Det kan du lese meir om i denne saka.

    • Feil! 

      Martine Halvorsen har invitert til 17. mai-feiring i Frognerparken for andre år på rad. Ho har sjølv følt på utanforskap på nasjonaldagen. Det kan du lese meir om i denne saka.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  8. Spørsmål 8 av 14

    8.

    Kva var det det blå gav sin farge til i songen «Norge i rødt, hvitt og blått?»

    • Hipp hurra for deg!

      I den kjende 17. mai-songen syng vi at «det blå ga sin farve til breen».

    • Dette kunne du ikkje.

      I den kjende 17. mai-songen syng vi at «det blå ga sin farve til breen».

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  9. Spørsmål 9 av 14

    9.


    Kva lag møtest i cupfinalen i fotball for menn?

    • Du scorar!

      20. mai går cupfinalen i fotball for menn av stabelen, og på matta er det Brann og Lillestrøm som møtest for å kjempe om å bli noregsmeister.

    • Bom!

      20. mai går cupfinalen i fotball for menn av stabelen, og på matta er det Brann og Lillestrøm som møtest for å kjempe om å bli noregsmeister.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  10. Spørsmål 10 av 14

    10.


    Kven laga Noregs flagg?

    • Stemmer!

      Stortingsrepresentant Frederik Meltzer står bak Noregs flagg. Det blei vedteke av Stortinget i 1821. Han føreslo eit skandinavisk krossflagg, med fridomens fargar. Meltzer meinte den kvite krossen ville minnest foreininga med Danmark, medan det blå var ein høfleg gest til unionspartnar Sverige.

      Har du høyrt om Frederik Meltzer utan å vere klar over at han er mannen bak norskeflagget? Kanskje du har han frå Kaizers Orchestra sin «Ompa til du dør».

    • Feil!

      Stortingsrepresentant Frederik Meltzer står bak Noregs flagg. Det blei vedteke av Stortinget i 1821. Han føreslo eit skandinavisk krossflagg, med fridomens fargar. Meltzer meinte det kvite krossen ville minnest foreininga med Danmark, medan det blå var ein høfleg gest til unionspartnar Sverige.

      Har du høyrt om Frederik Meltzer utan å vere klar over at han er mannen bak norskeflagget? Kanskje du har han frå Kaizers Orchestra sin «Ompa til du dør».

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  11. Spørsmål 11 av 14

    11.

    Kva kongeleg person har fått ein fromasj kalla opp etter seg?

    • Korrekt!

      Har du òg vakse opp med desserten «dronning Maud»? Det er ein eggefromasj med riven sjokolade.


    • Feil!

      Har du òg vakse opp med desserten «dronning Maud»? Det er ein eggefromasj med riven sjokolade.


    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  12. Spørsmål 12 av 14

    12.

    Kva kallar vi stilen Ålesund er bygd i?

    (Foto: Diego Delso, delso.photo, CC BY-SA 4.0, Wikimedia Commons)

    • Steike bra!

      Ålesund er kjent som Jugendbyen. Etter bybrannen i 1904 vart byen bygd opp att i jugendstil, eller art nouveau-stil.

    • Feil!

      Ålesund er kjent som Jugendbyen. Etter bybrannen i 1904 vart byen bygd opp att i jugendstil, eller art nouveau-stil.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  13. Spørsmål 13 av 14

    13.

    Kven har skrive bøkene «Søsterklokkene» og «Hekneveven»?

    • Riktig!

      Lars Mytting har fått stor suksess med bøkene sine om Hekne-familien, presten Kai Schweigaard, ei stavkyrkje og bygda Butangen i Gudbrandsdalen. Til hausten kjem siste roman i trilogien. Boka har fått namnet «Skråpånatta».

    • Feil!

      Lars Mytting har fått stor suksess med bøkene sine om Hekne-familien, presten Kai Schweigaard, ei stavkyrkje og bygda Butangen i Gudbrandsdalen. Til hausten kjem siste roman i trilogien. Boka har fått namnet «Skråpånatta».

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  14. Spørsmål 14 av 14

    14.


    Om lag kor mange bur det i Oslo?

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt

Resultat:  

Vurdering:  


🇳🇴 Vil du quize gjestane enda meir? Her er fjorårets 17. mai-quiz frå Framtida.no.

Vesle Mette Ørnelund feirar nasjonaldagen i 1947. Foto: Leif Ørnelund/Digitalt Museum/CC BY SA 4.0