Verdens Beste Nyheter løftar fram avskaffing av dødsstraff i fire land og mange klimanyheiter.
Marte Hansen Haugan
Verdens Beste Nyheter
  • Verdens Beste Nyheter er ein informasjonskampanje som formidlar framsteg og positive resultat frå utviklingsland.
  • Kampanjen er eit samarbeid mellom Changemaker, Press, Menneskerettighets Akademiet, SAIH, Verdas matvareprogram, Digni, Forum for utvikling og miljø, FN-sambandet, Spire, Fokus, Design Without Borders, Human Rights Documentary Film festival, Fairtrade, Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom, Freethem Norge, Sex og Politikk, Foreningen for internasjonale vannstudier (FIVAS).
LES FAKTALUKK FAKTA

Dette er ei liste sett saman av Marte Hansen Haugan, talsperson for Verdens Beste Nyheter og påtroppande leiar i Changemaker. Tekstane var først publisert i Verdens Beste Nyheter, og er sett om til nynorsk av Framtida.no.

Verdens Beste Nyheter arbeider for å rette søkjelyset mot dei positive nyheitene verda over og framstega som druknar litt i eit hektisk nyheitsbilete.

1
Biletet er frå ein demonstrasjon i 2021 framfor høgsterett i USA i høve dødsdommen mot Dzhokhar Tsarnaev, som var ein av mennene som stod bak bombeåtaket under Boston maraton i 2013. Illustrasjonsfoto: Maria Oswalt/Unsplash

Zambia med stort framsteg i kampen mot dødsstraff

I løpet av fjoråret blei dødsstraff formelt avskaffa i fire land: Papua Ny-Guinea, Den sentralafrikanske republikk, Ekvatorial Guinea og i desember 2022 føydde Zambia seg inn i rekka av land som har avskaffa dødsstraff. Når stadig fleire land sluttar å bruke metoden, viser det at menneskerettane blir tekne på alvor.

2
Sônia Guajajara er Brasil sin første urfolksminister. Foto: Ricardo Stuckert/PR

Nytt håp for regnskogen i Brasil

I Amazonas bur 33 millionar menneske, inkludert 1,4 millionar urfolk. Brasils president Lula har utnevnt Sônia Guajajara til den første urfolksministeren, og tilsett fleire miljøvernarar og urfolk i offentlege nøkkelstillingar.

Han meiner vernet av urfolk sine rettar og opprettinga av nye urfolksterritorium no får ny giv og at dette vil gje resultat ved at avskoginga går drastisk ned i område der urfolk får juridiske rettar til å forvalte eigne landområde.

3
Foto: The Ocean Cleanup

2 milliardar kg havplast fjerna

Kvart år hamnar millionar tonn med søppel i havet, og skadar både økonomi, klima, miljø og økosystem. I ei evaluering gjort av FNs miljøprogram i 2021 vert det estimert at mellom 9 og 14 millionar tonn plast hamnar i havet årleg. Sidan 2013 har den nederlandske organisasjonen The Ocean Cleanup jobba med å ikkje berre fjerne plast og anna søppel frå havet, men også stanse tilflytinga av meir.

4
Elektriske busser gir renere luft, mindre støy og er billigere å drifte. Foto: York Region/ CC BY-NC-ND 2.0

Oppstartsbedrifter satsar på elektriske bussar i Kenya

I februar skreiv CNN om elektriske bussar som fører ein stille revolusjon i Nairobi. Den kenyanske hovudstaden har blitt eit sentrum for fleire pilotprosjekt, med sikte på å elektrifisere og effektivisere transportsystemet.

To oppstartsbedrifter satsar for fullt på utplassering av elektriske bussar i Kenya sin hovudstad Nairobi. Målet er å skape eit meir effektivt og påliteleg transportsystem, betre luftkvalitet i byen og nye jobbar.

5
Illustrasjonsfoto: Leslie Cross/Unsplash.com

Costa Rica med ambisiøs avkarboniseringsplan

Sjølv om fleire enn 110 land har forplikta seg til å nå nullutsleppsvisjonen, betre kjent som Paris-avtalen frå 2015, har få land vedteke lover eller sett planar ut i livet for å nå målet.

Costa Rica er eit av landa som tok saka i eigne hender då dei i 2019 vedtok ein avkarboniseringsplan for å skape grønn økonomisk vekst og samtidig redusere forureining og utslepp av klimagassar. Imponerande nok har landet allereie nådd 61 prosent av delmåla sett i det første av tre steg i den nasjonale avkarboniseringsplanen – blant anna innan transportsektoren.


Vil du ha vekentlege nyheitsoppdateringar og lyspunkt frå Framtida rett i innboksen? Meld deg på vårt nyheitsbrev!

 

Oppdatert: måndag 15. mai 2023 08.58
ANNONSE