Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 08:05

Onsdag avslørte Olaug Nilssen at ho til hausten kjem med ny bok. Romanen har tittelen «Uønska åtferd». Dei som er særs stødige i grammatikk, vil leggje merke til at det ikkje er heilt korrekt nynorsk.

Det er òg forfattaren sjølv klar over.

«Grunngjevinga er at det kling så vondt å uttale «uønskt åtferd». Eg vil at også bokmålsbrukarar skal kunne uttale tittelen utan å gjere narr av han.» skriv Nilssen i eit innlegg på Facebook og Instagram.

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Olaug Nilssen (@oggus77)

Blanda tilbakemelding

Til Framtida.no utdjupar forfattaren at ho valde å ta tyren ved horna og innrømme den kunstnarlege fridomen då ho delte bokas framside i sosiale medium.

– Eg har fått flest støttande kommentarar, men enkelte er også kritiske, både til å bryte med nynorsknorma og til at min variant er betre enn den rette varianten.

Sjå eit utdrag av kommentarane frå profilerte nynorskbrukarar, forfattarar og lesarar:

– Men det må eg tole, og det hadde eg rekna med, skriv ho i ein e-post, og legg til at det var like greitt å bli ferdig med det no, nokre månader før boka kjem ut.

Ho måtte ikkje krangle med forlaget for å få igjennom tittelen sin.

– Men eg sa at dersom dei insisterte på uønskt åtferd, så ville eg heller finne på ein annan tittel.

Kva synest du om den kunstnarlege fridomen i tittelen?

Kva synest du om den kunstnarlege fridomen i tittelen?

Olaug Nilssen sin versjon er best.66
Hæ, heiter det ikkje «uønska»? 52
Hald deg til språknorma!37
Eg bryr meg ikkje.29
Svar totalt: 184

«Kvissleis»

Olaug Nilssen synest det er stor og god valfridom i nynorsk, og ser ikkje på slike kunstnarlege fridomar som ein trugsel mot målforma.

– I alle fall ikkje denne, som mange nok vil oppfatte som nynorsk-klingande.

– Men mange oppfattar jo også «kvissleis» som nynorsk, så ein skal ikkje alltid stole på kva fleirtalet meiner, legg ho til.

– Du skriv at du også vil at bokmålsbrukarar skal kunne uttale tittelen utan å gjere narr av han. Kor viktig er det for deg å nå bokmålspublikumet også?

– Altså, eg vil ikkje kaste alle prinsipp over bord for å tekkast bokmålspublikumet. Nynorsk er ein viktig del av min identitet, og eg har ingen planar om å nærme meg bokmål ut over denne vesle titteljusteringa. Men eg er glad for å bli lese av bokmålsbrukarar, det er eg.

Olaug Nilssen kjem med ny roman til hausten. Foto: Foto: Bent R. Synnevåg

Treng å møte formene i rettskrivinga

– Denne fridomen til å bruke former utanfor rettskrivinga, har for så vidt alle som ikkje er forplikta til å følgje offisiell rettskriving i arbeidet sitt, skriv seksjonssjef Daniel Ims i Språkrådet til Framtida.no.

Språkrådet rår likevel til at den offisielle rettskrivinga blir nytta også av dei som ikkje må det, slik at vi får tryggare språkbrukarar.

Daniel Ims, seksjonssjef
i Språkrådet. Foto: Moment Studio/Presse

– Er slike språklege fridomar frå forfattarar/forlag «uønskt åtferd» og ein trugsel mot nynorsken?

– Særleg treng språkbrukarane å møte formene i den nynorske rettskrivinga, sidan dei fleste møter bokmål oftare enn nynorsk.

– Det er likevel ingen grunn til å rekne dette eine avviket frå rettskrivinga som ein trugsel mot nynorsken, svarar han.

Ikkje uvanleg

Redaktør i Samlaget Håkon Kolmannskog understrekar at dei legg mykje ressursar i å sikre den språklege kvaliteten i bøkene dei gir ut, og fortel at dei i utgangspunktet følgjer gjeldande rettskriving.

Dei opplever likevel at forfattarar med jamne mellomrom ønskjer å vike frå gjeldande rettskriving. I Olaug Nilssen sitt tilfelle var det ekstra tydeleg sidan det er snakk om ein tittel.

Håkon Kolmannskog, forlagssjef Samlaget (Foto: Samlaget)

– Dimed vil det bli lagt spesielt merke til. Vi hadde eit ordskifte, men det var ikkje eit vanskeleg val, fordi våre forfattarar har stor fridom, fortel han i eit telefonintervju, og poengterer at dei jobbar med kunst og litteratur.

– Det vil finnast mange meiningar om argumentasjonen, men eg synest at ho har tenkt godt rundt det og reflekterer veldig klokt.

Lite raudpenn

Samlaget får generelt lite kommentarar på språket. Kolmannskog trur raudpennen var meir framme for nokre generasjonar sidan, og at folk er litt meir avslappa no.

– Det hender jo at vi får kommentarar, og eg trur mange med rette forventar at den språklege kvaliteten på det Samlaget gir ut er høg.

Han trekker fram at somme opplevde nokre av vala til Kristin Sørsdal i omsetjinga av Elena Ferrante som litt overraskande, men folk er generelt positive til dei ulike formene for nynorsk som blir brukt av forlaget.

– Det er viktig for oss at valfridomen i nynorsk skal takast i bruk. Det som er så fint i nynorsken, er at vi har ein levande valfridom, og eg opplever at det er få bokmålsbrukarar som nyttar valfridomen i deira målform.

På spørsmål om Samlaget rettar seg mot bokmålsbrukarar, svarar forlagsredaktøren at alle i Noreg er målgruppa for bøkene deira.

– Vi tenker ikkje på nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar når vi gir ut bøker. Våre romanar blir sjølvsagt lesne av bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar om kvarandre. Vi sel mest bøker i Oslo, konstaterer han.