Quizhefte for påska: Sport, bilete, godt og blanda – og så klart litt påske
Får du ikkje nok påskenøtter, kan du bryne deg på årets store påskequiz frå Framtida.no!


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil du vere quizmaster for familie og vennar på hytta eller heime i sofaen i påska? Last ned quizhefte med svar-ark, og les opp spørsmåla herfrå.
Quizhefte: PÅSKEQUIZ
Har du ikkje internett på hytta, kan du laste ned spørsmåla her, men då utan musikkoppgåvene: Spørsmålsark
Fasiten ligg i botnen av saka.
Lukke til!
Påske
- I kva hav ligg Påskeøya?
- Kva heiter etterforskaren som held til på Shetland og som har vore påskekrim dei siste åra på NRK? Treng deltakarane alternativ?
-
- Jimmy Perez
- Alec Hardy
- Stella Gibson
-
- Kva heiter den jødiske høgtida som blir feira samstundes som påske?
- Kven er programleiarar for påskenøttene?
- Kva tiår blei Solo lansert?
- Kva dag i påska stod Jesus opp att frå dei døde, ifølgje Bibelen?
Sport
- Kven vart kåra til årets fotballspelar i London i år?
- Kven vann den aller første 5-mila for kvinner på ski?
- Kva hoppar vann hoppveka?
- Kva heiter Fifa-presidenten?
- Kven er trenar for Real Madrid?
- Kva heiter kombinert-utøvaren som vann alt under årets VM?
- Kven køyrer for Ferrari denne Formel 1-sesongen?
- Kva heiter tennissøstrene Williams til fornamn?
Gjett året
Klarar du å finne ut kva år vi skal fram til berre utifrå desse hinta?
- Versaillestraktaten blir underteikna i Paris, Leeds United blir stifta og Mussolini grunnlegg det italienske fascistpartiet.
- Dronning Elisabeth blir krona til dronning, Korea-krigen blir avslutta og Kings Bay-ulukka skjer på Svalbard.
- Titanic får Oscar for beste film, Noreg slår Brasil i fotball og Google blir grunnlagt.
- Det er OL i Salt Lake City, Ari Behn og Märtha Louise giftar seg og Marcus og Martinus blir fødde.
- Taylor Swift gir ut albumet Reputation, Macron vinn presidentvalet i Frankrike, og #metoo-kampanjen startar.
Bilete:
- Kva edelstein er dette?

Foto: Offentleg eigedom, National Museum of Natural History, Washington DC, via Wikimedia Commons
2. Kva blome er dette?

Foto: Ivar Leidus, eige verk, CC BY-SA 4.0 via Wikimedia Commons
3. Kva fugl er dette?

Foto: Alun Williams333 – Eige verk, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons
4. Kva tre har dette bladet?

Foto: Arnstein Rønning – Eige verk, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons
5. Kva stjernebilete er dette?

Foto: Colourbox
6. Kva by er dette i?
Godt og blanda
- Kva film blei kåra til beste film under årets Oscar-utdeling?
- Kva heiter Noregs justisminister?
- Kor mange hovudstadar er det i verda på Z?
- Kor mange år er det sidan The Beatles gav ut debutalbumet Please Please Me?
- Kva er du redd for om du har coulrofobi?
- Kva heiter det siste albumet Taylor Swift gav ut?
- Kva planet er den nest nærmaste sola?
- Kva heiter det nye dataspelet som er basert på Harry Potter-universet?
- Kva land er kåra til det lukkelegaste i verda i 2022?
- Kva betyr det franske «Liberté, égalité, fraternité»?
Musikk
Spel av låten og la deltakarane gjette på song og artist/gruppe:
(Låtane er henta frå topplista (Global og Noreg) på Spotify, viss det kan vere eit hint)

Påske
- Stillehavet = 1p
- Jimmy Perez = 1p
- Pesach (hebraisk) eller Passover (engelsk) = 1p
- Øystein Bache og Rune Gokstad = 1p per riktig, 2p til saman
- 1930-talet (1934) = 1p
- Påskedag/1. påskedag = 1p
Sport
- Martin Ødegaard =1p
- Ragnhild Haga = 1p
- Halvor Egner Granerud = 1p
- Gianni Infantino = 1p
- Carlo Ancelotti = 1p
- Jarl Magnus Riiber = 1 p
- Charles Leclerc og Carlos Sainz = 1p per riktig, maks 2p
- Venus og Serena = 1p per riktig, maks 2p
Gjett året
- 1919 = 1p
- 1953 = 1p
- 1998 = 1p
- 2002 = 1p
- 2017 = 1p
Bilete:
- Safir = 1p
- Liljekonvall = 1p
- Fossekall =1p
- Rogn =1p
- Kassiopeia =1p
- Barcelona = 1p
Godt og blanda
- Everything Everywhere All at Once = 1p
- Emilie Enger Mehl = 1p
- 1 (Zagreb) = 1 p
- 60 år = 1p
- Klovnar = 1p
- Midnights = 1p
- Venus = 1p
- Hogwards Legacy = 1p
- Finland = 1p
- Fridom, likskap og brorskap = 1p
Musikk
- Flowers, Miley Cyrus = 1p + 1p
- Calm Down, Rema, Selena Gomez = 1p + 0,5p + 0,5p
- Mockingbird, Eminem = 1p + 1p
- Unholy, Sam Smith, Kim Petras = 1p + 0,5p + 0,5p
- Klikk, Undergrunn = 1p + 1p
- Floden, Emma Steinbakken = 1p + 1p