Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 10.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei 7 beste Tiktok-fenomena frå 2022

Bridgerton-musikalen sin suksess og nedtur 🧑‍⚖️

Tiktok har teke over musikkindustrien. Det er ikkje tilfeldig at fleire av punkta på lista her inkluderer lenke til Spotify.

I år vann eit av dei meir spesielle musikkfenomena ein Grammy.

«Unofficial Bridgerton Musical», inspirert av den populære Netflix-serien Bridgerton, vann i år ein Grammy for beste musikal-album. Fenomenet spreidde seg først på TikTok, der låtskrivarane Emily Bear og Abigail Barlow delte prosessen bak måten albumet vart til.

@abigailbarlowww I’m pitchy but I’m having too much fun writing this ✨ #IsThisAvailable #fyp ♬ original sound – Abigail Barlow

Dessverre vart det litt for populært. Netflix brydde seg ikkje så mykje om eit album som dei som likte serien kunne høyre på. Likevel vart det noko anna då Bear og Barlow ville produsere ein faktisk musikal.

Det er Netflix som eig opphavsretten på serien, og då den uoffisielle Bridgerton-musikalen gjorde seg klar med faktiske framsyningar, sette dei ein stoppar for det med eit søksmål.

Men, Bridgerton-tilhengjarar kan framleis høyre på albumet til neste sesong kjem ut. Skjermdump @doingthings, skjermdump @_soggy_nugget, <a href=”https://beelzeebub.tumblr.com/post/701284869475614720/goncharov-1973-dir-martin-scorsese-the”>beelzeebub</a> via tumblr, Liam Daniel/Netflix 2020

Cbat-songen 😏

Opphavet til dette fenomenet er eit innlegg på Reddit. Ein kar delte at han hadde ei speleliste for å halde ei god rytme med kjærasten sin i senga. Songen som dei fleste fikserte på var Cbat av Hudson Mohawke.

Det tok ikkje lang tid før heile internett, inkludert TikTok, prøvde å finne ut kva i all verda slags rytme denne mannen hadde med kjærasten sin:

@_soggy_nugget_ Guys got some serious moves 🎶 #demon #thirstydemon #milkdemon #redditguy #reddit #scp #scpfoundation ♬ Cbat – Hudson Mohawke

Artisten Hudson Mohawke som står bak songen har sjølv sagt at han håpar at det ikkje er dette som blir ettermælet hans. Likevel, det er nok vanskeleg å motverke over 200 000 videoar på TikTok som brukar denne ikoniske songen som bakgrunnsmusikk.

Vi kan «Kjøpe hele Sverige!» (kanskje) 🇳🇴

Du trong ikkje vere på TikTok i sommar for å få med deg songen «Kjøpe hele Sverige» av Soppgirobygget.

Var du derimot på platforma som nordmann (eller svenske) var det vanskeleg å unngå han.

@norajholmen This was basically the comment section on my previous one – its all out of love! #norway #sweden #denmark #finland #scandinavia #kjøpehelesverige #fypシ ♬ KJØPE HELE SVERIGE – Soppgirobygget

Svenskane skulle sjølvsagt ikkje vere dårlegare, og slo tilbake med sin eigen song:

@samthemans Det är dags att vi sätter de där norrmännen på plats🇸🇪👑 #norge #kjøpehelesverige #sämstinorden #samtheman producerad av @Adrian_Pontz ♬ Utan Sverige vore Norge ingenting – Sam Pettersson

Om Noreg faktisk kan kjøpe Sverige skal ikkje Framtida.no leggje seg opp i. Det har allereie faktisk.no og Ung Kapital sett på.

Dabloon-tok 😺

Frå ei økonomi-forklaring til ei anna: Kan TikTok lage sin eigen valuta, som fungerer betre enn dei fleste kryptovalutaer?

@dabloon_baank What a lucky find #dabloons #dablooncat #dabloonbank #dablooncatbank #dabloon #dabloonbaank #luckyfind #dabloonville #4dabloons #4dabloon #fyp #fypシ #dabloontok #lucky ♬ original sound – Dabloon Bank

 Ja, er truleg svaret frå dei fleste på dabloon-tok. Dette fenomenet starta med ein katt som dukka opp i feeden din og gav deg liksom-pengane dabloons. Etter kvart dukka det også opp postar som «selde» mat, husrom og andre varer mot pengane som du hadde fått.

@simpledabloonshop hello welcome to my shop traveler affordable prices hello!!!!!!! #dabloons ♬ original sound – SingingMonstersHelp

Frå der utvikla det seg vidare. Folk som gav bort uendeleg med Dabloons førte til inflasjon, og førte til forbod mot å gjeve bort meir enn 140 myntar om gongen. Før ein visste ordet av det hadde dabloon-tok hatt ein revolusjon, innført eit styresett, skattlagt innbyggjarane sine, gjort pengespel ulovleg og rett og slett skapt ein ganske fullstendig liksom-økonomi.

@lightningmcqueenplacemat Replying to @allexiswith2ls spreadsheet update 🫢 she’s a dabillionaire … but i’m a broke dablooniversity student 😔🤚 #dabloons #dabloontok #dablooncat ♬ original sound – ren 🌙☀️

 Ganske omfattande for ein katte-meme.

Goncharov (1973), regissert av Martin Scorsese 🔫

(Dette punktet er litt juks, sidan det i likskap med Cbat ikkje starta på TikTok, men det er som sagt ei subjektiv liste.)

Goncharov er, kort forklart, ei gløymd filmperle regissert av Martin Scorsese, på linje med filmar som Gudfaren. Det er ein mafiafilm som finn stad både i Russland og Italia, med hovudpersonen Goncharov (spelt av Robert De Niro), og karakterar som Katya, André, Sofia, Mario og Ice Pick Joe.

Dette er ein film som ikkje eksisterer.

Likevel er det ein film med plakatar, analysar og ei god mengd fanfiction. TikTok kan ikkje ta all æra for fenomenet Goncharov (1973). Dette kan ein originalt skulde Tumblr for. Likevel er det på TikTok ein har folk som kler seg ut som karakterane, og det er der Fransesca Scorsese har stadfesta at faren hennar har regissert filmen.

@francescascorsese #stitch with @nadow3ll #greenscreen #martinscorsese #goncharof ♬ original sound – Francesca

Cecilia på Svalbard 🐶

«My name is Cecilia, and I live on Svalbard, an island close to the North Pole.»

Slik startar nesten kvar einaste video som Cecilia Blomdahl deler med sine 2,4 millionar følgjarar på TikTok. Den svenske fotografen fortel om kvardagen sin, korleis ting fungerer på den litt sære bustaden Svalbard og hunden sin Grim.

@sejsejlija day in the life in the world’s NORTHERNMOST town 😃✨️ #svalbard #northpole #adayinmylife #foryou #grimsayshi ♬ Hiking – Elgafar

Blomdahl har hatt kontoen sin ei stund, men vart i år inkludert på «The discover list» for 2022 som plattforma kjem med kvart år. For mange er det videoane hennar om polarnatta, midnattssol, og sære reglar som er mest interessant.

@sejsejlija Replying to @blondbomm #svalbard #longyearbyen #polarnight ♬ In The Forest (Acoustic Indie No Copyright) – Instrumental – Lesfm & Olexy

Corn kid (It’s corn!) 🌽

Det heile starta med eit uskuldig intervju med guten Tariq om mais:

@doingthings Do you think corn is real? 🌽 @Recess Therapy ♬ original sound – Doing Things

Entusiasmen Tariq hadde for grønsaka vart raskt sett av fleire millionar, og remixa til ein melodi:

@schmoyoho intro song for any meal/snack with corn 🌽 – from iconic interview on @doingthings ♬ It’s Corn – Tariq & The Gregory Brothers & Recess Therapy

Som kort tid etter vart laga om til ein fullstendig song:

Det viste seg at det å forklare kor mykje du likar ein ting gjer seg godt med Tariq sin entusiastiske kjærleikssong til mais.


Vil du lese meir om Tiktok?