Quiz: Kor god er du på reklameslagord?

Dei fleste av oss blir eksponert for reklame anten vi vil det eller ei. Sjekk om slagorda frå reklamane har sett seg.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Quiz: Kjenner du att reklameslagorda?

  1. Spørsmål 1 av 15

    1.

    Kven har laga reklamar med slagordet «Noen forhold varer livet ut?»

    • Stemmer! Du har nok eit lojalt forhold til Norvegia

      Du hugsar vel reklamen med læraren som tar seg av nye elevar, men som aldri byter ut Norvegia som pålegg i matpakken? Eller Edward Schultheiss som stadig slår opp med kjærastane sine, men aldri med Norvegiaen?

    • Feil!

      Du er kanskje meir enn Jarlsberg-fan? Du hugsar i alle fall ikkje reklamen med læraren som tar seg av nye elevar, men som aldri byter ut Norvegia som pålegg i matpakken, eller Edward Schultheiss som stadig slår opp med kjærastane sine, men aldri med Norvegiaen.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  2. Spørsmål 2 av 15

    2.

    Kva får du om du kjøper «Et lite stykke Norge»?

    • Denne var enkel for deg!

      Så klart er det Freia Melkesjokolade som presenterer seg som «et lite stykke Norge». På nettsidene sine skriv dei: «Med melk fra norske kuer har Freia Melkesjokolade en naturlig plass i norske hjem… vi kaller det et lite stykke Norge.»

    • Korleis har du ikkje fått med deg denne?

      Så klart er det Freia Melkesjokolade som presenterer seg som «et lite stykke Norge». På nettsidene sine skriv dei: «Med melk fra norske kuer har Freia Melkesjokolade en naturlig plass i norske hjem… vi kaller det et lite stykke Norge.»

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  3. Spørsmål 3 av 15

    3.

    Kva merke kjøper du «fordi du fortener det?»

    • Du fortener heider for svaret ditt, for det er heilt rett!

      Det er kanskje det mest ikoniske skjønnheits-slagordet gjennom tidene. L’Oréal Paris freistar å overtyde deg til at det er innanfor å bruke pengar på sminke-, hår- og hudpleieprodukta deira «Because You’re Worth It», «fordi du fortener det». 

      Det var 23 år gamle Ilon Specht som i 1971 kom opp med slagordet til ein kampanje for hårfarge.

      – Nesten alt du nokon gong hadde sett handla om kvinner som gjorde ting fordi dei ville vere attraktive for menn. Eg ønska ei meir sjølvsikker, meir moderne, ekte kvinne, og eg ville at det skulle kome kvinnene til gode, fortel ho på nettsidene til merket i samband med slagordets 50-årsjubileum.

    • Du fortener ikkje skryt for dette svaret i alle fall. 

  4. Spørsmål 4 av 15

    4.

    Kven har slagordet «I’m lovin’ it»?

    • Riktig!

      Du berre elskar McDonald’s, eller? Det er i alle fall det burgerkjeda vil at du skal gjere. Du har garantert høyrt jinglen med slagordet «I’m lovin’ it»?

    • Feil!

      Du elskar kanskje ikkje McDonald’s, slik burgerkjeda vil at du skal gjere. Du kopla i alle fall ikkje jinglen med slagordet «I’m lovin’ it» med McDonald’s.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  5. Spørsmål 5 av 15

    5.

    Kva sportsmerke har slagordet «Just do it»?

    • Du berre gjorde det, og svarte rett!

      Dørstokkmila kan vere tung, men Nike oppmodar deg til å «just do it». Og aller helst i sko og klede frå deira eige merke. Slagordet såg dagens lys i 1988.

    • Feil!

      Dørstokkmila kan vere tung, men Nike oppmodar deg til å «just do it». Og aller helst i sko og klede frå deira eige merke. Slagordet såg dagens lys i 1988.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  6. Spørsmål 6 av 15

    6.

    Kva mobilleverandør er det som tar æra for at dei «connecting people»?

    • Korrekt!

      Våre finske vennar i Nokia har blitt kjende for slagordet «connecting people».

      Dei var lenge leiande på mobilfronten, men i dag er det kanskje Apple sin iPhone som i størst grad fører folk saman over telenettet?

    • Bom!

      Våre finske vennar i Nokia har blitt kjende for slagordet «connecting people».

      Dei var lenge leiande på mobilfronten, men i dag er det kanskje Apple sin iPhone som i størst grad fører folk saman over telenettet?

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  7. Spørsmål 7 av 15

    7.

    Så kva er eigentleg slagordet til Apple?

    • Riktig!

      Dei tenkte utanfor boksen hjå Apple, og lanserte i 1997 slagordet «Think Different». Det lønte seg, og i dag er dei ikkje lenger nokon outsider på marknaden. 

    • Du er heilt på jordet.

      Dei tenkte utanfor boksen hjå Apple, og lanserte i 1997 slagordet «Think Different». Det lønte seg, og i dag er dei ikkje lenger nokon outsider på marknaden. 

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  8. Spørsmål 8 av 15

    8.

    Kva er slagordet til Coca-Cola i dag?

    • Ein cola til deg!

      I 2021 endra Coca-Cola slagordet sitt til «Real Magic»

      Den populære drikken har hatt ein haug med slagord frå han vart funnen opp i 1886 til i dag. Til dømes var slagordet «Life Tastes Good» mellom 2001 og 2003, «The Coke Side of Life» frå 2006 til 2009 og «Taste the Feeling» frå 2016 til 2021. 

    • Ingen cola på deg.

  9. Spørsmål 9 av 15

    9.

    Kva er det «det skal godt gjøres å bare spise én» av?

    • Heilt rett!

      Sjokoladen har ein reklame som faktisk ikkje lyg. Det skal nemleg godt gjerast å berre ete ein salt, søt og sprø Smash-bit! 

    • Det skal godt gjerast å svare så feil…

      Sjokoladen har ein reklame som faktisk ikkje lyg. Det skal nemleg godt gjerast å berre ete ein salt, søt og sprø Smash-bit! 

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  10. Spørsmål 10 av 15

    10.

    Fyll inn det som manglar: «… for liten, … for stor.»

    • Plankekøyring!

      Denne reklamen har du nok fått med deg nokre gonger. Det er sjølvsagt såpeprodusenten Lano som blir assosiert med slagordet «Lano for liten. Lano for stor.»

    • Har du ikkje fått med deg denne?

      Det er sjølvsagt såpeprodusenten Lano som blir assosiert med slagordet «Lano for liten. Lano for stor.»

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  11. Spørsmål 11 av 15

    11.

    Kven reklamerer med at «en dråpe er nok»?

    • Du er god!

      Oppvaskmiddelet Zalo reklamerer med at «en dråpe er nok», men dei fleste av oss må vel vere ærleg og innrømme at vi brukar litt meir enn det når vi tar oppvasken.

    • Du brukar nok meir enn ein dråpe Zalo, for dette var feil. 

      Oppvaskmiddelet Zalo reklamerer med at «en dråpe er nok».

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  12. Spørsmål 12 av 15

    12.

    Fullfør slagordet: «Jordan…»

    • Hurra, du «vet hvordan»!

      Og Jordan «vet hvordan» å rime i ein reklame. Dei hevdar òg å vite korleis ein tek vare på tennene sine. 

    • Du veit ikkje korleis du svarar rett her.

      Men Jordan «vet hvordan» å rime i ein reklame. Dei hevdar òg å vite korleis ein tek vare på tennene sine. 

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  13. Spørsmål 13 av 15

    13.

    Dagen blir ikkje heilt den same utan…?

    • Du svarar rett.

      VG prøver å overtyde deg om at «Dagen blir ikke helt den same uten VG». 

    • Du svarar feil.

      VG prøver å overtyde deg om at «Dagen blir ikke helt den same uten VG». 

      PS! Svarte du Framtida.no sender vi masse kjærleik, sjølv om du dessverre ikkje får poeng for slagordet. <3<3<3<3

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  14. Spørsmål 14 av 15

    14.

    Rema 1000 var lenge kjent for slagordet; «Det enkle er ofte det beste», men i 2021 bytte dei ut dette. Kva er det nye?

    • 1000 poeng til deg!

      Dei fleste tenkjer nok på slagordet; «Det enkle er nok det beste», når dei høyrer Rema 1000. I 2021 valde daglegvarekjeda likevel å byte ut det kjente slagordet. 

      Deira nye slagord og konsept, «Det er 1000 gode grunner til å velge Rema 1000», skal gje kundane tusen gode grunnar til å handle hjå dei.

    • 1000 gonger feil!

      Dei fleste tenkjer nok på slagordet «Det enkle er nok det beste» når dei høyrer Rema 1000. I 2021 valde daglegvarekjeda likevel å byte ut det kjente slagordet. 

      Deira nye slagord og konsept, «Det er 1000 gode grunner til å velge Rema 1000», skal gje kundane tusen gode grunnar til å handle hjå dei.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  15. Spørsmål 15 av 15

    15.

    Kva «gir deg vinger»?

    • Du flyg av stad med dette svaret. 

      Det hjelper rett nok på 14-kneika med koffein og energidrikk, men dei tar litt vel i når dei påstår at «Redbull gir deg vinger».

    • Dette svaret fekk deg ikkje til å lette.

      Det hjelper rett nok på 14-kneika med koffein og energidrikk, men dei tar litt vel i når dei påstår at «Redbull gir deg vinger».

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt

Resultat:  

Vurdering: