Finland er for femte året på rad kåra til det lykkelegaste landet i verda, medan Afghanistan ligg aller nedst på lista, tett følgt av Libanon og Venezuela.
NPK-NTB-AFP
NPK-NTB-AFP

Danmark kjem på andreplass på lista til World Happiness Report, følgd av Island, Sveits, Nederland, Luxembourg og Sverige.

Noreg låg på femteplass i åra 2017 til 2019, men har sidan falle til ein åttandeplass på lista. Rangeringa er utarbeidd av amerikanske forskarar, basert på spørjeundersøkingar i 146 land.

Innbyggjarane blir mellom anna bedne om å rangere si eiga generelle lykke, økonomi og personlege fridom på ein skala frå éin til ti.

USA har klatra tre plassar på lista sidan Joe Biden overtok som president etter Donald Trump. Storbritannia følgjer på plassen etter, og Frankrike har klatra til ein 20.-plass, som er høgare enn landet har vore nokon gong før.

Dette er dei ti lykkelegaste landa:

1. Finland
2. Danmark
3. Island
4. Sveits
5. Nederland
6. Luxembourg
7. Sverige
8. Noreg
9. Israel
10. New Zealand

Dette er dei ti minst lykkelege landa:

137. Zambia
138. Malawi
139. Tanzania
140. Sierra Leone
141. Lesotho
142. Botswana
143. Rwanda
144. Zimbabwe
145. Libanon
146. Afghanistan


Illustrasjonsfoto: Lisaberg29/Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0, Hans Gedda/Offentleg eigedom
Oppdatert: laurdag 19. mars 2022 11.04
ANNONSE