Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 22.02.2022 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

14. januar 1972 døydde kong Fredrik IX, og Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid tok over som dronning i Danmark.

50 år seinare sit Margrethe II framleis på trona i nabolandet vårt, 81 år gamal. Så langt har ho vore borti 24 ulike regjeringar, med ni ulike statsministrar.

Medan vi kryssar fingrane for at det éin dag skal kome ein dansk versjon av The Crown, lat oss bli litt betre kjent med den andre store kvinnelege monarken i vår tid.

Her er åtte ting du kanskje ikkje visste om dronning Margrethe.

1. Grunnlovsendring

Visste du at det eigentleg berre var så vidt Margrethe av Danmark blei dronning? Kvinner fekk først arve trona i Danmark då kongelova kom i 1665, men ordninga blei avskaffa igjen i 1853.

Prinsesse Margrethe blei fødd i 1940, berre ei veke etter at nazistane invaderte Danmark. Foreldra hennar, dåverande kronprins Frederik og kronprinsesse Ingrid av Danmark, fekk aldri nokon son. Den neste i arverekkjefølgja var difor den yngre broren til kongen, Knud, og så sonen hans, Ingolf.

Men Folketinget i Danmark hadde ei stund hatt lyst til å endre den danske grunnlova. For å få til det, måtte 45 prosent av dei røysteføre røyste for. Kongehuset og prinsesse Margrethe var populære, og statsminister Erik Eriksen fekk ideen om å ta med kvinneleg arvefølgje som ein del av grunnlovsendringa, og slik få fleire til å røyste for.

I 1953 røysta det danske folket, men det var berre så vidt det gjekk igjennom, med 46 prosent. Men det var nok det, og prinsesse Margrethe rykte fram som den første i arverekkja.

2. Ringenes herre og kunst

Nett som vår eiga dronning, er dronning Margrethe ei kreativ og kunstnarisk sjel. Det danske kongehuset skriv på nettsidene sine at dronninga si interesse for kunst er stor, og at ho sjølv har hatt fleire utstillingar i danske og utanlandske museum.

Margrethe II er mellom anna god til å brodere, måle og designe kostyme. Ho har skrive manus, vore forteljar og laga scenografi til film. Heilt sidan barndommen har dronninga vore glad i å teikne, og det var då ho i 1970 teikna Danmark og Grønland sitt julefrimerke at talentet hennar verkeleg blei kjent for offentlegheita.

Det var òg dronning Margrethe som illustrerte Ringenes Herre-bøkene på dansk.

Danske Gyldendal skriv at då forfattaren J.R.R. Tolkien døydde i 1973, blei det funne ei rekkje svart-kvitt-skisser til Ringenes Herre teikna av ei Ingahild Grathmer. Ifølgje forlaget haddet Tolkien, som elles ikkje brydde seg om illustrasjonar til verka sine, skribla ned kommentarar og anbefalingar, og han var «fascinert av teikningane sin mystikk og atmosfære». Det viste seg at det var sjølvaste dronning Margrethe som skjulte seg bak pseudonymet Ingahild Grathmer, og at ho som ung prinsesse hadde sendt illustrasjonane til Tolkien.

Gyldendal gav i 1977 ut 1.500 utgåver med dronninga sine illustrasjonar, som raskt blei rivne vekk. No har dei for første gong sidan det gitt ut den illustrerte utgåva, i revidert omsetjing.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

ET INNLEGG DELT AV GYLDENDAL (@FORLAGETGYLDENDAL)

3. Den første og den andre dronninga

Du har kanskje lagt merkje til at dronning Margrethe har romertalet to bak namnet sitt. Danmark har ei lang rekkje med kongar bak seg, som frå 1400-talet kreativt nok for det meste heiter anten Christian eller Frederik. Men to kvinner har òg regjert Danmark, og begge har hatt heitt det same.

Vi må rett nok ganske langt tilbake i tid for å finne sist gong det var ei kvinne som styrte over naboane våre i sør. Men, det var til gjengjeld eit rimeleg legendarisk styre, i alle fall for Danmark sin del, som til slutt sat med makta over heile Norden.

Margrete 1. regjerte Danmark mellom 1375 og 1412. Men denne Margrete tok aldri tittelen dronning av Danmark, sjølv om ho blei sett på som det. Margrethe II er dimed den første regjerande dronninga av Danmark. 

Den første Margrete blei i staden ho vald til «fullmektig frue og husbond og hele Danmarks rikes formynder». Sjølv omtalte ho seg som «Margrete af Guds nåde, Valdemar Danekonges datter».

Illustrasjon: Hans Peter Hansen – Niels Bache, Nordens Historie, 1884, Offentleg eigedom, Wikimedia Commons

Det blir heller ingen ny kvinneleg arving med det første. Etter Margrethe II følgjer kronprins Frederik. Det vil for så vidt øydeleggje streaken med Christian-ar og Frederik-ar som følgjer etter kvarandre, for no blir det Frederik – Margrethe – Frederik.

Men etter dette følgjer son hans prins Christian igjen, så då er vi back on track. Prinsesse Isabella er den tredje i arverekkja.

4. Islandsk namn

Vi har etablert at danskane er ganske nøye på namna til monarkane sine. Dei skal tydelegvis heite anten Christian, Frederik eller Margrethe. Dronning Margrethe er kalla opp etter mormora si som heitte Margareta og var prinsesse av Sverige. Morofakta: Dei har begge to kjælenamnet Daisy.

Men kvifor har Margrethe mellomnamnet Þórhildur – det høyrest jo ikkje spesielt dansk ut?

Vel, fram til 1944 var Margrethe faktisk også prinsesse av Island. Kongeriket Island var eit konstitusjonelt monarki mellom 1918 og 1944, foreint med Danmark under ein felles konge. Sidan far hennar var konge av Island då ho blei fødd, fekk ho også eit islandsk namn.

Mellomnamnet Alexandrine fekk den noverande dronninga etter farmora si, dronning Alexandrine, og namnet Ingrid er frå mor til Margrethe, som òg var fødd prinsesse av Sverige. 

Margrethe II sitt valspråk er «Guds hjælp, folkets kærlighed, Danmarks styrke».

5. Kjent slekt

Dronning Margrethe er ein del av det nordtyske fyrstehuset Glücksburg. Og til det huset er det fleire vi kjenner som høyrer til. Dronning Margrethe er faktisk tremenningen til vår eigen kong Harald.

KJEKT MED SLEKT: Tremenningane dronning Margrethe og kong Harald kosar seg på balkongen under eit hopprenn i Holmenkollen. Foto: Heiko Junge / NTB .

Glücksburg er ein liten by i nærleiken av Flensburg i Nord-Tyskland, og både det norske, danske og det greske kongehuset stammar herfrå. Glücksburg er ei grein av huset Oldenburg.

Dronning Margrethe gifta seg i 1967 med den franske diplomaten Henri Marie Jean André greve de Laborde de Monpezat, som fekk tittelen prins Henrik og er kjent som prinsgemalen.

Dei fekk dei to barna Frederik André Henrik Christian (kronprins Frederik) og Joachim Holger Waldemar Christian (prins Joachim).

6. Arkeologi og militæret

Dronninga har ikkje berre gått dronningskulen, ho har òg studert både statsvitskap og arkeologi ved Universitet i Århus og ved Cambridge. Margrethe har vidare studert ved Sorbonne i Paris og ved London School of Economics. Det var under opphaldet i London at ho møtte sin utkåra, som arbeidde ved den franske ambassaden i London.

Dronninga er kjent for interessa si for arkeologi, og ho har delteke i fleire arkeologiske utgravingar, mellom anna frå Etruria i dagens Italia. Kanskje har ho arva interessa frå morfaren Gustaf VI Adolf av Sverige, som også var oppteken av arkeologi.

Danmarks dronning Margrethe besøkte Arkeologisk museum i Stavanger. Dronninga er oppteken av og har stor kunnskap om arkeologi og historie, men også imponerande kunnskap om det store våpenofferfunnet Illerup som består av over 40.000 våpen og anna krigsutstyr, og som er utstillinga “Slaget. Ryger på hærferd” sitt utgangspunkt. Foto: Alf Ove Hansen / SCANPIX

Margrethe var òg i frivillig teneste ved Kvindeligt Flyverkorps i det danske Forsvaret i perioden 1958-1970. Der fekk ho ifølgje hoffet ei allsidig utdanning i korpset som korporal, sersjant og løytnant i Kvindeligt Flyvekorps. Ho er òg utnemnd til æresoberst i det britiske forsvaret.

7. Sarkofag

Ikkje at vi ventar på den dagen ho skal gravleggast, men vi må nesten ta med sarkofagen til dronning Margrethe.

Ingenting er tilfeldig når ein monark døyr, så dronninga har naturlegvis planlagt kvar ho skal kvile.

Det blir i Roskilde Domkirke, i Sankt Birgittas Kapell, ved sida av rundt 40 danske kongar og dronninger frå den tidlege mellomalderen til i dag. Sarkofagen fungerer som ein slags royal gravstein, og er denne glaskista, som står på tre elefantsøyler.

Dronning Margrethe II sin sarkofag. Foto: Keld Navntoft, Kongehuset ©

Arbeidet med gravmælet har halde på sidan 2003, og blei ferdig i 2018, til prisen av 29 millionar kroner. Det er bilethoggaren Bjørn Nørgaard som har laga sarkofagen.

Dronninga skal liggje i ei krypt under sarkofagen. Sjølve sarkofagen er laga i glas, medan sokkelen er av sandstein frå Frankrike. Glaskista blir halden oppe av tre søyler av høvevis grønlandsk marmor, færøysk basalt og bornholmsk granitt, som symboliserer heile riksfellesskapet, ifølgje ei pressemelding frå Kongehuset, gjeve att av Berlingske. Søylene har elefanthovud i sølv.

Inne i glassarkofagen er det eit holrom med to liggjande figurar, som representerer dronning Margrethe og prins Henrik. Opphaveleg skulle også prins Henrik bli gravlagt i kapellet, men han endra meining. I staden er osken hans strøydd på havet og i den private slottshagen på Fredensborg.

8. Elefantriddar

Kvifor er det elefanthovud på søylene til sarkofagen? Dronning Margrethe har ei rekkje danske og utanlandske ordenar og utmerkingar, mellom anna den norske Storkrossen med kjede av St. Olavs Orden. Den høgste utmerkinga i Danmark er den danske riddarordenen Elefantordenen. Han er ein av dei eldste i Europa, og blei grunnlagt rundt 1457.

Danmarks regjerande monark, altså dronning Margrethe, er ordenens ordensherre. Kong Harald, dronning Sonja, kronprins Haakon og Märtha Louise er alle riddarar av Elefantordenen.

Truleg symboliserer elefanten krigselefanten, som står for kristendommens forkjemparar. Elefanten symboliserer òg reinleik. 

Elefantordenen. Bilete: Offentleg eigedom via Wikimedia Commons

Kjelder: Det danske kongehuset, Wikipedia, Store Norske Leksikon