Hjelpeorganisasjonar: Pandemien endrar kva vi støttar før jul

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire humanitære organisasjonar opplevde at 2020 var eit særs godt år for innsamling. I år melder fleire om målretta støtte, mellom anna til dei som har det vanskeleg i Noreg.

– Søkjelyset på psykisk helse er stort. Salet vårt av sommarfuglarmband er eit døme. Det symboliserer støtte til arbeidet for psykisk helse og er det vi sel mest av. I tillegg kjem vaksinar og reint vatn høgt opp på folks lister over kva dei støttar, skriv generalsekretær Dagfinn Høybråten i Kirkens Nødhjelp i ein e-post til NTB.

Kirkens Bymisjon meiner pandemien har bidrege til auka forståing og sympati med at folk slit generelt. Dei opplever at fleire har det tungt no.

– Heldigvis ser vi at givargleda aukar i takt med behovet. Ho har stige jamt dei siste åra og markant i fjor, seier generalsekretær Adelheid Firing Hvambsal.

Generalsekretær i Kirkens Bymisjon Adelheid Firing Hvambsal seier det hittil ser ut til at hjartevarmen er like stor i år som før jul i fjor. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Nye med behov

Det er inga total oversikt over omfanget av husstandar som får hjelp i Noreg, men i fjor fekk over 15.000 familiar bistand berre frå Frelsesarmeen før jul. Det var mat, varme klede og over 22.000 julegåver.

I år opplever dei aukande pågang frå folk som har det tøft materielt og psykisk, før jul.

– Høge bensin- og straumprisar, uvisse på jobb og korona – det er mykje på ein gong. Mange slit med å stelle seg til så mykje samtidig, seier kommunikasjonssjef Geir Smith-Solevåg i Frelsesarmeen.

Han seier all bekymringa og uvissa over så lang tid tærer ekstra på folk.

– For mange er det første gong dei opplever å ikkje kunne forsørgje seg og familien sin, og dei kjenner enorm fortviling.

Frelsesarmeen sette ny julerekord i fjor, og seier det rører at folk er veldig rause.

– For mange hjelper det nok å gi, få den direkte kjensla av at ein bidreg, seier Smith-Solevåg.

Hvambsal i Kirkens Bymisjon meiner pandemien har ført til eit meir omsorgsfullt samfunn, fordi han har synleggjort at alle er sårbare.

– Restriksjonane gjorde at folk som trudde dei hadde ein robust økonomi, plutseleg stod utan inntekt og fekk store problem med å få økonomien til å gå rundt.

Frelsesarmeen har over 200 julegryter over heile landet. Med moglegheita for å vipse til grytene, har folk gitt meir. Foto: Berit Roald / NTB / NPK

Vil vaksinere

Unicef opplyser at det førebels er meir pågang enn i fjor. Det er både fleire som kjøper såkalla «gåver med meining», inkludert fleire bedrifter, og kundane brukar meir pengar enn før.

– Så langt er det covid-19-vaksinasjonspakkar som sel mest. Folk vil bidra til at fleire folk i låginntektsland får vaksinen, seier kommunikasjonsdirektør Jean-Yves M. Gallardo.

Unicef distribuerer vaksinebidraga gjennom Covax-samarbeidet.

Norsk Folkehjelp har ikkje same moglegheit til direkte støtte i pandemiarbeidet, og opplever at folk er tilbake på normalen, etter eit særs godt år for innsamling i fjor. Hos dei er det gåvekort relatert til minerydding som sel klart best.

Røde Kors har tradisjonelt selt mest gåvekort med internasjonale formål.

– Men dei siste åra har vi sett at kort med nasjonale formål, til dømes der gåva går til Besøksvenn og arbeidet vårt for barn i Noreg, har auka, seier marknadssjef for privatmarknad Nina Elisabeth Larsen.

Alternative gåver

Nordmenn gir pengar direkte, men bidreg òg på vegner av andre. I ei undersøking Respons Analyse har gjort for Kirkens Nødhjelp seier ein firedel av dei spurde at dei vil gi ei slik alternativ gåve i år, og høgast er delen blant kvinner, dei med høgare utdanning og god inntekt.

Blant over 1.000 personar frå heile landet svarer ein firedel av dei spurde at dei har fått ei alternativ gåve før, og over halvparten av dei spurde kan tenkje seg å få slike gåver i år.

Samtidig svarer nesten ein tredel at dei ikkje vil ha alternative julegåver, og ein firedel vil heller ikkje gi slike presangar til jul.

Hos Røde Kors seier dei at det har vore noko nedgang i interessa for og sal av symbolkort, men ein auke i sal av fysiske produkt.

– Særleg Røverkaffe, som er laga av tidlegare innsette i prosjektet «Nettverk etter soning», har vore veldig populært, i tillegg til førstehjelpssett og vassflasker, opplyser dei. (©NPK)