Dette er dei største på TikTok

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om årets BlimE-låt!

Fleire millionar har laga sin eigen brukar på TikTok etter at tenesta vart lansert i 2017. Appen er tilgjengeleg i over 150 land og har 75 ulike språk, noko som fortel at han er svært populær, skriv Dexerto.

Men lurer du på kven som har flest følgjarar? Her får du fasiten!

5. Zach King – 63 millionar følgjarar

King starta si sosiale medium-karriere på appen Vine. Etter at han vart lagt ned, flytta han over til TikTok. Han har også ein kjend YouTube-kanal.

@zachkingNever walk on someone’s #chalk #art♬ original sound – Zach King

4. Bella Poarch – 78, 2 millionar følgjarar

Den amerikansk-filippinske stjerna starta TikTok-kontoen sin i april 2020, og allereie no har ho over 75 millionar følgjarar. TikTok-videoane hennar handlar ofte om spel. Ho har også gitt ut låta «Build a Bitch», som har blitt ein stor suksess.

@bellapoarchBUILD A B*TCH MUSIC VIDEO OUT NOW!!!!!! LINK IN BIO???♬ Build a B*tch – Bella Poarch

3. Addison Rae – 82,4 millionar følgjarar

Addison Rae er mest kjent for dansekoreografivideoane sine. Etter suksessen på TikTok, har ho også laga seg ein svært populær YouTube-konto.

@addisonre@taymarquise♬ Clap For ‘Em (feat. Flo Milli & Sada Baby) – YungManny

2. Khabane Lame — 101,3 millionar følgjarar

Den italiensk TikTokaren Khabane Lame, er eit av TikTok sine mest kjende ansikt. Lame er kjend for å reagera på videoar som har gått viralt, berre ved å bruka kroppsspråket sitt.

@khaby.lameIg:@khaby00♬ suono originale – Khabane lame

1. Charli D’Amelio—122,1 millionar følgjarar

Den mest følgde personen på TikTok er Charli D’Amelio. 17-åringen har heile 122,1 millionar følgjarar der, i tillegg til at ho også har skaffa seg ein svært populær YouTube-konto. D’Amelio er kjend for dansekoreografiane sine.

@charlidamelio@gemmah_ dc @trvpandre @dejuane.mccoy @justinplaness♬ It Won’t Stop (feat. Chris Brown) [DWYR Radio Edit] – Sevyn Streeter


Det er ikkje berre på TikTok Khaby Lame gjer det bra. På Instagram har han 33,9 millionar følgjarar. Skjermdump: @khaby00 / Instagram