Jon Fosse toppar haustlista til Samlaget med avslutninga på storverket sitt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Septologien» har tidlegare bode på bøkene «Det andre namnet» og «Eg er ein annan». Dei har ifølgje forlaget hausta glitrande kritikkar og både nasjonalt og internasjonalt, er selt til ei rekkje land – og første bind vart dessutan nominerte til Bookerprisen.

– Eg hadde ikkje tenkt å lage ei lang bok i det heile, men det vart berre slik. Eg ville skrive på ein sakte måte. Men eg ville ikkje skrive ei lang bok. Det berre skjedde, har Fosse uttalt om det storslåtte bokverket.

Samlaget slepper dessutan laus ei ny utgåve av Fosses 1985-roman «Stengd gitar» og hans «Dikt i samling», så vel som det sceniske diktet «Sterk vind», som får urpremiere på teaterscena i haust. Alt kjem i september.

Forfattaren og musikaren Gaute M. Sortland er frå Haugesund. Foto: Sverre Skjold

Pre- og postapokalyptiske noveller

Men først ut på haustlista for skjønnlitteratur for vaksne er Gaute Sortland, som slepper «Avsporingar. Pre- og postapokalyptiske noveller» 11. august.

Deretter følgjer Kari Anne Byes «Eg bur her no» og Mona Høvrings familieportrett «Soga om Fråid» dei neste vekene.

Olga Ravn kjem med romanen «Dei tilsette» og Arild Rein med «Domestiserte dyr» i september.

I oktober er klart for romanen «Team Tuva» frå Marit Eikemo og svenske Åsa Maria Krafts dikt «Robotsand».

Fattigdom og krisetid

Samlaget byr òg på eit knippe fakta- og dokumentarbøker denne hausten, mellom anna skriv Maria Lavik om barnefattigdom i «Vi, dei fattige», som kjem i august og Halvor Folgerø om farlege og spektakulære vegstrekningar i «Vestlandsvegar» som blir sleppt i oktober.

Det vankar òg fem titlar i det Samlaget kallar «Krisetid»-serien, pamflettar som fortel om korleis menneske før i tida har opplevd og takla kriser. «For å forstå oss sjølve og tida vi lever i, må vi også forstå historia», heiter det.

Kathrine Nedrejord skriv om «Flukta til Finnmark», Knut Kjelstadli «Dei harde trettiåra», Hans Jacob Orning om «Dei norske borgarkrigane 1130-1240», Ingjerd Veiden Brakstad kjem med «Etter folkemordet 1945-» og Astor Furseth skriv om «Noregs største steinras Tjelleskredet 1756».

Forfattar Ruth Lillegraven kjem med ei ny bok i barnebokserien «Klodeklubben». Pressefoto: Agnete Brun/Samlaget

Barnebøker

Dei minste og yngre får òg sitt, med mellom anna «Fiskebolleboksraketten» av Anna Folkestad, å lese allereie fredag, «Ein bror i verdsrommet» av Rune Hjemås og «Floke» av Ida Eva Neverdahl. Ruth Lillegraven slepper laus «Julemysteriet» i serien «Klodeklubben», medan Line Dybedal og Line Renslebråten byr på «Eit hjarte til jul» i oktober.

I november slepper Herborg Kråkevik laus «Juleroser» igjen, denne gongen med bidrag frå mellom anna Agnes Ravatn, Edvard Hoem, Ingrid Bjørnov, Maria Navarro Skaranger og Håkon Gullvåg, og med ein ny julesalme, «Syng song», skrive av Karoline Krüger. Den får følgje av «Barnas juleroser». (©NPK)