Popstjerna Dagny speler sjukepleiar i norsk Netflix-serie

18. desember kjem sesong 2 av den norske Netflix-serien «Hjem til jul». Her har artisten Dagny Norvoll Sandvik fått ei rolle.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samtidig melder Netflix at Felix Sandman, Stian Blipp, Gabrielle Leithaug og Oddgeir Thune alle returnerer til skjermen i sesong to av «Hjem til jul». Det er allereie kjent at Ida Elise Broch, Dennis Storhøi og Anette Hoff gjentek rollene sine.

Andresesongen av «Hjem til jul» landar i Netflix-tilbodet 18. desember.

Ida Elise Broch speler hovudrolla som Johanne i Netflix-serien «Hjem til jul». I den nyaste sesongen får ho selskap av Lisa (Dagny Norvoll Sandvik). Foto: Netflix

Den siste episoden i sesong éin vart avslutta med at det ringjer på døra. Men då Johanne går for å opne, får ikkje sjåarane sjå anna enn at ho smiler til den som står der ute.

Regissør for serien, som har vorte omtalt som ei småfrekk sjarmbombe, og som var den første norskspråklege Netflix-serien nokosinne, er Per-Olav Sørensen. Han er òg med på manussida – saman med Julie Skaufel, Mattis Herman Nyquist og Miriam Larsen.