Dei skreiv under mannlege pseudonym – no skal deira eigne namn pryde framsidene

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 24.08.2020 12:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til neste år fyller den britiske litteraturprisen Women’s Prize for Fiction 25 år, og for å feire relanserer prisorganisasjonen 25 bøker skrivne av kvinnelege forfattarar.

Verka var originalt gjevne ut under pseudonym, men no skal deira eige namn pryde framsida på kvar ei bok for første gong. Serien har få Reclaim her name.

Bøkene finst gratis tilgjengeleg digitalt, og den samla serien vert donert til utvalde britiske bibliotek.

Skal få anerkjenninga dei fortener

Gjennom historien har mange kvinner brukt mannlege pseudonym for at arbeidet deira skal verte publisert eller teken alvorleg, står det skrive i pressemeldinga, men no skal dei få den anerkjenninga dei fortener.

Blant dei utvalde verka er Marie of the Cabin Club av Ann Petry. Debutboka til Petry frå 1946, The Streets, er kjend for å vere den første boka skriven av ei afroamerikansk kvinne til å selje meir enn éin million utgåver. Men på framsida av den, og på Marie of the Cabin Club, stod namnet Arnold Petri.

Foto: Baileys Women’s Prize for Fiction

Indiana (1832) av franske Amantine Aurore Dupin har vorte lesen som eit forsvar for kvinners rettar, men på framsida stod George Sand som forfattar.

Middlemarch av britiske Mary Ann Evans vart gjeven ut i 1871-72 under namnet George Eliot. Både Dronning Victoria og Charles Dickens skal ha vore begeistra for bøkene hennar, og sistnemnde skreiv i eit brev til Evans (under namnet Eliot) at han mistenkte at forfattaren var ei kvinne.

– Eg har observert det som for meg verkar som så kvinnelege trekk, i desse rørande verka, at forsikringa på framsida ikkje er nok til å tilfredsstille meg, sjølv no, skreiv Dickens.

Det var først då ein mann prøvde ta på seg æra for å ha skrive bøkene at Mary Ann Evans var tvinga til å stå fram med sitt ekte namn. Men på framsidene stod framleis George Eliot – heilt til no.

Forfattarane har ulike strategiar på portretta sine, og skilnadane mellom kjønna er store. Frå venstre: Heidi Furre, Jon Fosse og Vigdis Hjorth. Foto: Heidi Furre/Flamme, Tom A. Kolstad/Samlaget, Agnete Brun/Cappelen Damm.