Rapport: Bruken av fornybar energi i Noreg har berre auka med 4 prosentpoeng på ti år

51 prosent av energiforbruket i Noreg blir dekt av fornybare energikjelder. Sidan 2010 har delen auka med 4 prosentpoeng, ifølgje Fornybarometeret.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 03.06.2020 15:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølv om Noreg har store fornybare kraftressursar, bruker vi framleis mykje fossil energi frå olje og gass i transport og industri, viser barometeret frå interesse- og arbeidsgiverorganisasjonen Energi Norge, som blir lagt fram tysdag formiddag på eit arrangement med mellom anna olje- og energiminister Tina Bru (H).

Noreg har eit mål om å kutte 50 prosent av klimagassutsleppa innan 2030. For å nå målet, er elektrifiseringstiltak blant dei viktigaste verkemidla, ifølgje Klimakur 2030.

Ifølgje rapporten har transportnæringa ein fornybardel på 14 prosent. I næringa blir det brukt altså 86 prosent fossil energi, særleg innan tungtransport, sjøfart og luftfart.

Fryktar oppbremsing

Industribedrifter har ein fornybardel på 63 prosent, medan hushalda ligg på topp med 72 prosent energibruk frå fornybare kjelder, inkludert ein kraftig vekst i elektriske privatbilar.

På grunn av koronasituasjonen fryktar Energi Norge for investeringar i næringa.

– Med den nedgangen vi ser i norsk økonomi no, er det fare for at elektrifiseringa bremsar opp. Derfor må vi satse meir på utsleppsfrie løysingar som vil føre til utsleppskutt og meir fare i økonomien, seier administrerande direktør Knut Kroepelien i Energi Norge.

Tapte inntekter til staten

Fornybarnæringa er òg ei stor inntektskjelde for det offentlege. Men på grunn av at koronakrisa har ført til nedstenging av næringsverksemder i Europa, lågare etterspørsel etter kraft og låge straumprisar, meiner Energi Norge at stat og kommune må rekne med at over ein tredel av inntektene frå fornybarnæringa vil forsvinne i år.

Ifølgje utrekningar frå Vista Analyse utgjer dette 24 milliardar kroner i 2020 og over 14 milliardar kroner i 2021.

– Rekna om i velferdsytingar svarer inntektstapet til 214.000 elevplassar i grunnskulen eller 27.000 sjukeheimsplassar. Dette er alvorleg for mange kommunar, ved sida av tapte skatteinntekter frå anna næringsliv og auka kostnader, seier Kroepelien.