Fem podkastar om radikalisering du bør få med deg

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 04.01.2021 11:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det finst ei rekkje podkastar – både nye og eldre – som tek deg med på innsida av radikaliserte rørsler og gjev deg eit lite innblikk i kva tankar som kvernar i hovudet på menneska som vel å ta del i dei.

Desse bør du ikkje gå glipp av:

Caliphate

New York Times-podkasten frå 2018 tok lyttaren med på innsida av IS. Journalist Rukmini Callimachi møter ein tidlegare aktiv medlem av terrororganisasjonen og let han fortelje korleis han vart rekruttert, og ho følgjer vegen frå Canada til kalifatet og opp rangsstigen.

Oppdatering frå 4. januar 2021: I desember 2020 innrømma The New York Times at podkasten ikkje held redaksjonell standard, då det synte seg at kjelda dei bygde heile podkasten rundt laug.

Rabbit Hole

Korleis vert ein tilsynelatande vanleg amerikansk gut radikalisert?

Den nye podkasten til New York Times viser korleis Caleb gradvis vart dytta lenger og lenger mot ytre høgre gjennom YouTube.

Videoplattforma endra algoritmane slik at ein får tilrådingar basert på kva ein likar og Caleb, som brukte timesvis på YouTube kvar dag, enda sakte, men sikkert opp i eit ekkokammer med stadig meir ekstreme meiningar.

Det svarte flagget

Journalist Joachim Førsund lagar gode podkastar, og Det svarte flagget er ikkje noko unntak.

I NRK-podkasten Det svarte flagget vert historiane til nokre av dei norske IS-krigarane, IS-kvinnene og deira pårørande fortalde. Lyttaren får høyre korleis Ruth frå Senja enda opp i Raqqa med dei fem borna sine, og korleis ho opplevde livet i kalifatet. Ein får høyre frå Fredrikstadmannen Hasan Ahmed, som sjølv reiste til Syria for å hente sonen som hadde verva seg til IS.

Her kan du finne podkasten! 

Bundyville: The Remnant

I første sesong av podkasten Bundyville går journalist Leah Sottile i sømmane på den amerikanske Bundy-familien, som enda opp i konflikt med styresmaktene om kveg-avgifter. Bundy-familien har møtt styresmaktene både med våpen og i retten.

Det handlar om profetiar, konspirasjonsteoriar og tillit til styresmaktene.

I sesong to granskar ho vidare anti-government rørsla som har vakse fram, og den radikaliserte valden som har funne stad.

The Other Latif

Hovudfokuset i denne Radiolab-produserte podkasten er ikkje korleis Guantanamo-fange Latif Nassir vart radikalisert, det er meir kvifor han framleis sit innesperra i ei celle på Cuba.

Men i løpet av dei seks episodane får ein likevel eit unikt innblikk i korleis nokon kan verte ein del av noko så ekstremt som terrororganisasjonen al-Qaida.