Fire alternative måtar å feira 17. mai på

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Over heile landet er barnetog og store 17. mai-samlingar avlyste og mange ser difor mørkt på ein av våre største festdagar.

Men førre veke kom regjeringa med nye retningslinjer der dei opna for private arrangement med inntil 20 personar, så lenge ein følgjer råda om å halde seg heime om ein er sjuk, har god handhygiene og held 1 meter avstand.

Korpsa har fått dispensasjon til å øve med inntil 30 personar, så det vert blåsemusikk i år òg.

Om du synest det er for kjipt å prøva deg på tradisjonell feiring i år har me samla eit knippe alternative måtar å heidra Grunnlova på.

⛵️ Båt-, bil-, MC- eller traktortog

Mathias Vinje Martinsen (16) arrangerer båttog i indre Oslofjord. Foto: Privat

Båtfolket har allereie sett i gang med alternative 17. mai-feiringar. Både i Oslo og Tvedestrand vert det arrangert båttog.

Hjernen bak arrangementet i Indre Oslofjord er 16 år gamle Mathias Vinje Martinsen.

Han kom på ideen allereie for to år sidan, men det er først i år han har fått verkeleg gjennomslag.

– Eg håpar det blir gøy, og at folk pyntar båtane sine. Kanskje nokre tek med ein trompet og dreg ein trall. Det blir gøy å helse på folk, men me må helse utan å vere nære kvarandre. Poenget er ikkje at folk skal samlast på land, men på vatnet, seier han til Aftenposten.

Innlandsområde treng ikkje gå glipp av moroa, ein kan alltids drage i gang traktortog, veteranbiltog eller MC-tog, om båtmogelegheiter er mangelvare!

??? Fjelltur med flagg (og bunad?)

Trolltunga i Tyssedal i Ullensvang kommune er eit fotovenleg, nasjonalromantisk turmål. Foto: Robert Bye, Unsplash.com

Mange plar uansett å rømme til fjells for å unngå folkemaset på 17. mai. No når alle skal halde avstand er det ein utmerka idé.

Kanskje kan du ta med flagg, bunad og kake og jobbe med litt klissete nasjonalromantisk SoMe-innhald? Hugs berre å halde avstand til andre og tenkje nøye over korleis du gjennomfører reisa med tanke på smittefare.

Trygg TV-17. mai på statskanalen

Frå venstre kokk Lise Finckenhagen og programleiarane Nadia Hasnaoui og Christian Strand skal lose sjåarane gjennom årets 17. mai-sending på trygg avstand. Foto: NRK

For mange inneber 17. mai ein lang champagne-frukost der ein ser på NRK si sending frå heile landet og tenker på om det snart er på tide å kome seg ut for å sjå toget.

Champagne og tv kan du nyte heime og om du set på tidlegare NRK-sendingar kan du late som om verda går sin vante gang medan du nyt pavlova og champagne i trygg avstand til andre.

Om du har lyst på gjester kan du jo invitere søstrene og P3-programleiarane Else og Ramona Kåss Furuseth, som har leigd inn ein russebuss for å feira dagen:

Også i år stiller statskanalen med 17. mai-stemning med festkledde reporterar i heile landet. På programmet står mellom anna mat med Lise Finckenhagen, Alle mot 1-duell med statsminister Erna Solberg vs folket og konsert med Sissel Kyrkjebø og KORK.

Andre profilar som skal gjeste sendinga er mellom anna Karsten Warholm, Jens og Camilla Stoltenberg, kulturminister Abid Raja med familie, P3-profilane Ronny og Tuva, Erik Follestad og Jon Almås, Sigrid, Ane Brun, Tix, Staysman og MGP-vinnar Ulrikke Brandstorp.

?? Besøk ein gamleheim – på trygg avstand

Gamleheimar over heile landet har stengt for besøk og får heller ikkje 17. mai-tog. Kva med å vinke med flagg og heimelaga plakatar utfor glasa? Illustrasjonsfoto: Frank May / NTB scanpix

Over heile landet er barnetog avlyst. Dei skulle gjerne ta ein sving innom gamleheimane for å vinke med flagg til dei eldre og er det noko korona har minna oss på at me saknar, så er det besteforeldre.

Sjølv utan tog kan du ta på deg finstasen, ta med flagg, skrive ein oppmuntrande plakat og ta turen til ein gamleheim for å feire med å vinke til dei frå trygg avstand.

Alt kjem til å gå bra ❤️