På den snobbete sommarleiren las ho «Egalias døtre» av Gerd Brantenberg: – Eit veslevaksent, utakknemleg og asosialt lite menneske, der altså.
Vilde Fastvold

Alder: 35

Frå: Oslo

Utdanning: Sosialantropolog

Yrke: Forskar

Kor mykje les du sjølv? Eg anar ikkje, faktisk. Tippar eit snitt på tre-fire bøker i månaden.

 

LES FAKTALUKK FAKTA

Forskar Vilde Fastvold debuterte i år med romanen Felt, om ein antropologistudent som reiser på feltarbeid til den karibiske øya Martinique og innleier eit forhold til ein ho forskar på, og om ei gryande økologisk krise.

Som ung antropologistudent reiste forfattaren sjølv på feltarbeid til Martinique, og ho kjenner difor godt til gråsonene ein vandrar i og dilemmaa ein kan treffe på:

– Noko av det som motiverte meg til å skrive boka, var å sjå korleis menneske, ofte med dei beste intensjonar, reiser ut og endar opp med å gjere ting dei aldri ville gjort heime. Meg sjøv inkludert, fortalde Fastvold til Kulturplot tidlegare i år.

Meldaren hjå litteraturnettsaden BOK365.no trilla ein femmar på terningen, medan Morgonbladet rosar forfattaren for å skrive så snedig at «ein nærast får tilbake trua på studentromanen som sjanger».

Vi har teke ein kik i Fastvold si bokhylle: 

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Der ligg det eit cellulosefjell av ynskjer om tid og evne til å prioritere. Men heilt øvst ligg no Entré av Linda Gabrielsen, Midlertidig ansatt av Heike Geissler, Vernon Subutex 1 av Virgine Despentes og Conscripts of modernity av David Scott.

Omslag frå: Gyldendal/Fanfare AS/Duke University Press

Kor les du?

I sola, på svaberget, om sommaren. Og alle andre stadar. Men helst der.

Kva bøker les du helst?

Bøker som nappar i meg, emosjonelt, konseptuelt, språkleg.

I seinare år har eg hatt lyst til å lese bøker som lukkast i å integrere analytiske og teoretiske perspektiv i ei skjønnlitterær form; som trekker dei nært innpå det menneskelege, og gjer dei relevante på meir emosjonelle, intuitive og assosiative plan enn ein ofte har høve til i rein akademisk skriving.

Dette er bøkene som fekk Vilde Fastvold til å grine, le, verte sint og tenkje

Kva bok/bøker vart lese til deg som liten?

Tove Jansson, Astrid Lindgren, Michael Ende og Roald Dahl var favorittar.

Mamma las for meg og søstrene mine kvar kveld medan vi åt kvedsmat. Som konsekvens har mummitrollbøkene danna grunnlag for eit eige system av arketypar i min familie.

«Han er en klassisk hemul», kan vi seie, og nikke mykjeseiande til kvarandre.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Omslag: Aschehoug

Rett før eg skulle byrje på ungdomsskulen, meinte far min at det var ein god idé å sende meg på ein snobbete sommarleir. Eg tok med meg Egalias døtre av Gerd Brantenberg, og låg stort sett og las medan dei andre reid på hest og vart kjærastar. Eit veslevaksent, utakknemleg og asosialt lite menneske, der altså.

Eg trur at både boka og konteksten eg las den i fostra eit (sunt eller usunt) metablikk på samfunnsnormer.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Norsk etymologisk ordbok. Tenk deg det, då – for eit utgangspunkt!

Kva meiner du gjer ei bok god?

Ein ibuande nødvendigheit, eit språk som overraskar, og evnen til å lage nye koplingar i lesaren.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

På ein dårleg dag kjenner eg meg igjen i Mr. Collins i Stolthet og fordom – klønete, sjølvoppteken, irriterande og småleg.

På ein god dag kjenner eg meg som Elizabeth Bennet – kvikk, freidig og litt arrogant, men god på botnen.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

I dag svarar eg Jean Rhys. Vi skulle drukke for mykje rom og prata skit.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

No føler eg ein lågmælt klaustrofobi, samt takksemd for at dette er ei heilt hypotetisk problemstilling.

Men skal ein vere pragmatisk løner det seg vel å finne den rette blandinga av kvalitet og kvantitet. Frå mi ti på topp-liste fortel Wikipedia meg at Hemingway har skrive flest bøker, så då går eg for han.

Ernest Hemingway høvesvis ved ved pulten på Dorchester Hotel i London i 1944 og i Spania i 1959. Foto: National Archives and Records Administration/ Mary Hemingway, John F. Kennedy Presidential Library and Museum / Offentleg eigedom

Boka di vert gjort om til film – og kven skulle spelt hovudrolla?

Då treng vi ein ung og fryktlaus skandinav. Ein som Lena Nyman i Jag är nyfiken  en film i gult (1967), for eksempel.

Til Theo: ein afro-fransk Marlon Brando i A Streetcar Named Desire-type. Sårbar og lukka på ein og same tid, der enkelheita er meir rustning enn substans.

Skjermdump av Lena Nyman og Marlon Brando frå høvesvis Jag är nyfiken  en film i gult og A Streetcar Named Desire. 

ANNONSE