Cats nominert til 8 verstingprisar

Peder Skjelten
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

The Golden Raspberry Awards, eller “Razzie”, har sidan 1981 vore motpolen til Oscarutdelinga. Prisane blir delt ut til verste film, verste skodespelarprestasjon frå menn og kvinner i hovudrolle og birolle, verste regi, m.m.

For filmåret 2019 har filmen Cats flest nominasjonar, med heile åtte vinnarsjansar. A Madea Family Funeral og Rambo: Last Blood har begge sju nominasjonar.

Her er dei nominerte til The Golden Raspberry Awards:

Verste film

  • Cats
  • The Fanatic
  • The Haunting of Sharon Tate
  • A Madea Family Funeral
  • Rambo: Last Blood

Cats har gode vinnarsjansar under verstingprisen:

Verste regi

  • Fred Durst for The Fanatic
  • James Franco for Zeroville
  • Adrian Grünberg for Rambo: Last Blood
  • Tom Hooper for Cats
  • Neil Marshall for Hellboy

Verste mannlege hovudrolle

  • James Franco i Zeroville
  • David Harbour i Hellboy
  • Matthew McConaughey i Serenity
  • Sylvester Stallone i Rambo: Last Blood
  • John Travolta i The Fanatic og Trading Paint

James Franco kan vinna både verste regi og verste mannlege hovudrolle for Zeroville:

Verste kvinnelege hovudrolle

  • Hilary Duff i The Haunting of Sharon Tate
  • Anne Hathaway i The Hustle og Serenity
  • Francesca Hayward i Cats
  • Tyler Perry i A Madea Family Funeral, der han spelte den fiktive afro-amerikanske kvinna Mabel Earlene “Madea” Simmons
  • Rebel Wilson i The Hustle

Anne Hathaway har to nominasjonar til verste kvinnelege hovudrolle. Også motspelar Matthew McConaughey er nominert til verste mannlege hovudrolle for innsatsen i Serenity:

Verste mannlege birolle

  • James Corden i Cats
  • Tyler Perry i A Madea Family Funeral. Nominert for to forskjellige biroller i same film
  • Seth Rogen i Zeroville
  • Bruce Willis i Glass

Tyler Perry er nominert for verste kvinnelege hovudrolle og to gonger for verste birolle i ein og same film:

Verste kvinnelege birolle

  • Jessica Chastain i Dark Phoenix
  • Cassi Davis i A Madea Family Funeral
  • Judi Dench i Cats
  • Fenessa Pineda i Rambo: Last Blood
  • Rebel Wilson i Cats

Verste kombinasjon på film

  • Alle halvt-katt og halvt menneske hårballar i Cats
  • Jason Derulo og hans CGI-kastrerte utbulging i Cats
  • Tyler Perry og Tyler Perry i A Madea Family Funeral
  • Sylvester Stallone og hans impotente sinne i Rambo: Last Blood
  • John Travolta og alle manus han godtar

John Travolta får kritikk for rollavala sin. Her er han i The Fanatic, som òg er nominert til verste film: 

Verste forløpar, remake eller oppfølgjar

  • Dark Phoenix
  • Godzilla. King of the Monsters
  • Hellboy
  • A Madea Family Funeral
  • Rambo: Last Blood

The Golden Raspberry Awards har fått nok av Rambo, spelt av Sylvester Stallone:

Verste manus

  • Cats
  • The Haunting of Sharon Tate
  • Hellboy
  • A Madea Family Funeral
  • Rambo: Last Blood

Sharon Tate og dei andre som vart drepne av Manson-tilhengjarar har inspirert Quentin Tarantino sin Oscar-nominerte film Once Upon a Time…In Hollywood, men òg den mindre vellukka The Haunting of Sharon Tate:

The Razzie Redeemer Awards

  • Jennifer Lopez i Hustlers
  • Eddie Murphy i Dolemite Is My Name
  • Keanu Reeves i John Wick: Chapter 3 – Parabellum og Toy Story 4
  • Adam Sandler i Uncut Gems
  • Will Smith Aladdin

Adam Sandler har framleis rekorden for flest nominasjonar til verstingprisen, men kan i år få oppreisning for si rolle i Netflix-filmen Uncut Gems:

Nominert til Razzie og Oscar

Joker er nominert til flest prisar under Oscarutdelinga. Med 11 nominasjonar kan filmen få oscarstatuett for blant anna film, regi, skodespelar i hovudrolle til Joaquin Phoenix eller manus.

Likevel har filmen òg fått ein nominasjon til Razzie.

Filmen er nominert i kategorien Worst Reckless Disregard for Human Life and Public Property saman med filmane:

  • Dragged Across Concrete
  • The Haunting of Sharon Tate
  • Hellboy
  • Rambo: Last Blood

Joker er den einaste filmen som i år kan henta heim både Oscar og Razzie: