Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 28.06.2022 15:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sval Rosenløw Eeg (21) frå Oslo er kjend under artistnamnet Sval.

Ho vart kjend for folket då ho i 2011 vann Melodi Grand Prix junior, med songen Trenger deg. Sidan då har ho halde fram å skriva og laga pop-musikk, med fleire singlar.

I 2016 kom plata Mellom oss, og i 2019 Ep-en Young Alien.

https://www.youtube.com/watch?v=Hf3UE6XeME4

I musikkdagboka deler artisten og låtskrivaren musikken som har forma ho:

Favorittsjanger:

Pop og R&B

Favorittband:

The 1975

Første favorittlåt:

Eg hugsar ikkje konkret låt, men det var mykje musikk frå Disney Channel på spelelista då eg var liten.

Kva synest du i dag om musikksmaken din som tenåring?

Det var først som tenåring at eg byrja å utforske nye artistar og sjangrar, ting som eg framleis kan høyre på i dag, så musikksmaken var ikkje så aller verst.

Første album du kjøpte sjølv:

Speak Now – Taylor Swift

Kva syng du i dusjen?

Love Really Hurts Without You – Billy Ocean

Eg eeelskar denne songen. Eg høyrte på den i heile 2019 utan å bli lei.

Verdas beste kjærleikslåt?

Shiver And Shake – Ryan Adams

Eg oppdaga denne songen ved at pappa tilfeldigvis spelte musikk i stova. Den traff meg umiddelbart, og det er ein sånn song eg alltid kjem til å ha i listene mine.

Og You Were Good To Me – Chelsea Cutler

Denne er så nostalgisk og tvers igjennom superfin.

Kva låt skulle du ynskje du hadde laga?

White Ferrari – Frank Ocean

Beste treningsmusikk:

Heartbeat – Childish Gambino

Eg likar å høyre på litt aggressiv musikk når eg trenar. Eg er avhengig av musikk for å få energi. Eg trur kanskje musikken står for halvparten av jobben.

Guilty pleasure:

Alt av roleg countrymusikk.

Verdas mest oppskrytte band/musikar:

Eg har ikkje noko godt svar her. Om eg ikkje likar musikken til nokon, så høyrer eg ikkje på dei:)

Verdas mest undervurderte band/musikar:

Rosalía! Ho er ikkje undervurdert i verda, men eg håpar fleire i Noreg byrjar å høyre på ho sjølv om ho syng på spansk.

Kva for artist (levande eller død) ville du hatt privatkonsert og middag med i stova di?

Frank Ocean! Eg vil berre ha ein roleg middag og snakke om korleis han skriv låtane sine.

Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?

Kiss Me – Ed Sheeran

Kva låt vil du ha i gravferda di?

The Night We Met – Lord Huron