Channing Tatum skal overleve på Vestlandet

Peder Skjelten
Publisert
Oppdatert 21.01.2020 10:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor sommar kom Hollywood til Vestlandet, då den amerikanske skodespelaren Channing Tatum var på reise med den britiske overlevingsguruen Bear Grylls.

 

Saman spelte dei inn ein episode av TV-serien «Running wild with Bear Grylls». Episoden vert sendt på National Geographic Channel komande søndag.

I serien tek programleiar Bear Grylls med seg ein kjendis ut i vill natur for å overleve ei viss periode, eller nå eit mål.

Fleire norske aviser som VG og Dagbladet, i tillegg til eit haug med lokalaviser, hadde denne sommaren fleire saker om at Channing Tatum blei sett i Rogaland og Sogn og Fjordane. På det tidspunktet var det usikkert kva den amerikanske kjendisen gjorde i Noreg.

Vår eigen statskanal, NRK, hadde òg ei sak om at skodespelaren hadde besøkt Værlandet i det som var Sogn og Fjordane.

Komande søndag kan resultatet av besøket sjåast på norsk tv. Då skal Magic Mike overleve i fjella på Vestlandet. Ifølgje kanalen skal Channing Tatum blant anna fange aure.

Channing Tatum er ikkje framand for konseptet. Han var med i ein episode av same tv-program i 2014. Den gong i den amerikanske nasjonalparken Yosemite. Der endte han opp med å ete både skorpion og slange.

Her får du ein liten smakebit av programmet frå Noreg: