Frå hundreårets jordskjelv til tredje verdskrig – sjå verda rundt i bilete

Januar har allereie ført til store overskrifter verda rundt.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 24.02.2020 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heile verda har vore prega av uroa i Midtausten og mange er sjokkert over «Megxit», men ikkje alt i nyheitsbiletet er like dystert.

– Ein pioner

Idrettsgallaen gjekk av stabelen førre helg, og som venta gjorde sunnmøringen Karsten Warholm reint bord. Det var likevel ein pris som heng høgt som han ikkje kunne hente heim til Ulsteinvik: «Årets forbilde».

Den gjekk til totningen Maren Lundby.

«Denne utøvaren er eit eksempel på at du kan vere ei strålande idrettsstjerne på ein lågmælt måte. Årets forbilete har vore ein pioner i sin idrett,» sa juryen i si grunngjeving.

Maren Lundby vart kåra til årets forbilde under Idrettsgalla 2020. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

I 2019 vann skihopparen Maren Lundby både VM-gull, verdscupen samanlagt og den første utgåva av Raw Air for kvinner noko sinne.

25-åringen går også fremst i likestillingskampen, og krev at kvinner vert verdsette og får dei same mogelegheitene som menn i hoppbakken.

– Vi som toppidrettsutøvarar vil gjerne vinne, det er det vi ofte strevar etter, men å verte trekt fram som forbilete er noko som betyr endå meir for meg personleg, sa Lundby då ho mottok prisen.

#WWW3

Konfliktnivået mellom USA og Iran steig enormt då amerikanarane for ei veke sidan då den iranske generalen Qasem Soleimani vart drepen i eit amerikansk angrep i Irak. Ayatollah Ali Khamenei, den øvste leiaren i Iran, lova hemn, og frykta for ein tredje verdskrig kom snikande hjå mange.

Natt til onsdag fyrte Iran av rakettar mot militærbasen til amerikanske styrker i Irak, der det også er norske soldatar.

Få timar etter styrta eit ukrainsk fly på veg frå Teheran til Kyiv, og alle dei 176 personane i flyet omkom. Spørsmålet vart fort kor vidt styrten var grunna rakettangrepet.

Etterretning tyder på det og den canadiske Justin Trudeau sa han hadde informasjon som bekrefta dette. Iran avviste først at det ukrainske flyet vart treft av ein missil, men innrømma så ansvar og sa flyet var skote ned ved ein «katastrofal menneskeleg feil».

President Donald Trump talar om Iran sin hemnaksjon mot amerikanske basar i Irak. Rundt han står mellom andre forsvarsminister Mark Esper og visepreseident Mike Pence. Foto: AP Photo/ Evan Vucci

Rettssaka mot Harvey Weinstein

På nyåret starta rettsaka mot Hollywood-mogul Harvey Weinstein. Filmprodusenten var tiltalt for to tilfeller av valdtekt, og vart samstundes sikta for to til.

Dersom 67-åringen vert dømd, risikerer han livstid i fengsel.

Harvey Weinstein og advokaten hans Donna Rotunno (t.h.) på veg ut frå rettssalen etter jury-utveljing 8. januar 2020. Foto: AP Photo/Richard Drew

Det var anklagene mot Harvey Weinstein som utløyste #metoo-rørsla i oktober 2017, då avisene The New York Times og The New Yorker publiserte historiene til fleire kvinner som alle skulda filmprodusenten for seksuell trakassering, overgrep og valdtekt.

Seinare har meir enn 100 kvinner stått fram med anklager mot Weinstein.

Prins Harry og hertuginne Meghan

Onsdag annonserte Prins Harry og hertuginne Meghan på Instagram at dei vil trekke seg tilbake frå sine kongelege oppgåver, og verte økonomisk sjølvstendige.

Dei vil framover dele tida si mellom Storbritannia og Canada.

Mange britiske medier var nådelause i ordspela sine, og kalla situasjonen både «Megxit» og «Battle Royale».

Prins Harry og hertuginne Meghan av Sussex under eit besøk til den canadiske ambassaden i London 7. januar 2020. Foto: Daniel Leal-Olivas/Pool Photo via AP

BBC sin korrespondent seier kongehuset vart tekne på senga av uttalinga til paret, og Buckingham Palace sende seinare ut si eiga pressemelding.

I pressemeldinga står skrive at «diskusjonar med hertugen og hertuginna av Sussex er på eit tidleg stadium», samstundes forstår kongehuset at «paret ynskjer å ha ei anna tilnærming, men dette er kompliserte saker som vil ta tid å arbeide gjennom».

Det er ingen løyndom at det har vore utfordrande for hertuginne Meghan å verte ein del av den britiske kongefamilien på grunn av den enorme medieinteressa.

Verste jordskjelvet på 100 år

Tysdag vart Puerto Rico råka av det verste jordskjelvet på eit hundreår. Éin person døydde, og dusinvis heimar og bygningar vart øydelagde. Straumen forsvann også.

Tallause folk sov i telt eller i bilane sine, fordi dei frykta eit nytt jordskjelv.

Butikkeigarar og familiane hjelper til å hente varer frå butikken Ely Mer Mar, som delvis kollapsa etter jordsjelv tysdag. Foto: AP Photo/Carlos Giusti

– Folk som har mista heimen sin veit ikkje kva dei skal gjere. Det er som å byrje på nytt. For berre to år sidan hadde vi orkanen Maria, der mange av desse sørlege lokalsamfunna var veldig råka og måtte byrje frå starten av. Og no er dei i den situasjonen igjen, sa fotografen Gabriella N. Báez til CNN.

I septemer 2017 vart Puerto Rico råka av orkanen Maria, som førte til at nesten 3000 miste livet og fleire milliardar dollar i skade.