17. ETG: Århundrets julekalender: Velkomen til år 2013

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.01.2020 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva skjedde i 2013?

Det var stortingsval og me fekk regjeringsskifte, men det som tok mest fokus var kanskje Siv Jensen sin leppestiftkjole og «Morna Jens»-tale.

Også i Vatikanet var det endringar på gang. For første gong sidan 1400-talet abdiserer ein pave og plutseleg heldt heile verda pusten i påvente av den kvite røyken frå Det sixtinske kapellet. Pave Frans frå Argentina vert den første paven frå Latin-Amerika.

I Noreg snakka me om «svenske tilstander» og i heile Europa breidde hestekjøtskandalen om seg.

Dette lytta me til

«Wake me up when its all over», song alle sommaren 2013.

Låten var hovudsporet på debutalbumet til den svenske DJen Avicii og vart ein umiddelbar suksess verda over.

Dette såg me på kino

Animasjonsfilmen Solan og Ludvig – Jul i Flåklypa fekk folk til å flokke til kinoane. Heile 854.210 besøkande såg den norske julefilmen på kino.

Filmen slo dimed både den andre Hobbiten-filmen, den andre Hunger Games-filmen, den tredje Iron Man og Fast & Furious 6.

Dette sa me

Sakte-tv vart kåra til årets ord av Språkrådet. Det starta med Bergensbanen – minutt for minutt, men tok verkeleg av med Hurtigruten – minutt for minutt. Etter det har me sett på både strikking og ved, for kva kan vel ikkje bli tv?

Andy Samberg Celebs GIF - Find & Share on GIPHY

Selfie vart kåra til årets ord av Oxford Dictionaries. Ifølgje ordboka dukka ordet først opp i eit australsk chatterom i 2002, men tok av i 2012. I 2013 var det allemannseige og bruken steig med utrulege 17.000 prosent frå 2012 til 2013.

Andre ord som kjempa i toppen var twerk, bitcoin og binge-worthy.

Twerk Twerking Gif GIF - Find & Share on GIPHY

Dette gjekk me med

I 2013 meldte The Guardian om ei hårreisande trend, nemleg man bun. Medan dei fleste mannlege hårtrender gjerne skuldast ein enkelt kjendis klarte dei ikkje finne opphavet til basillen, som gjorde at stadig fleire menn grodde ut håret berre for å knyta det opp i ein dult.

Foto: Rafael Silva, Unsplash.com

Dette lo me av

Ryan McHenry la ut ein serie av Ryan Gosling som nektar å ete frukostblanding, til stor begeistring for internett:

Kort tid etter han la ut videoen vart McHenry kreftsjuk og etter at han døydde i 2015 hylla Gosling han med å endeleg ete frukostblanding:

Dette er verken første eller siste gongen Gosling har vorte ein internettsuksess. Få år i førevegen breidde Hey Girl-memen om seg, der Gosling vart løfta fram som draumemann nummer ein:

Dette snakka me om

Jennifer Lawrence snublar på raud laupar

I 2013 snubla skodespelar Jennifer Lawrence seg inn i våre hjarte då ho snubla i trappa på veg opp for å ta imot Oscar-statuetten for beste kvinnelege hovudrolle.

23-åringen vann prisen for innsatsen i den romantiske komedien Silver Linings Playbook og vart samstundes den nest yngste som hadde vorte nominert til to Oscar-statuettar.

Miley Cyrus og Robin Thicke

20 år gamle Miley Cyrus sjokkerte nesten dagleg og i 2013 gjorde ho det til gangs då ho dansa med Robin Thicke under ein opptreden på MTV Video Music Awards.

Miley Cyrus freista framleis å riste av seg barnestjernestempelet og fekk publikum til å miste haka i golvet då ho twerka iført ein hudfarga bikini og stor skumfinger.

https://www.youtube.com/watch?v=dxBluyGqTwY

Og med å stilla opp Evas drakt i videoen til Wrecking Ball sytte Cyrus for endå meir støy:

What Does The Fox Say? – Ylvis

Men videoen som verkeleg var på alle sine lepper det året var The Fox av Ylvis-brørne. Med ein velregissert video og låt produsert av Stargate tok dei verda.

Etter at videoen byrja å ta av på Youtube vart me alle avhengige av å sjekka views. Det vart ei real verdsplage, som til no er spelt 899 millionar gongar på Youtube. Slå den!