16. ETG: Århundrets julekalender: Velkomen til år 2012

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.01.2020 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva skjedde i 2012?

Eurokrisa spreidde seg frå Hellas og utover, medan valden i Syria berre eskalerte. Her heime var året sterkt prega av rettssaka mot terroristen på Utøya. Og at ingen forstod dialektuttrykka til Vågå-ordførar Rune Øygarden.

Me mista Whitney Houston og Alexander Dale Oen. Og internasjonalt vart Noreg kjent som landet der 13 år gamle jenter knuste biltak for å få eit glimt av tenåringsidolet Justin Bieber. Ja, det var så ville tilstandar at innsatsleiaren i politiet frykta for liv og helse.

Om du synest 2012 verkar som eit mørkt år kan du i det minste trøysta deg med at Obama vart gjenvalt og song for folket:

Dette lytta me til

Rihanna gjorde det atter ein gang og toppa den norske VG-lista veke etter veke med monsterhiten Diamonds.

Ei anna låt som brente seg inn i hukommelsen vår var svenske Laleh sin låt Some Die Young, som vart skriven kort tid etter Utøya og framført på minnekonserten sommaren etter:

Dette såg me på kino

Heile 881.944 besøkande flokka til kinosalane for å sjå den norske storfilmen Kon-Tiki, regissert av Joachim Rønning og Espen Sandberg.

Med eit budsjett på 93 millionar kroner var storfilmen om Thor Heyerdahl sin Kon-Tiki-ekspedisjon den dyraste norske filmproduksjonen nokosinne.

Satsinga vart løna med gode besøkstal og nominasjonar til både Golden Globe og Oscar, i kategorien beste framandspråklege film. Den prisen gjekk likevel til den hjerteskjærande filmen Amour av austerrikske Michael Haneke.

Dette sa me

Å nave: Språkrådet kåra det nye verbet til årets ord. Språkrådet peika på at verbet, som har sitt utgangspunkt i etatsnamnet NAV, er ei ungdomsspråkleg nydanning som har vandra vidare inn i nyheitsspaltene.

Andre nyord som gjorde seg bemerka var halehelt (på grunn av haledekoren til Norwegian) og Grexit (på grunn av eit tenkt scenario der Hellas trakk seg frå eurosona).

Elles:

Sign Language Yolo GIF - Find & Share on GIPHY

Det var året alle gjekk rund og sa YOLO (You Only Live Once) halvironisk og følte seg litt som Drake:

Dette gjekk me med

Indianerinspirerte mønster og fjær, med meir eller mindre hell:

Indianerinspirerte mønster og fjær var over alt. Både på klede, øyredobbar og i håret. Det var også medan Victorias Secret sitt moteshow var på toppen, men kjeden måtte ut og beklage etter at modellen Karlie Kloss bar denne indianske hodepryden på catwalken. Foto: Evan Agostini/Invision/AP,AP/Alastair Grant

Dette lo me av

Grumpy Cat

Alle drøymde om ein internett-katt ala Grumpy Cat:

Grumpy Cat Annoyed Face GIF - Find & Share on GIPHY

Og apropos gretne uttrykk:

«Not impressed»

Etter at Reuters-fotografen Bryan Snyder fanga gymnast McKayla Maroney sitt misnøgde uttrykk etter at ho tok sølv i OL, vart internett inspirert til å laga «Not impressed»-memen:

McKayla Maroney (16) vart fotografert under OL i London og internett vart inspirert til Foto: Bryan Snyder, Reuters

Og her heime lo me av Paradise Hotel-deltakarane sine manglande allmennkunnskapar:

Dette snakka me om

  1. Ostepop-glede

2012 var eit knallår for norsk humor. Eventyrar Aleksander Gamme vart «ostepopmannen» verda over etter at YouTube-klippet Basic needs gjekk viralt.

I 2011 la Gamme ut på ein 2.270 km lang skitur over Antarktis og på dag 86 finn han ei overrasking han har lagt att til seg sjølv:

Gamme vart vist både på japansk game-show og invitert til eit amerikansk radio-show, for korleis kan ein ikkje elske den entusiasmen?

2. Aksel Hennie imiterer sin manager i Statene

Ein annan som gjorde det stort i Statene var Aksel Hennie, som i eit intervju med NRK-programmet Filmbonanza drog fram aksenten sin for å fortelja kva manager syntest om hans prestasjonar:

Ikkje alle var like imponert og klippet vart kåra til årets pute-tv.

3. Gangnam Style – PSY

Den spinville K-pop-låta og dansen gjorde raskt suksess langt utanfor den vanlege fanskaren. Musikkvideoen fekk æra av å vere den første som fekk ein milliard visningar på Youtube: