23. ETG: Årtusenets julekalender: Velkommen til år 2018

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 29.01.2020 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva skjedde i 2018?

Heile verda følgjer med på den dramatiske redningsaksjonen for å få 12 gutar og fotballtrenaren deira ut av ei grotte i Thailand. Dei sat faste i to veker før dei endeleg kom seg ut.

Her heime er det eit politisk år utan særleg sidestykke i norsk historie. Trond Giske (Ap) og Kristian Tonning Riise (H) måtte gå av etter varsel om seksuell trakassering, og Ulf Leirstein (Frp) innrømte å ha sendt porno til gutar i ungdomspartiet.

Samstundes hadde Liv Signe Navarsete (Sp) fått grove meldingar frå partikollegaar som var på hyttetur, og Sylvi Listhaug (Frp) laut gå av etter påstandar om Ap og terroristar på Facebook.

Som om ikkje det var nok, så sette KrF i gang ein omfattande prosess der dei vurderte kva vegen vidare var – eit steg til venstre eller eit til høgre.

For ikkje å snakke om stortingstunnelen som kosta skjorta og sprengde budsjettet og alt reisereknings-rotet!

Det var politikk for alle pengane heile året. Så mykje at sjølv Frank Løke si ivrige jakt etter ny karriere på TV-skjermen nesten går i gløymeboka.

Dette lytta me til

I heile ti veker låg låten «These Days» av Rudimental med Jess Glynne, Macklemore og Dan Caplen på toppen av VG-lista.

Det er to veker lenger enn Mads Hansen sin låt «Sommarkroppen». Men Mads Hansen græt nok ingen tårer for han reiste jo heim frå Spellemannsprisen med «Årets låt» for slageren året etter. Som han sjølv sa: – Eg skjønar godt at de driv med musikk for det er jævleg gøy, og ikkje minst sinnssjukt lett.

I tillegg lytta vi sjølvsagt til den amerikanske guten som jodla på Walmart:

Dette såg me på kino

Nok eit år der oppfølgjarfilmar pregar topplista hjå norske kinoar.

Øvst ragar Mamma Mia! Here We Go Again! som raka inn heile 708 436 besøkande, ti år etter den første filmen skriven rundt ABBA-musikk trona einsam på kinotoppen.

På andre og tredjeplass var to norske filmar.

Katastrofefilmen Skjelvet selde 589 620 billettar, og Den 12. mann hadde 426 166 besøkande.

Dette sa me

Årets nyord i 2018 var ikkje overraskande skjebnelandsmøte.

Mykje av den politiske hausten i Noreg var prega av det komande vegvalet til KrF. Skulle partiet gjere som dåværande partileiar Knut Arild Hareide ville og søkje regjeringsmakt i eit raudgrønt samarbeid, eller skulle det gå inn i den sitjande regjeringa?

Det var duka for eit skjebnelandsmøte.

Ordet på mange internasjonale lepper var derimot dumpster fire, i tydinga noko som er handtert enormt dårleg, eller ei katastrofe.

https://media.giphy.com/media/26FPy3QZQqGtDcrja/giphy.gif

Dette hadde me på oss

I 2018 så omfamna motepoliti, moteløver og vanlege lekmenn igjen rumpetaska. Men med ein aldri så liten twist: No skulle vi ikkje lenger ha den rundt hoftene, men på tvers av brystkassa, som kule folk.

Foto: Ksenia Varapaeva/Unsplash

Kven kan vel nekte for at dette er praktisk?

Dette lo me av

«Om du ikkje elskar meg på mitt verste, så fortener du meg ikkje på mitt beste» fekk heilt nye tydingar på Twitter.

 Og så lo me også litt av Pikachu som er sjokkert over alt:

Dette snakka me om

  1. Prins Harry og Meghan Markle

For eit eventyr! Ei vanleg jente (eller i realiteten ein berømt og suksessfull skodespelar) får sin prins og halve kongeriket (men ikkje eigentleg for han er ikkje kronprins)!

Men uansett, sjå så lukkeleg!

https://media.giphy.com/media/3D5xN3JwU9qwwp0vwi/giphy.gif

I mai fekk Meghan Markle og prins Harry kvarandre i eit storslått bryllaup i St. Georges kapell på Windsor slott.

Dei hadde vorte saman snaue to år før, då ei venninne av Markle hadde fiksa ein blind date. (Shout out til tidenes venninne!)

https://media.giphy.com/media/j5efvXzrTZ2iQ/giphy.gif

Bryllaupet var som prinsebryllaup plar – kjendisgjester, enorme hattar, og berre verdt å følgje med på om ein har Twitter oppe:

I motsetnad til det førre prinsebryllaupet i Storbritannia, så var der inga søster som stal merksemda, men heller tallause tolkingar av ansiktsuttrykket til Chelsy Davy, ekskjærasten til prins Harry:

Men dei fleste var like begeistra/blodtørstige som guten som bar sløret til Meghan Markle:

2. Bahareh Letnes og Per Sandberg

Britane hadde fått sitt nye superpar, men det hadde vi då også i Noreg!

I slutten av juli bekrefta dåverande fiskeriminister Per Sandberg (Frp) at han hadde fått seg kjærast, norsk-iranske Bahareh Letnes.

Året etter forholdet vart kjent, dukka Bahareh Letnes og Per Sandberg opp i Skal vi danse. Foto: Thomas Andersen / TV 2

Problemet var at Sandberg hadde vorte med Letnes til Iran på ferie, og spørsmåla stod i kø etterpå.

https://media.giphy.com/media/lYKvaJ8EQTzCU/giphy.gif

Hadde fiskeriministeren blanda rollene sine, sidan Letnes hadde eit enkeltpersonføretak som dreiv med fisk- og sjømathandel?

Kvifor hadde Sandberg ikkje informert departementet om at han skulle til Iran?

Kvifor tok han med jobbtelefonen til eit land der ein statsråd risikerer å verte avlytta?

Samstundes var mange kritiske til at Sandberg hadde reist til Iran, trass i dei tallause menneskerettsbrota som føregår i landet.

I midten av august gjekk Per Sandberg av som fiskeriminister, men han har i ettertida slått seg opp både som forfattar og reality-deltakar.

Saman med Letnes gav han ut boka Fremmede makter har flyttet inn. Justismord og politisk drap.

Samstundes har han dansa mellom TV-kanalar, med deltaking både på Skal vi danse og Charterfeber. Når det nye året tek til dukkar han også opp på Farmen kjendis. 

3. Kanye <3 Trump

På alle listene sidan 2016 kan ein eigentleg nemne Donald Trump, for han har sett sitt preg på det meste sidan han vann presidentvalet i USA.

Noko av det som fekk folk til å stusse mest, var likevel då Kanye West troppa opp på det ovale kontoret med ein MAGA-hatt (Make America Great Again).

https://media.giphy.com/media/YiAg7S60imP1IsvvvS/giphy.gif

Kanye West kunne fortelle at Trump var som ein farsfigur for han, og at den raude capsen fekk han til å føle seg som Supermann.

Eit drøss av kjendisar var skuffa over artisten, og at han omfamna Trump (både bokstavleg og symbolsk):

Men samtalen flytte seg fort vekk frå Kanye West då Childish Gambino kom med denne låten og videoen: