Me opnar dagens luke i Juleheisen og kikar inn i 20. etasje, i år 2016.

Kva skjedde i 2016? 

Året opnar tungt då David Bowie døyr, men artisten regisserer arven sin på ein måte ingen har gjort tidlegare då han slepper albumet Blackstar to dagar før. Elles er verda råka av fleire terrorangrep og naturkatastrofer, som jordskjelv i Italia og orkan på Haiti.

På heimebane testar Therese Johaug positivt for doping etter at ho har freista få orden på ei sår leppe.

Dette lytta me til

Alan Walker sin «Faded» vart ein knallsuksess både i Noreg og i det store utland. Låten låg heile 14 veker på toppen av VG-lista.

Musikkvideon er også på 17. plass over dei mest sette videoane på YouTube noko sinne med over 2,6 milliardar visningar! Det er noko å skrive heim til mor om.

Dette såg me på kino

Kongen sa kanskje nei, men kinofolket sa ja, og så kjøpte 713 524 stykk av oss billettar for å sjå Kongens nei.

Den norske filmen gjorde nesten reint bord på Amandapris-utdelinga året etter, og henta heim heile åtte prisar av tretten nominasjonar.

I 2016 hadde norske filmar faktisk alle dei tre topplasseringane på kinolista.

På andre plass kom Snekker Andersen og Julenissen med 497 216 kinobesøk og så Børning 2 hakk i hæl med 438 155.

Først på fjerdeplass kjem ein amerikansk film, då Et helt halvt år.

Dette sa me

Den første dagen i januar la statsminister Erna Solberg opp til det som skulle verte årets nyord i 2016. Då snakka ho nemleg om kvardagsintegrering.

På kortlista er det tydeleg at både Skam og politikk har sett preg på daglegtalen, for der dukkar både ordet  (i tydinga «teit») og orda postfaktuell og brexit opp.

Eller som ein kanskje ville sagt i engelskspråklege internett-sirklar:

Dette hadde me på oss

I 2016 var folk nostalgiske og lengta attende til motebilete frå 90-talet. Difor ville alle gå med chokers og crop tops.

Illustrasjonsfoto: Unsplash

Dingsen alle ville ha

Heile verda spelte Pokémon Go i 2016. Sjølv Trine Skei Grande (V) under ei høyring om Forsvaret! Overalt kunne ein sjå flokkar av menneske samla, alle med fjeset mot telefonen. Då visste du med det same, at der var det ein pokestopp.

På tampen av året var det også mange som ville ha nyleg lanserte AirPods frå Apple. For det beste i livet er vel dyre øyrepropper som er lette å miste fordi dei ikkje har ledning?

Sjølv i 2019 er det mange som slit med logikken:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Sånn. Der satt de endelig. Problem løst.

Et innlegg delt av Einar Tørnquist (@fleskedrikk)

Dette lo me av

Kermit er tilbake! I 2014 var han sarkastisk, no er han den lille stemma i hovudet ditt som gjev dårlege råd.

Og så lo vi litt av dei beste (og verste) forsøka på å utføre The Mannequin Challenge, at alle i ein video frys som om dei var utstillingsdukker.

Sjølv Adele slengde seg på, og det same gjorde avtroppande førstedame Michelle Obama:

Dette snakka me om

  1. Brexit

Det kjennest ut som både tre månadar og tre århundre sidan Storbritannia valde å slå opp med EU. I realiteten er det dryge tre år.

Den 23. juni 2016 stemte det britiske folket for å forlate den Europeiske unionen, med knapp margin: 51,9 %.

Rett etter resultatet var klart, annonserte David Cameron frå Det konservative partiet at han ville gå av (sidan han ikkje ville gå ut). I 2019 måtte også arvtakaren Theresa May gje opp, då ho ikkje klarte få gjennom ei Brexit-avtale.

Målet var opphaveleg at Storbritannia skulle vere ute av unionen 29. mars 2019, men slik gjekk det som kjent ikkje.

2. Donald Trump vert vald til president

9. november 2016 vart det klart at Donald Trump kom til å verte USA sin 45. president. Motstandar Hillary Clinton fekk nesten 2,9 millionar fleire stemmer enn Trump, men hadde ikkje overtaket i valmannkollegiet.

Clinton si e-postskandale hadde fått mykje mediemerksemd i innspurten før valet, men Trump var hadde også sine svin på skogen. Friskast i minnet er opptaket der han fortel tv-vert Billy Bush at han «forfører» kvinner og sidan han er kjendis, så kan han berre «grab them by the pussy».

I førekant av valet hadde både ekspertar og meiningsmålingar spådd at Clinton kom til å verte USA sin første kvinnelege president, så det var ei rysta verd då resultatet var klart.

Nokre av overskriftene verda over reflekterte sjokket.

Tyske Die Welt skreiv «Korleis kunne dette skje?», medan Die Tageszeitung skreiv «Skrekk-klovnens siger».

Spanske La Razon skreiv «Dei foreina statar av populisme» og polske Rzeczpospolita samanlikna det heile med Game of Thrones, og erklærte at «Winter is coming».

3. Colin Kaepernick knelte for første gong under nasjonalsangen

I byrjinga av september valde den amerikanske 49ers-spelaren Colin Kaepernick å knele då nasjonalsangen vart spelt før kampstart, som ein protest mot politivald og rasisme i USA.

– Eg kjem ikkje til å reise meg for å vise stoltheit over eit flagg og eit land som undertrykker svarte og farga menneske, forklarte Kaepernick til NFL.com.

– For meg, er dette større enn fotball og det ville vore egoistisk av meg å sjå den andre vegen, når der er kroppar i gatene og folk som får betalt permisjon og slepp unna med drap.

Frå venstre Eli Harold, Colin Kaepernick og Eric Reid som kneler under nasjonalsangen før ein kamp mot Dallas Cowboys i oktober 2016. Foto: AP Photo/Marcio Jose Sanchez

Kaepernick møtte mykje kritikk for å vere «upatriotisk», men vart også hylla for handlinga. Fleire andre spelarar slutta seg til protesten, særleg etter Donald Trump vart vald til president og oppmoda NFL-laga til å seie opp spelarane som knelte.

Kaepernick på si side heldt fram med å knele, og vart til slutt dytta ut i NFL-kulda. I 2017 fekk han ikkje fornya kontrakta si, og har heller ikkje vorte teken inn i varmen av andre lag.

I 2018 vart Colin Kaepernick utnemnd til «samvittigheitsambassadør» av Amnesty International for aktivismen og motet sitt.

4. Beyoncé – Lemonade

Donald Trump vart kanskje vald til president i USA, men med albumet Lemonade synte Beyoncé kven som eigentleg er sjefen.

(Plottblottar: Det er ikkje Becky with the good hair.)

Kritikarane konkurrerte i å lovprise songaren, og Beyoncé kunne hente heim pris etter pris etter pris etter pris for albumet. Og rundt om i verda spekulerte lyttarar kring kven denne Becky var, og kva i alle dagar Jay-Z dreiv på med som var utro mot Beyoncé.

4. Leonardo DiCaprio får endeleg ein Oscar

Leonardo DiCaprio fekk sin første Oscar-nominasjon i 1994, for å beste birolle i What’s Eating Gilberg Grape?. Den vann han ikkje.

Trass i nominasjonar vann han heller ikkje for rolla i The Aviator (2005). Eller i Blood Diamond (2007). Eller The Wolf of Wall Street (2014).

KOM HAN NOKO SINNE TIL Å VINNE?

2016 var endeleg hans år. (Sjølv om han sikkert ikkje har hatt det særleg kjipt før den tid.)

Då kunne DiCaprio endeleg hente heim Oscaren for beste skodespelar i filmen The Revenant, og internett fryda seg.

DiCaprio nytta høve til å setje fokus på global oppvarming og klimaendringar i takketala si, medan heile verda såg på med hjarter i augo på same vis som Kate Winslet.

Vi kan alle lære litt av DiCaprio:

Oppdatert: onsdag 29. januar 2020 15.26

LES OGSÅ

ANNONSE