12. ETG: Århundrets julekalender: Velkommen til år 2009

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.01.2020 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva skjedde i 2009?

I mai 2009 vert to norske menn arresterte for drapet på sjåføren sin i Kongo, i juni døyr Michael Jackson og i desember kjem Barack Obama til Oslo for å ta imot Nobels fredspris.

2009 er også året som gjorde Twitter til allemannseige. Og sist me ikkje minst: Svineinfluensa.

Dette lytta me til

2009 var eit godt år for norsk musikk. I heile 13 veker nynna me på Donkeyboy-hiten Ambitions.

Låten var nominert til årets hit, og videoen regissert av Kristoffer Borgli vann Spellemannspris for årets musikkvideo:

Videoen handlar om den fiktive sjukdommen Abicere Leprous, som inneber at personar som gjev opp ambisjonane sine mistar huda og døyr.

Då låten skulle lanserast i England var det med ein meir publikumsvennleg versjon, regissert av Brett Sullivan:

Dette såg me på kino

Folk strøymde til kinoane for eit gjensyn med Åsleik Engmark sin legendariske Sid-figur og resten av heltane i Istid 3: Dinosaurene kjem.

Med 859 896 besøkande slo filmen både Max Manus og svenske Menn som hater kvinner.

Dette sa me

Ikkje overraskande vart svineinfluensa kåra til årets ord av Språkrådet.

2009 var året Twitter tok av og substantivet tweet vart kåra til årets ord av American Dialect Society, som i same vendinga kåra verbet å google til tiårets ord.

Dette gjekk me med

Militærjakker, militærjakker og endå meir militærjakker. Både kvinner og menn omfamna trenden som gjekk frå militærgrøne klassikarar, til meir Michael Jackson-inspirerte variantar:

T.v: Denne jakka frå Balmain hadde Rihanna i 2009. T.h: Emile Hirsch i filmen «Taking Woodstock» frå 2009. ©Focus Featuress

Dette lo me av

Denne videoen var den mest sette på YouTube i 2007. Filmen vart først opplasta som ein privat video, for å dela augneblinken med slektningar i USA, men etter at han vart gjort offentleg er han sett over 871 millionar gonger.

https://www.youtube.com/watch?v=_OBlgSz8sSM

I morgonshowet This Morning fortel familien korleis videoen har gitt dei inntekter nok til å sende fire søner på privatskule, utan at mor jobba.

Hovudpersonen Charlie Davies-Carr har fått smaken på Youtube og fortalde i 2017 at han godt kunne tenkja seg ein vidare karriere.

Dette snakka me om

1. Taylor Swift vs. Kanye

Snart 20 år gamal står Taylor Swift på scena under Video Music Awards og får prisen for beste kvinnelege musikkvideo for You belong with me.

Då hoppar Kanye West opp på scena og seier at han er glad på hennar vegner, men at Beyoncé sin video er ein av dei beste gjennom tidene.

Kanye siktar til Beyoncé-låten Single Ladies, som òg var nominert. Seinare på kvelden fekk Beyoncé prisen for årets video og inviterte Taylor Swift opp på scena for å gjere det godt att.

Men skaden var skjedd og dette vart starten på ein lang feide mellom Swift og West.

Året etter framfører ho låten Innocent, som tydeleg er inspirert av hendinga, på same scene, men historia mellom dei to er langt frå over.

2. Rihanna og Chris Brown

Etter ein fest 7. februar 2009 slo Chris Brown sin dåverande kjæraste Rihanna gul og blå. Biletet av den forslåtte superstjerna vart leke av politiet til kjendisnettstaden TMZ og spreidde seg i rekordfart.

Musikar Chris Brown fotografert i ei rettshøyring om overfallet på Rihanna, som den gong var kjærasten hans. Foto: AP Photo/Gina Ferazzi, Pool og politiet

Chris Brown vart dømt til seks månader samfunnsstraff og fem års prøvetid for ugjerninga. Dei to fann saman att for ein kort periode i 2013, men mange trakk eit letta sukk då Rihanna sa: «Boy bye».

3. Alexander Rybak vann Eurovision

Heile Noreg gjekk av hengslene då Alexander Rybak henta heim sigeren i Eurovision 16. mai 2009. Dagen derpå var sjølvaste nasjonaldagen, og vart nesten ei kollektiv felefeiring.

Rybak var favoritt frå starten og henta det heim med 387 poeng, noko som var 169 poeng meir enn andreplassen Island. Han hadde rekorden for flest poeng fram til dei endra poengsystemet i 2016.

Songen handla om Rybak sin ungdomskjærast Ingrid Berg Medhus, som gjorde sin MGP-debut tidlegare i år.