Veke 49 i bilete
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Frå 2.-13. desember er toppolitikarar og byråkratar frå heile verda samla i Madrid for å delta på klimatoppmøtet COP25.
Toppmøtet skulle opphaveleg arrangerast i Santiago, Chile, men på grunn av urolegheitene i landet måtte dei avlysa. 16 år gamle Greta Thunberg brukte to veker på å segla over Atlanteren for å ikkje skada klima og mange var uroa for om ho ville rekkje tilbake til Europa i tide.
Etter ein tre veker lang returseglas ankom Thunberg Lisboa tysdag denne veka. Derifrå tok ho tog til Madrid.
Macron, Johnson og Trudeau ler av Trump
Tysdag var verdas toppleiarar samla til NATO-toppmøte i London. Eit kamerateam fanga opp samtalen mellom Canadas statsminister Justin Trudeau, Frankrikes president Emmanuel Macron og Storbritannias statsminister Boris Johnson.
Trudeau seier om Trump at han var sein fordi han tok ein 40 minutts pressekonferanse på sparket. Han viser til ein felles pressekonferanse mellom Macron og Trump og snakkar om annonseringar presidenten gjorde:
– Du kunne sjå hakene til teamet hans dette i golvet, seier Trudeau.
Sjølv om det ikkje er heilt sikkert kva han siktar til, så kan det dreie seg om Donald Trump sine utsegner om at majoriteten av IS-krigarane kom frå Europa før han hevda at USA tok mesteparten av ansvaret for å sikra dei.
Britane dissar det norske juletreet på Trafalgar Square
Og når me først er i Storbritannia, så må me innom treet. Torsdag denne veka var Oslo-ordførar Marianne Borgen i London under tenninga av julegrana, som er ei gåve frå Oslo kommune til den britiske hovudstaden.
Men britane har ikkje latt seg imponere. Ifølgje NRK vert treet kalla «blodfattig» og samanlikna med ein kvist. Sjå og døm sjølv:
Eit ekte amerikansk juletre
Det norske juletreet var kanskje puslete, men det same kan ikkje seiast om det overdådige treet som vart tent i Washington D.C. torsdag 5. desember.
Donald Trump gav klarsignal om at alle skulle telle ned frå «fem til det veldig spesielle talet» (éin red.anm). Og slik vart resultatet då Melania tente grana:
Russisk bloggar dømt
Bloggaren Egor Zjukov (21) har vorte eit symbol for demonstrasjonane mot russiske myndigheiter i Moskva i sommar.
Økonomistudenten vart fengsla etter å ha lasta opp ein Youtube-video der han kallar Vladimir Putin ein diktator og tyrann, ifølgje The New York Times.
Fredag kom dommen i runde nummer to mot Zjukov. Aktivisten fekk ein tre års dom på vilkår i tillegg til at han ikkje får driva nokre nettsider på to år. I tillegg vert han hindra i å følgja sine politiske ambisjonar og stille til val dei neste seks åra.
Protestane i Hongkong held fram
Førre søndag deltok fleire tusen i ein lovleg demonstrasjon i Hongkongs gater, men demonstrasjonen utvikla seg. Politiet brukte tåregass mot demonstrantane, som dei sa at kasta røykbomber og gjekk utanfor den avtalte ruta, melder den engelskspråklege versjonen av RTHK (Radio Television Hong Kong).
Politiet i Hong Kong har brukt meir enn 10.000 liter tåregass mot demonstrantane i løpet av det siste halve året. Mengdene med tåregass i den tett befolka storbyen gjer at fleire er uroa for helsa til innbyggjarane.
Årets best – og verst – kledde menn
Den nye Hollywood-yndlingen Timothée Chalamet (23) tronar øvst på lista til magasinet GQ, når det kjem til stil. Han kjem framfor stilsikre menn som Brad Pitt, rapparen Lil Nas X og David Beckham.
I andre enden av skalaen har bladet plassert Dominic Cummings, som er den høgre handa til den britiske statsministeren, Boris Johnson.