Veke 49 i bilete

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå 2.-13. desember er toppolitikarar og byråkratar frå heile verda samla i Madrid for å delta på klimatoppmøtet COP25.

Toppmøtet skulle opphaveleg arrangerast i Santiago, Chile, men på grunn av urolegheitene i landet måtte dei avlysa. 16 år gamle Greta Thunberg brukte to veker på å segla over Atlanteren for å ikkje skada klima og mange var uroa for om ho ville rekkje tilbake til Europa i tide.

Etter ein tre veker lang returseglas ankom Thunberg Lisboa tysdag denne veka. Derifrå tok ho tog til Madrid.

Greta Thunberg på veg inn til Lisboa med seglbåten La Vagabonde tysdag 3. desember 2019. Foto: Pedro Rocha

Macron, Johnson og Trudeau ler av Trump

Tysdag var verdas toppleiarar samla til NATO-toppmøte i London. Eit kamerateam fanga opp samtalen mellom Canadas statsminister Justin Trudeau, Frankrikes president Emmanuel Macron og Storbritannias statsminister Boris Johnson.

Trudeau seier om Trump at han var sein fordi han tok ein 40 minutts pressekonferanse på sparket. Han viser til ein felles pressekonferanse mellom Macron og Trump og snakkar om annonseringar presidenten gjorde:

– Du kunne sjå hakene til teamet hans dette i golvet, seier Trudeau.

Sjølv om det ikkje er heilt sikkert kva han siktar til, så kan det dreie seg om Donald Trump sine utsegner om at majoriteten av IS-krigarane kom frå Europa før han hevda at USA tok mesteparten av ansvaret for å sikra dei.

Storbritannias prinsesse Anne, kom inn i samtalen mellom Canadas statsminister Justin Trudeau (t.v), Storbritannias statsminister Boris Johnson og den franske presidenten Emmanuel Macron og den nederlandske statsministeren Mark Rutte. Foto: Yui Mok/Pool via AP

Britane dissar det norske juletreet på Trafalgar Square

Og når me først er i Storbritannia, så må me innom treet. Torsdag denne veka var Oslo-ordførar Marianne Borgen i London under tenninga av julegrana, som er ei gåve frå Oslo kommune til den britiske hovudstaden.

Men britane har ikkje latt seg imponere. Ifølgje NRK vert treet kalla «blodfattig» og samanlikna med ein kvist. Sjå og døm sjølv:

Den årlege julegrana, som er ei gåve frå Oslo til London på grunn av hjelpa me fekk under andre verdskrigen, fall ikkje i smak. Her er ho fotografet dagen før den høgtidelege tenninga, torsdag 5. desember. Foto: Victoria Jones/PA via AP

Eit ekte amerikansk juletre

Det norske juletreet var kanskje puslete, men det same kan ikkje seiast om det overdådige treet som vart tent i Washington D.C. torsdag 5. desember.

Donald Trump gav klarsignal om at alle skulle telle ned frå «fem til det veldig spesielle talet» (éin red.anm). Og slik vart resultatet då Melania tente grana:

President Donald Trump og førstedame Melania Trump stod for den offisielle julegrantenninga i Washington D.C torsdag 5. desember. Foto: Manuel Balce Ceneta

Russisk bloggar dømt

Bloggaren Egor Zjukov (21) har vorte eit symbol for demonstrasjonane mot russiske myndigheiter i Moskva i sommar.

Økonomistudenten vart fengsla etter å ha lasta opp ein Youtube-video der han kallar Vladimir Putin ein diktator og tyrann, ifølgje The New York Times.

Fredag kom dommen i runde nummer to mot Zjukov. Aktivisten fekk ein tre års dom på vilkår i tillegg til at han ikkje får driva nokre nettsider på to år. I tillegg vert han hindra i å følgja sine politiske ambisjonar og stille til val dei neste seks åra.

Den russiske studenten og aktivisten Egor Zjukov vart møtt av presse og tilhengarar utfor rettssalen i Moskva etter dommen fredag 6. desember. Han kritiserte det russiske rettsystemet for å vera eit verkty for undertrykking. Foto: AP

Protestane i Hongkong held fram

Førre søndag deltok fleire tusen i ein lovleg demonstrasjon i Hongkongs gater, men demonstrasjonen utvikla seg. Politiet brukte tåregass mot demonstrantane, som dei sa at kasta røykbomber og gjekk utanfor den avtalte ruta, melder den engelskspråklege versjonen av RTHK (Radio Television Hong Kong).

Politiet i Hong Kong har brukt meir enn 10.000 liter tåregass mot demonstrantane i løpet av det siste halve året. Mengdene med tåregass i den tett befolka storbyen gjer at fleire er uroa for helsa til innbyggjarane.

Protestane har i Hong Kong har vart i eit halvt år og dei store mengdene tåregass uroar fleire. Foto: AP Photo/Vincent Thian

Årets best – og verst – kledde menn

Den nye Hollywood-yndlingen Timothée Chalamet (23) tronar øvst på lista til magasinet GQ, når det kjem til stil. Han kjem framfor stilsikre menn som Brad Pitt, rapparen Lil Nas X og David Beckham.

I andre enden av skalaen har bladet plassert Dominic Cummings, som er den høgre handa til den britiske statsministeren, Boris Johnson.

Skodespelar Timothée Chalamet (23) vart kåra til årets best kledde mann av GQ Magazine, medan den politiske rådgjevaren til Boris Johnson, Dominic Cummings kom nedst på lista. Foto: Richard Shotwell/Invision/AP og AP/Alberto Pezzali