7. ETG: Årtusenets julekalender: Velkommen til år 2005

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 29.01.2020 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva skjedde i 2005?

2005 var som dei fleste andre år fulle av hendingar og viktige ting. Orkanen Katrina og bomber på t-bana i London pregar nyhendebiletet, pave John Paul II døyr og den nye paven Pope Benedict XVI tek over. I Noreg hadde me fleire ekstremstormar og byrja med nasjonale prøvar.

Grey’s Anatomy kom på TV-skjermane for fyrste gong. Google Earth vart lansert, og om du las gårsdagens julekalenderluke, veit du også at Youtube vert lansert dette året, etter at gründer Jawed Karim opplevde noko frustrerande i 2004.

Dette lytta me til

Songen som låg flest veker på toppen av VG-lista var «Schnappi, das kleine Krokodil» av Schnappi med Joy Gruttmann.

Kjelde: VG-lista førsteplassar

Dette såg me på kino

Charlie og sjokoladefabrikken hadde 746 629 kinobesøkande.

På andre- og tredjeplass var Madagaskar og Harry potter og Ildbegeret

Kjelde: Kinotoppen til MedieNorge

Dette sa me

Årets nyord var: Ballbinge. Årets slanguttrykk var: Life Hack, som kanskje kan skildrast som smarte tips og triks i livet. Korleis ein veit om eit egg er gamal eller eit batteri brukt opp, eller anna nyttig eller totalt ubrukeleg informasjon.

Dette hadde me på oss

Boho-stilen var inn med poncho, gipsy-skjørt og sjølvsagt disc-belte: Svære, runde plater som utforma eit belte.

Dette lo me av

Chuck Norris var overalt på internett i 2005. Skodespelaren frå Texas Rangers, hadde også vore i militæret, hadde kamptrening, kunne karate og opna fleire karateskular.

Hans tøffe utstråling førte til «Chuck Norris Facts». Ekstreme, rå, tøffe, ummeneskelege fakta.

I Noreg førte desse meme-ane til at ein byrja gjera det same med våre eigen villmarking: Lars Monsen. Og du kan framleis lesa nokre av “Faktaane” om han her: larsmonsenfacts.com.

Dette snakka me om

1. Brangelina og team Jennifer

I 1998 gifta skodespelarane Jennifer Aniston og Brad Pitt seg. Det vart stor merksemd rundt superparet og verken media eller fans kunne få nok av dei. I 2000 gifta dei seg.

Bilete frå 2000: Brad Pitt og Jennifer Aniston på premieren av “Erin Brockovich”. Foto:AP Photo/Chris Pizzello, File

Men i 2005 vart drømmeparet skild, og knuste tusenvis av hjarter rundt om i verda.

Så kom Mr. and Mrs. Smith på kinolerreta, og alle skjønte at det måtte vera noko meir på gong.

Pitt innrømte at han vart forelska i Angelina Jolie medan han framleis vart gift med Aniston, og verda vart delt i to: Team Angelina og Team Jennifer.

Men no var Angelina Joile og Brad Pitt var blitt eit par, og Brangelina var skapt. Couple goals!

Heilt til dei tok ut separasjon i 2016.

2. Kanye West outar president Bush

Året før 2005 ga Kanye West ut si første plate The College Droput, og oppnådde litt kjendisstatus. Dette året ga han ut ei ny plate, men han vart kanskje best hugsa for at måten han kritiserte president George W. Bush for responsen i møte med orkanen Katrina. 

Ein million menneske måtte evakuerast frå New Orleans og 1833 personar vart stadfesta omkomne på grunn av orkanen.

– George Bush bryr seg ikkje om svarte folk, sa han på riksdekkande TV.

TV-sendinga var ei innsamling for offera etter orkanen, og han skulle eigentleg halda seg til eit førehandsskrive manus. Men det droppa han altså, og gav dette sitatet og ei lengre tankerekke om rasisme i staden.

3. Tom Cruise klikkar på Oprah

Tom Cruise var nyforelska i Katie Holmes og visste ikkje kor han skulle gjera av seg sjølv. Det førte til denne merksnodige, og svært minneverdige TV-augneblinken:

Sjå dei andre lukene i Juleheisen