5. ETG: Årtusenets julekalender: Velkommen til år 2003

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 29.01.2020 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva skjedde i 2003?

I 2003 var det mykje som skjedde. Krigen mot Irak starta, Saddam Hussein vert teken til fange, romferga Columbia styrta, Arnold Schwarzenegger vert guvernør i California, Den internasjonale straffedomstolen blir oppretta i Haag, Johnny Cash døyr og Gretha Thunberg blir fødd.

Dette lytta me til

Songen som låg flest veker på toppen av VG-lista var «She’s so high» med Kurt Nilsen. Låta vart også kåra til verdas beste Idol-låt.

Kjelde: VG-lista førsteplassar

Høyr heile lista på Spotify her.

Dette såg me på kino

Oppdrag Nemo. <3

På andre- og tredjeplass var Ringenes Herre: Atter en Kong og Ringenes Herre: To tårn.

Kjelde: Kinotoppen til MedieNorge

Dette sa me

Årets nyord var: Henteekteskap. Årets slanguttrykk var: Chillax (slapp av).

Dette hadde me på oss

Dette var hatteåret! Der ein anten gjekk med von Dutch-caps eller Baker boy-hue. Von Dutch har i nyare tid fått eit comeback, etter at Kylie Jenner byrja bruka dei.

Actor Ashton Kutcher med «Baker boy hat». Han gjekk også mykje med Von Dutch-capsane. Foto: AP Photo/Mark J. Terrill

Dette lo me av

15 år gamle Ghyslain Raza frå Canada, vart ufrivillig verdskjend då klassekameratane lasta opp denne videoen. I dag held han foredrag for å visa kva det kan gjera med folk å få enorm merksemd frå internett, etter han mottok mengder med hets og hat.

Ein reknar at filmen er blitt sett omlag ein milliard gonger. Det er umogleg å vite nøyaktig, sidan den vart lasta opp til internett før Youtube eksisterte.

Dette snakka me om

1Idol til Noreg – Noreg til World Idol

Dette var året Idol kom til Noreg. Rørleggaren frå Bergen fekk smelta ikkje dommarane heilt på første audition, men kom vidare og sjarmerte landet med mellomrom mellom fortenna og ei raspa røyst. Ikkje minst, kom han seg til World Idol.

Omlag 100 millionar tv-sjåarar frå 20 land såg den internasjonale finalen av «World Idol». Elleve Idol-vinnarar konkurrerte og Kurt Nilsen var sistemann på scenen der han song U2-låta «Beautiful Day».

Han vart hylla for stemma, men ikkje alle likte utsjånaden heilt.

– Du syng som ein engel, men ser ut som ein hobbit, sa dommar Ian Dickson.

Storfavoritten var Kelly Clarkson frå USA, men tapte mot Kurt Nilsen. Dette overraska fleire, og etter dette har me ikkje høyrt meir om World Idol og det vart aldri arrangert igjen…

https://www.youtube.com/watch?v=UJl7qz-erBo

2. «The Tribe» på «Etter skoletid»

Tenåringane gjekk mann av huse (pilte heim frå skulen) for å sjå denne serien.

I The tribe er plottet at verda gått under og alle dei vaksne er døde. No må ungdomen rydde opp.

Med krigsmaling i andlete og tilhøyrande, fargerik klesstil var det mange som lot seg inspirera og byrja gå slik sjølv.

3. Martin Schanche (Frp) slår ungdomspolitikar (AUF)

Tidlegare rallykjørar, og den gong Frp-politikar, Martin Schanche takla ikkje heilt å vera skuledebattant. Kanskje ikkje så rart, sidan han meinte at han ikkje ante at det var ein skuledebatt han skulle delta på.

Under debatten vart han meir og meir irritert på dei andre ungdomspolitikarane, og til slutt braut han og gjekk av scena. Etter debatten vert han intervjua og i det han skal gå, er det fleire av ungdomane og ungdomspolitikarane som ropar at han er feig. Då kjem knyttneven fram i ein rasande fart, og Schanche slår til ungdomspolitikar Torgeir Michaelsen (AUF).

Sjå dei andre lukene i julekalenderen her!