4. ETG: Årtusenets julekalender: Velkommen til år 2002

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 29.01.2020 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva skjedde i 2002?

I 2002 var det mykje som skjedde. Du har kanskje gløymt det i alt Durek-styret, men dette året gifta prinsesse Märta Louise seg med Ari Behn og på tampen av året fekk alle høyra sansgtemma til prinsessa i «En stjerne skinner i natt».

Samstundes starta Kari Traa opp sitt eige klesmerke, Tore Tønne-saka dominerte nyhenda, Euro var innført som fysiske pengar, Kjell Aukrust og Astrid Lindgren døydde, Halle Berry var den første svarte til å vinne Oscar for beste skodespelarinne, og den første mobilen med kamera vart lansert i USA.

Dette lytta me til

Songen som låg flest veker på toppen av VG-lista var «Asereje (The Ketchup song) av Las Ketchup.

Kjelde: VG-lista førsteplassar

Høyr heile lista på Spotify her.

Dette såg me på kino

Ringenes Herre – Ringens brorskap 

På andre- og tredjeplass var Harry Potter og mysteriekammeret og Istid. Ja. Istid. Den aller første.

Kjelde: Kinotoppen til MedieNorge

Dette sa me

Årets nyord var: SMS. Årets slanguttrykk var: «hella» som betyr veldig (kjem frå a hell of a…)

Dette hadde me på oss

Vest. Jenter, gutar, alle hadde på seg vest.

Dette lo me av

Som du kanskje har forstått: et var ikkje så veldig mykje på internett enno. Så det var denne som gjekk viralt i 2002.

 

Dette snakka me om

1. Bård Tufte Johansen sitt kyllingstunt

Sidan Gro Harlem Brundtland gjekk av som leiar i Arbeidarpartiet, starta ein leiarkamp, etterkvart mellom Jens Stoltenberg og Thorbjørn Jagland i hovudrollene.

I 2002 var presset frå både media og maktkampen blitt så stort at Jagland kollapsa 15. januar og vart sendt på sjukehus.

Utanfor Rikshospitalet sette TV 2 opp direktesending. Reportaren fortel om tilstanden til Jagland, når ein kyllingkledd Bård Tufte Johansen kjem inn i ruta og forstyrrer med kaklande lydar, noko som vekte svært mykje merksemd.

Han har fortalt at stuntet var meint som mediekritikk, til eit innslag som skulle sendast i programmet «Åpen Post».

– Først plagar ein nokon til dei stupar, så står ein ved sjukesenga og snakkar medfølande om kor hardt vedkomande har blitt plaga, sa han i Åpen post-sendinga etter.

2. Justin Timberlake og Britney Spears i denim

Ein av dei mest minneverdige augneblinkane på den raude løparen til dags dato. For oss som var unge på den tida, er dette eit ikonisk syn me aldri kjem til å gløyma.

Britney Spears og Justin Timberlake dukka opp på American Music Awards i matchande denim frå topp til tå. Tidenes #relationshipgoals.

Fleire kjendispar har seinare prøvd å gjenskapa dette, men ingenting slår Britney og Justin! For å sitera Miley Cyrus: «I want a boyfriend that will wear jean on jean on jean with me.»

3. Michael Jackson  – Balkong-skandalen

Under eit opphald i Berlin, tok Michael Jackson med seg sin ni månadar gamal son ut for å helsa på fansen. Han løfta sonen Blanket (Prince Michael Jackson II) og haldt han over rekkverket, med berre ein arm rundt sonen som dingla med føtene i lufta.

Folk skreik og mange var redde for at han skulle mista barnet. Dette førte til enorme reaksjonar, og Jackson kom snart med ei unnskulding.

– Eg vart riven med av stemninga i augneblinken. Eg ville aldri ha sett livet til barna mine i fare med vilje, sa han ifølgje BBC.

Sjekk ut resten av julekalenderen