3. ETG: Årtusenets julekalender: Velkommen til år 2001

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 29.01.2020 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva skjedde i 2001?

I 2001 var det mykje som skjedde. Det største er utan tvil 9/11, terrorangrepet i USA som på mange måtar endra «alt».

Her i Noreg møtte 40.000 opp i fakkeltog etter det rasistiske drapet på Benjamin Hermansen. I tillegg starta rettsaka i Orderud-saka, Ylvis kom på TV for første gong, sushi vart omtalt som det mest trendy ein kunne ete, Søviknes-saka dominerte nyhenda, Wikipedia vart lansert – og Billie Eilish vart fødd.

Dette lytta me til

Songen som låg flest veker på toppen av VG-lista var «Can’t Get You Out of My Head» av Kylie Minogue.

Kjelde: VG-lista førsteplassar

Høyr heile lista på Spotify her.

Dette såg me på kino

Elling med Per Christian Ellefsen og Sven Nordin i hovudrollene. Filmen vart Oscar-nominert, og er basert på den tredje romanen om «Elling» – Brødre i blodet av Ingvar Ambjørnsen.

I tillegg kom den første filmen av Harry Potter (and the Philosopher’s Stone) og The Lord of the Rings: The Fellowship of the Ring, den første i trilogien. Og Monsters Inc., då.

Kjelde: Kinotoppen til MedieNorge

Dette snakka me om

Årets nyord var: Barista. Årets slanguttrykk var: Whail tail. Som skildrar når ein ser g-strengen stikke ut frå den sjukt low cut-buksa di.

Dette hadde me på oss

Den første MP3-spelaren i verda kom i 1997, men det var ikkje før iPoden kom at dette vart allemannseige.

iPoden slo alle andre musikkspelarar, den hadde eit mekanisk scrolle-hjul og lagringskapasitet på 10 GB.

Dette lo me av

One does not simply-memen kom!

Som sjølvsagt kjem frå Ringenes herre: 

Dette snakka me om

1. Kronprinsbryllaupet lokkar nordmenn til TV-skjermane

Dette er noko dei aller fleste av oss hugsar, uavhengig av alder. Vårt Charles+Diana, eller Kate+William-augneblikk.

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit. Her i på veg opp Karl Johan til Slottet etter vigsla. Foto: Cornelius Poppe / Scanpix

Det hadde vore mykje rabalder rundt dette forholdet, sidan: monarki er konservativt. Ho var aleinemor, hadde ifølgje seg sjølv levd eit «utagerande liv». Dei møttest på konsert under Quart-festivalen i 1999. Alt dette var ikkje alle så begeistra for då dei annonserte forlovinga i 2000.

Tre dagar før bryllaupet haldt dei ein pressekonferanse, med personleg vri og tårer og tankar om fortida. Noreg fall pladask for både ho og vesle Marius.

25. august hadde folk teke seg fri frå jobb for å samlast rundt TV-skjermane og ta del i bryllaupsfesten. Kronprins Haakon og Mette-Marit gjekk saman opp kyrkjegangen i Oslo domkirke, og ga sine ja framfor heile Noreg. Mette-Marit grein, dronning Sonja grein, og det gjorde omtrent alle andre også.

Nær to millionar såg TV-sendinga. Til saman var det over tre millionar som såg augneblinken då dei kom ut av kyrkja, kl 17.59.

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit vart via av biskop Gunnar Stålsett i Oslo Domkirke. Her kyssar brueeparet på kirketrappa etter vigsla. Foto: Lise Åserud / SCANPIX / POOL

Brurekjolen var laga av tjukk silkecrêpe og mjukt silketyll. Skjørtet var utskrådd med to meter langt slep, inspirert av kjolar frå dronning Maud. Sløret var seks meter langt. Diademet Kronprinsessa bar, er frå 1910, ei gåve frå Kongen og Dronninga.

2. Eli Hagen køyrer utfor slottstrappa

Eli Hagen er kanskje mest kjend for mannen ho er gift med, men for mange er denne hendinga ein ting me aldri gløymer.

Elevar frå Hallingdal folkehøyskole på Oslotur tok ein kikk på nedslagsfeltet til fru Hagen dagen derpå for trappeuhellet.
Foto Knut Falch / SCANPIX

15. november 2001 tok ho rett og slett feil, og såg ikkje kor vegen gjekk ned frå slottsplassen. I ein Wolkswagen Golf humpa ho dimed ned dei 17 trappetrinna framfor slottet, før ho kom seg på vegen og kjørte heim.

– Det er helt klart min største tabbe, men det var ein grå haustdag, og det var ikkje mogleg å sjå den trappa. Eg såg den femti centimeter før, og då var det allereie for seint. Eg fokuserte då på å halde bilen på hjula så den ikkje velta. Det gjekk heldigvis fint. Det sa litt «klang, klang», men bilen var heilt fin den, seier ho til tv2.no.

Etterpå skal ho ha begynt å gråta, då ho innsåg at ho kunne ha køyrd på nokon om dei kom gåande i trappa.

I ei sak frå NRK i 2001, fortel slottsforvaltar Thomas Willoch at det hadde skjedd fem-seks gonger i løpet av dei siste 30-40 åra, at folk hadde kjørt ned slottstrappa i bil.

Ein biskop køyrde utfor etter å ha vore i audiens hos kong Olav. I 1986 køyrde ein stor BMW, med ein drita diplomatson frå Sør-Korea ned trappene, og i 1999 kjørte ein drosjesjåfør ned trappa.

Eli Hagen er kjent for sin store frisyre. Her er ho saman med mannen, Carl I. Hagen på veg inn på Nobel-banketten, same år som trappeuhellet.
Foto: Terje Bendiksby / SCANPIX POOL

3. Hotel Cæsar vinn Gullruten

I kategorien «Beste hverdagsdrama/såpe» som i dag er «Beste reality».

Serien gjekk til saman i 34 sesongar, frå 1998 til siste episode i 2017. På ein vanleg kveld frå 1998 til 2004, hadde dei omlag ein halv million sjåarar. På det beste var det over 900.000 som såg på.

Det vart til saman sendt 3123 episodar, noko som gjer det til den lengstlevande såpeserien i Skandinavia, i historia.

Sjå dei andre etasjane i Juleheisen her.