11. ETG: Årtusenets julekalender: Velkommen til år 2008

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.01.2020 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva skjedde i 2008?

Austerrikske kjellarar vart eit skrekkomgrep verda over etter at Josef Fritzl endeleg vart avslørt og dottera Elisabeth frigjort etter 24 år i fangenskap. Og her heime kunne me puste letta ut då Lommemannen vart teken.

2008 var året då finanskrisa slo ut i full blomst, men det var òg eit år fullt av håp.

I USA vart Barack Obama den første svarte presidenten og heile verda følte at «Yes we can», og her heime vart ekteskapslova endra slik at likekjønna ekteskap vart likestilte med ekteskap mellom mann og kvinne.

Dette lytta me til

Låten Beggin’ av duoen Madcon toppa VG-lista i veke etter veke både i 2007 og 2008.

Gutane gjorde òg internasjonal suksess og nådde topplistene i både Storbritannia, Tyskland, Frankrike, Sveits, Tyskland, Frankrike, Polen, Sveits, Russland, Hellas og Belgia.

Men visste du at låta eigentleg er ein cover?

Dette såg me på kino

2008 klinga det i kassaapparata på norske kinoar. Med over 1,1 millionar besøkande var ABBA-musikalen Mamma Mia! den best besøkte filmen på norske kinoar sidan Titanic i 1998.

Eit godt stykke bak kom James Bond-filmen Quantum of Solace og The Dark Knight med over 400.000 besøkande kvar.

I sistnemnte såg me ein legendarisk prestasjon av Heath Ledger, kort tid etter at han gjekk bort <3

På fjerdeplass kjem den norske storfilmen Max Manus, som var den best besøkte norske kinofilmen på 75 år! I løpet av 2008 hadde 403 159 publikummarar sett filmen, og suksessen varte langt inn i 2019.

Dette sa me

Finanskrise: Ordet var på alles lepper og vart kåra til årets ord av Språkrådet.

Photobomb: Ifølgje Urban Dictionary er å photobomb ganske enkelt å uventa hoppa inn i eit bilete før det vert teke, her meisterleg demonstrert av Justin Timberlake.

Dette gjekk me med

Bohemske hårband og rufsete hår.

Pixie Lott rockar stilen med hårband, skjell og rufsete hår. Foto:AP Photo/Matt Dunham

Dette lo me av

Komikar Sarah Silverman si episke avsløring:

Kimmel svara på denne måten:

Dette snakka me om

1. Miley Cyrus sine lettkledde Vanity fair-bilete

Faksimile: Vanity Fair, New York Times

Stjernefotograf Annie Leibowitz sine bilete av Disney-stjerna Miley Cyrus (15) skapte furore i USA og Miley beklaga, men på tiårsjubileet for bileta tvitra ho: «IM NOT SORRY Fuck YOU».

2. Sarah Palin (og SNL-komikar Tina Fey si etterlikning)

Republikanarane sin presidentkandidat John McCain valde Sarah Pailin som sin visepresidentkandidat.

I HBO-dokumentaren John McCain: For Whom the Bell Tolls fortel han at han angrar på at han ikkje valde den frie kandidaten Joe Lieberman, som tidlegare var demokrat. Det kan han ha grunn til då ein studie hevdar ho kosta han 2 millioner stemmer.

Pailin kunne ikkje nemne ei einaste avis ho las. Ho vart fort kjent for ekstremt dårleg kunnskap om geografi og utanrikspolitikk. Senatoren frå Alaska kalla mellom anna Nord-Korea for USA sine allierte og har gullkorn som: «the only thing that stops a bad guy with a nuke is a good guy with a nuke».

Men Sarah Pailin gav oss denne Saturday Night Live-klassikaren frå Tina Fey:

3. Twilight-soga byrjar

Den første Twilight-filmen kom på kino og plutseleg fantaserte ungjenter verda over om anemiske unggutar som glitra i sola.

Filmatiseringa av Stephenie Meyer sin overnaturlege romantiske bokkvartett vart ein enorm suksess og hypen vart ikkje mindre då det vart kjent at Edward Cullen (Robert Pattison) og Bella Swan (Kristen Stewart) også var eit par privat.