10. ETG: Årtusenets julekalender: Velkommen til år 2007

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.01.2020 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva skjedde i 2007?

Året er 2007 og verda byrjar å sjå dei første teikna til finanskrisa, som skulle treffa med full kraft i 2008, men her i Noreg er me mest opptekne av engleskulen til Märtha Louise og Valla-saka.

Dette året fekk også dei fleste av oss Facebook, der me delte festbilete og statusoppdateringar om kva me åt til middag.

Dette lytta me til

Alle sang på Mika sin «I wanna be like Grace Kelly…» og sjølvsagt monsterhiten «Umbrella-ella-ella-ey-ey-ey», som toppa lister verda over i veke etter veke:

Robyn Rihanna Fenty var 19 år gammal då ho gav ut låten som gav ho sin aller første Grammy og etablerte imaget som «good girl gone bad».

Låten er skriven av mellom andre Jay-Z, som bidreg på rap-sida og er på Rolling Stone si liste over dei 500 beste gjennom tidende. Først tenkte låtskrivarane å tilby låta til Britney Spears, som hadde ein synkande status på den tida, men heldigvis for Rihanna gjekk det ikkje slik.

Dette såg me på kino

Over éin halv million nordmenn (558.589) trekte til norske kinoar for å sjå Harry Potter og Føniksordenen, som er basert på den femte Harry Potter-boka.

Kanskje endå viktigare er det at Harry Potter and the Deathly Hallows, den sjuande og siste Harry Potter-boka kjem ut til glede og fortviling for fansen. Det var full Pottermania. I USA vart 1 million eksemplar av boka førehandsselde og i løpet av dei første 24 timane vart 15 millionar selde på verdsbasis.

Er du ein av dei som saknar Harry Potter-universet? Prøv deg på vår Potter-quiz!

Det var rett og slett året for store blockbuster-oppfølgjarar. På andre og tredjeplass på kinolista kjem nemleg Pirates of the Caribbean – At World’s End og Shrek Den Tredje.

Dette sa me

«w00t» er eit gledesutrykk for gamerar, som vart allemannseige i 2007. Ordboka Meriam-Webster kåra slang-uttrykket til årets ord, så…

2007 var året før Språkrådet byrja med førjulstradisjonen der dei kårar årets ord, men NRKs kommentator Gunnar Myklebust kåra klima til årets ord 2007.

«Det er nesten underleg korleis kloden har vakna dette året. Korleis kunnskapen og kompetansenivået i løpet av kort tid er kraftig heva både blant dei som styrer oss og alle oss andre,» skreiv Myklebust i kommentaren.

Klimaendring, klimagassar, klimakatastrofar og klimatiltak er altså ikkje ei 2019-oppfinning. Dette var året då FNs klimapanel og Al Gore fekk Nobels fredspris, men så gløymde me visst heile greia.

Dåverande leiar i FNs klimapanel Rajendra Pachauri (t.h.) og tidlegare visepresident Al Gore fekk Nobels fredspris 2007 for sitt klimaengasjement.Al Gore skapte merksemd rundt klimaendringar med dokumentarfilmen «En ubehagelig sannhet» i 2006. Foto: Jarl Fr. Erichsen / SCANPIX

Dette gjekk me med

Små vestar og låge bukser med sleng.

Skodespelar Kate Hudson snakkar med MTV-programleiar Damien Fahey under “Total Request Live”. Foto: AP Photo/Paul Hawthorne

Dingsen ville alle ha

9. januar stod han der, Steve Jobs, og endra teknologihistoria. Åtte år etter at Apple lanserte iPod, som endra lyttevanane våre, kom iPhone og endra kvardagen vår for alltid.

Det var verkeleg halleluja-stemning i salen då Jobs lanserte sin revolusjonære telefon – ein iPod, ein telefon og internettkommunikasjon i eitt:

Tusenvis av menneske stod i kø for å kjøpa telefonen då han kom på marknaden i USA i juni 2007, fleire månadar før lanseringa i Europa. Modellen med 4GB kosta 499 dollar, medan versjonen med 8GB kosta 599.

Dette lo me av

Etter at Dave Roth fotograferte si fire år gamle dotter Zoe framfor eit brennande hus tok internett fyr. Blikket seier alt og biletet er vorte reprodusert til tallause memes.

I 2016 intervjua Refinery29 Zoe og far hennar om kjendisstatusen. Den då 16 år gamle jenta tykte biletet berre var artig, så lenge det ikkje var sett i samanheng med Hitler eller det sørstatsflagget.

Dette snakka me om

Los Angeles County Sheriff’s Department gav ut dette biletet av Lindsay Lohan etter at ho vart arrestert for køyring i påverka tilstand. Foto: AP Photo/LA County Sheriff’s Department

1. Lindsay Lohan på køyret

Skodespelaren kjent for klassikarar som Foreldrefellen og Mean Girls var bokstaveleg talt ute å køyre i 2007.

Året starta med hennar første rehab i januar. I mai vert ho teke for fyllekøyring etter å ha mista kontrollen over Mercedesen sin. Berre nokre månadar seinare er ho ute på køyretur igjen, utan førarkort, men med både promille og kokain.

Og straffa? Lohan vart dømt til éin dag i fengsel, ti dagar samfunnsteneste, tre års prøvetid, bot og behandling.

Kor lenge sat ho inne? 84 minutt! (Sheriffen forklarte at fengselet var overfylt.)

2. David Hasselhoff et ein hamburger

Også åttitalshelten The Hoff var på køyret. Berre dagar før ho fylte 17 år delte dottera Taylor-Ann Hasselhoff ein video av David Hasselhoff der han et burger i baris på golvet:

I eit intervju med Inside Edition frå 2016 seier Hasselhoff at han syntest det var morosamt.

– Eg trudde det ville forsvinna, men det forsvann ikkje. Det vart større og større og større, seier han vidare.

3. Britney barberer håret

16. februar 2007 kjem ein person følgt av eit koppel av paparazziar inn i frisørsalongen til Ester Tognozzi. Kunden som kjem inn ber om at frisøren tek alt håret hennar, men frisøren fryktar ho skal bli saksøkt og nektar. Britney Spears tek sjølv barbermaskina og rakar av seg håret framfor fotografane.

Verda trur ikkje sine eigne auge. Og så kom denne helten inn og kjempa for prinsessa:

Allereie same år kom popstjerna hardt tilbake med: «It’s Britney, bitch!» Og jo meir åra går, jo meir verkar det som verda forstår.

Lyst på meir Britney? Sjekk ut denne svenske musikkdokumentaren!