2. ETG: Årtusenets julekalender: Velkommen til år 2000

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 29.01.2020 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva skjedde i 2000?

I 2000 vart Lærdalstunnelen opna, Putin vart innsett som president i Russland, Bush vann i USA og Jens Stoltenberg si første regjering tredde i kraft.

Samstundes brukte land i Vest-Europa millionar på å få internett på mobilen, sjølv om ingen visste heilt kva det skulle brukast til. Og kongen snakka om klimaendringar i nyttårstalen sin.

Kve meir skjedde?

Dette lytta me til

Songen som låg flest veker på toppen av VG-lista var Sonique – It Feels So Good.

Høyr heile lista på Spotify her.

Dette såg me på kino

Filmen som var mest sett på kino var Mission: Impossible 2, med 449 390 kinogåarar.

På andre, tredje og fjerdeplass var American Beauty, Erin Brockovich og Toy story 2.

Dette sa me

Årets slanguttrykk var: Wassuup? som kom frå ein Scary movie-parodi av ein reklame. 

Dette hadde me på oss

Buffalo-sko: Spice Girls fekk oss alle til å villa ha Buffalo-sko med 10 cm høge sålar. Og det ser ut til at desse har fått eit comeback for tida!

Dette lo me av

Enno var ikkje internett allemannseige, og årets meme var ein av dei første meme-ane på nett. Forgjengaren til dei såkalla «Image macro meme» (bilete med tekst i tjukk skrift over), som vi er meir vande med i dag.

«All your base are belong to us» er ei kjend setning frå introen til den engelskspråklege versjonen av videospelet Zero Wing frå 1989. Introen er sett om frå japansk til engelsk, av folk som ikkje heilt kunne engelsk setningsoppbygging.

Utover 2000 gjekk dialogen viralt i ulike diskusjons-forum og vart verdskjend.

Dette snakka me om

Det var særleg tre hendingar som prega året:

1. Verda enda ikkje med Y2K

Då me bikka over frå 1999 til 2000 heldt mange over heile verda pusten. Ingen visste korleis datasystema ville takla å byrja på eit nytt årtusen, all den tid alt var laga for 1900-talet. 

2000-problemet eller Y2K, viste seg å ikkje vera eit problem likevel, og datamaskinane tikka vidare totalt urørte av millenniumsskiftet. 

2. Første episode av Big Brother i USA

https://www.youtube.com/watch?v=FxbA82B4CCY&t=11s

Det gjekk først ein sesong i Nederland i 1999, før konseptet vart snappa opp og sendt i USA. Då var det gjort. Reality-TV var skapt og endra underhaldningsvanane våre derifrå.

Før dette var det også «vanlege folk» på TV av og til, men dette var første gong folk var på TV og berre var. Med internett kunne ein live-streame dei, 24 timar i døgeret.

Ti folk, isolert frå verda, i ein spesialbygd heim med kamera over alt. Det var eksperimentet, som no har gått på TV over heile verda i snart 20 år.

3. Nokia 3310 kjem på marknaden

Kanskje verdas mest legendariske mobiltelefon vert lansert. Mobilen som ein følte ikkje kunne knusast og aldri døydde av batterimangel. Og det var nesten sant. I standby kunne den leva i 245 timar. Ti dagar.

Dette var i ei verd der tastaturet var nummer og ekte tastar. Skjermen hadde to fargar: grøn og svart. Og alle spelte Snake. Det var også ei tid der ein vanleg SMS kunne ha maks 153 teikn. På Nokia 3310 kunne ein kombinera tre meldingar og få heile 459 teikn. Ein måtte likevel sletta meldingar i innboksen konstant, for å ha plass til å motta nye.

Og å få til å ta på tastelås var ein bragd du måtte hjelpa foreldra dine med å få til (i tillegg til lydlaus).

I tillegg til Snake, vart også gaming stort no. Sjølv om gaming kan skrivast tilbake til 70-talet, var det no det verkeleg spreidde om seg. Nintendo selde sin 100.millionte Gameboy som hadde fått alle hekta på å samla Pokemon. Same år kom Game Boy Advance og Playstation 2 ut, og ikkje minst vart det første The Sims lansert.