Fylkesordførarkjede med QR-kode

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein jekt, eit eple, ein fjordhest, ei hardingfele, ein tunnel og Bryggen i Bergen er blant dei symbola som er å finne på fylkesordførarkjeda til Vestland. Kjeda er samansett av 16 symbol som skal representere storfylket.

QR-koden skal representere den teknologiske utviklinga i fylket, og skal kunne føre til ei side med informasjon om ordførarkjeda dersom ein skannar koden.

Prislapp på 320.000 kroner

Kjeda er laga av Fjordsylv AS i Vik, og sylvsmed Knut Mykkeltvedt og biletkunstnar Åse Bjørnestad Dale i Aurland har samarbeidd om oppgåva. Kjeda har ein prislapp på om lag 320.000 kroner, skriv BT.

Det nye fylkesordførarkjede for Vestland har 16 symbol som skal representere regionen. Foto: Morten Wanvik / Vestland fylkeskommune

I tillegg til fylkesordførarkjeda er det 28 ordførarkjede i Vestland som skal pensjonerast etter jul, og 8 nye skal på plass. Dei fleste kommunane har ei ramme på mellom 150.000 og 200.000 kroner, medan det dyraste vil koste opp mot 350.000 kroner.

Vestland fylke blir konstituert i Håkonshallen i Bergen tysdag, og Jon Askeland (Sp) blir fylkesordførar for det nye fylket.

QR-kode

  • Er ein todimensjonal strekkode, designa i 1994.
  • Ein maskinlesbar optisk etikett, som inneheld informasjon.
  • Ofte fører koden til ein nettstad.
  • Er sett saman av svarte firkantar i eit mønster, på kvit bakgrunn.
  • Kan lesast av eit kamera til dømes.