Josefine Frida Pettersen, best kjent som Noora frå «Skam», er av filmfestivalen i Toronto valt ut som «Rising Star». Dermed får ho møte agentar frå Hollywood. Dette er første gong ein norsk skodespelar får denne æra.
NPK-NTB
NPK-NTB

Pettersen spelar hovudrolla i den nye norske filmen «Disco» som kjem til hausten. Filmen er filmdebuten hennar og er valt ut til to av dei viktigaste filmfestivalane i verda – i Toronto og San Sebastian, ifølgje NRK.

Torsdag vart det kjent at Pettersen er valt ut som ein av årets «Rising Stars».

– Eg hadde aldri forventa det. Det kom som ei stor overrasking, seier Pettersen til NRK.

«Rising Stars» er eit talentprogram som kvart år vel ut unge skodespelartalent som mellom anna får møte castingansvarlege, produsentar og regissørar frå internasjonal filmbransje.

– Ein kan jo aldri vite kva ein går til når ein ikkje har gjort det før, men eg tenker at ein må vere open for det som kjem og vere interessert. Dersom det kjem fleire tilbod om roller ut av det i ettertid, er det berre ein bonus, seier ho.

Filmen «Disco» er regissert av Jorunn Myklebust Syversen. Han handlar om 19 år gamle Mirjam som er verdsmeister i disko- og freestyle dans og ungdomsleiar i forsamlinga Fridommen.

Ein kollaps på dansegolvet under ein konkurranse utløyser fortrengde minne om familien og barndommen, og Mirjam byrjar å tvile på trua si. (©NPK)

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE