Norsk katastrofefilm frå Nordsjøen kjem hausten 2021
Ein ny storfilm, som tar opp arven etter «Bølgen» og «Skjelvet», er på gang. «Nordsjøen» blir ein spenningsfilm frå norsk oljemiljø.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er ikkje berre NRK-serien «Lykkeland» som djupdykkar i det norske oljeeventyret. No blir det også planlagt ein ny storfilm frå «norsk sokkel» – med planlagt premiere hausten 2021.
Manusforfattarane Harald Rosenløw Eeg og Lars Gudmestad står bak nokre av dei største filmane i norsk filmhistorie. Dei skal no fabulere fram ei forteljing som både er i drama-, action og katastrofesegmentet. Handlinga blir sett til den norske oljebransjen.
Manusforfattarane sjølve seier dette i ei felles fråsegn:
– Forfattarhjertane våre ligg både i det å leike oss med det spennande «kva om-scenarioet» – og i å skildre vanlege menneske som blir setje på store prøvar.
I pressemeldinga seier dei vidare:
– Vi gler oss også til å jobbe med regissør John Andreas Andersen igjen, og veit at han kjem til å gjere manuset vårt om til ein medrivande og spektakulær filmoppleving».
Ifølgje pressemeldinga frå Fantefilm skal filmen ta seg inn i «ein høyteknologisk bransje som heile tiden balanserer på grensa av det umulege på ein av klodens mest ugjestmilde arbeidsplasssr».
– Menneskeleg svikt får fatale konsekvensar, og mange liv har gått tapt i jakta på det svarte gullet. Dyreliv og natur blir også påført enorme skader når ting går galt. Likevel har slike ulykker blitt ein risiko vi har valt å leve med fordi gevinsten er for stor til å la vere» , heiter det vidare.
– Spørsmålet er kor lenge oljeeventyret vårt vil vare, og ikkje minst korleis det vil ende. Om vi kjem til å setje ein sluttdato, eller om naturen vil gjere det for oss, seier Martin Sundland, produsent i Fantefilm Fiksjon.
Så langt er det ikkje kjent kven som får hovudrollene i «Nordsjøen». (©NPK)