Norsk skrekkfilm på kinotoppen i USA
André Øvredals siste skrekkfilm slår an i USA og spelte inn langt over forventningane med nesten 21 millionar dollar premierehelga. Det heldt til 2.-plass.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Filmen, som hadde budsjett på 28 millionar dollar, har dermed spelt inn 75 prosent av utgiftene allereie, og mykje meir enn forventningane om 15–17 millionar opningshelga på dei 3.000 kinoane i USA.
Øvredal, mest kjent for suksessen med «Trolljegeren» i 2010, får så langt 81 prosent på nettstaden Rotten Tomatoes, som samlar filmmeldingar.
Einaste som gjorde det betre på lista over mest sette filmar sist helg, var «Fast & Furious: Hobbs & Shaw».
Også i Noreg var «Scary Stories To Tell in The Dark» nest mest sett av premierefilmane, etter «Angry Birds 2». (©NPK)